AF / Institutt for ø... / 5210 Marknadsanalyse og prosjektarbeid, reiseliv  

5210 Marknadsanalyse og prosjektarbeid, reiseliv

Hovedemnekode:
5210

Emnenavn:
Marknadsanalyse og prosjektarbeid, reiseliv

Avdeling:
Avdeling for allmenne fag


Institutt:
IØI


Studiepoeng:
20,00

Varighet:
Eitt semester (vår)

Nivå:
Bachelor

Forkunnskaper:

5203 Marknadsføring og 5402 Reiselivsøkonomi/reiselivsgeografi.

Læringsmål:

Emnet skal gi studentane øving i å gjennomføre eit større prosjektretta arbeid.

Organisering:

Undervisning og rettleiing i vårsemesteret av individuelle og gruppevise oppåver etter eit nærare fastsett program.

 

Innhold:

Prosjektarbeidet går ut på å løyse utredningsproblem innan reiselivet, men ikkje daglege driftsoppgåver i reiselivsverksemder eller i tilhøva for reiselivsverksemder. Studentane skal arbeide sjølvstendig, men under rettleiing av faglærar. Prosjektarbeidet skal gi studentane høve til å løyse større oppgåver som krev innsamling og analyse av data og rapportering av samansette problem. Arbeidet skal vere realistisk og problemløysande, med tema som er relevante for reiselivsnæringa. Prosjektarbeidet skal og gi studentane høve til å arbeide systematisk med målretta problemidentifikasjon, informasjonssøking og skriftleg rapportering i form av ei utgreiing, med dei formalkrava det gir til arbeidet.

Vurderingsformer:

Prosjektoppgåva skal leverast til sensurering som eit eksamensarbeid. Prosjektarbeidet skal normalt gå føre seg i grupper på 2-3 studentar, men det er høve til individuelt arbeid i einskilde tilhøve. Graderte karakterar.

Publisert av:
Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>