Studentane skal få innsikt i korleis ein vurderer eit lands økonomiske tilstand og utviklingstendensar. Ein skal forstå årsaka til og verknadene av konjunktursvingingar på kort sikt, blant anna korleis endringar i etterspurnaden i ein del av økonomien får ringverknader og kan påverke det generelle økonomiske aktivitetsnivået i landet. Styresmaktenes penge- og finanspolitikk er viktig i denne samanhengen, og korleis politikken verkar i ulike valutaregime. Formålet er å gjere studentane betre i stand til å følgje med i media og diskusjonar om landets generelle økonomiske utvikling og kva denne utviklinga har å seie for den einskilde bedrift. Samfunnsøkonomiske makromodellar skal inngå som analyseverktøy.
3-4 timar forelesing i haustsemesteret.
Dei sentrale faglege element i kurset er:
-
Makroøkonomiske målsettingar og verkemidlar
-
Nasjonalrekneskap
-
Arbeidsmarknaden og ulike typar av arbeidsløyse
-
Etterspurnad og tilbod på makronivå
-
Multiplikatormodell med variablane: Samla aktivitetsnivå, makro privat konsum, makro private realinvesteringar, offentlege utgifter og skattar, handel med utlandet, valutamarknaden
-
Makroøkonomisk stabiliseringspolitikk
3 innleveringsoppgåver og skriftleg eksamen, 4 timar. Alle delprøver må vere bestått.