AF / Institutt for ø... / 5311 Makroøkonomisk teori og politikk  

5311 Makroøkonomisk teori og politikk

Hovedemnekode:
5311

Emnenavn:
Makroøkonomisk teori og politikk

Avdeling:
Avdeling for allmenne fag


Institutt:
IØI


Studiepoeng:
5,00

Forkunnskaper:

5500 Matematikk.

Læringsmål:

Studentane skal få innsikt i korleis ein vurderer eit lands økonomiske tilstand og utviklingstendensar. Ein skal forstå årsaka til og verknadene av konjunktursvingingar på kort sikt, blant anna korleis endringar i etterspurnaden i ein del av økonomien får ringverknader og kan påverke det generelle økonomiske aktivitetsnivået i landet. Styresmaktenes penge- og finanspolitikk er viktig i denne samanhengen, og korleis politikken verkar i ulike valutaregime. Formålet er å gjere studentane betre i stand til å følgje med i media og diskusjonar om landets generelle økonomiske utvikling og kva denne utviklinga har å seie for den einskilde bedrift. Samfunnsøkonomiske makromodellar skal inngå som analyseverktøy.

 

Organisering:

3-4 timar forelesing i haustsemesteret.

Innhold:

Dei sentrale faglege element i kurset er:

  • Makroøkonomiske målsettingar og verkemidlar

  • Nasjonalrekneskap

  • Arbeidsmarknaden og ulike typar av arbeidsløyse

  • Etterspurnad og tilbod på makronivå

  • Multiplikatormodell med variablane: Samla aktivitetsnivå, makro privat konsum, makro private realinvesteringar, offentlege utgifter og skattar, handel med utlandet, valutamarknaden

  • Makroøkonomisk stabiliseringspolitikk

Vurderingsformer:

3 innleveringsoppgåver og skriftleg eksamen, 4 timar. Alle delprøver må vere bestått.

Publisert av:
Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>