Emnet skal gjøre studentane kjent med omgrepsapparatet innan føretaksstrategi, gi innsikt i den strategiske leiingsprosessen, samt gi ei innføring i aktuelle strategiske muligheter. Studentane skal få bransjeinnsikt ved gjennomgang og presentasjon av eksempel frå bransjar og bedrifter, tilpasset studiets profilering. Emnet skal vise samanhengen i dei andre emna i studiet. Dette vil danne eit grunnlag for generelt å øve opp til strategisk tenking.
3-4 timar forelesing i veka i vårsemesteret.
Dei elementa som skal dekkast er:
-
Strategiomgrepet i eit historisk perspektiv
-
Strategiprosessar - den strategiske leiingsprosessen
-
Visjon, forretningsidé(ar), verdiar og mål
-
Strategiske forretningsområde
-
Strategianalysar (eksterne faktorar - omgjevnader, interne faktorar - ressursar) og strategiske muligheter
-
Differensiering, val av målgrupper, posisjonering og profilering, samt porteføljeanalysar
-
Strategievalueringar og -val
-
Konsernstrategiar
-
Strategi og etikk
Studenten skal i løpet av semesteret sette seg inn i eit godkjent case og skal i samband med dette gjere sine eigne vurderingar. Arbeidet dokumenterast skriftleg. Andre del er ein skriftleg sluttprøve utan hjelpemidlar, 4 timar. Individuell karakter på begge deleksamenane. Kvar del tel 50 % av sluttkarakteren. Alle delprøver må vere bestått.