AF / Institutt for ø... / 5402 Reiselivsøkonomi/reiselivsgeografi  

5402 Reiselivsøkonomi/reiselivsgeografi

Hovedemnekode:
5402

Emnenavn:
Reiselivsøkonomi/reiselivsgeografi

Avdeling:
Avdeling for allmenne fag


Institutt:
IØI


Studiepoeng:
20,00

Varighet:
Eitt semester

Nivå:
Bachelor

Forkunnskaper:

Det vil vere ein fordel å ha gjennomført emna 5400 Reiseliv og samfunn, 5403 Reisemålsutvikling, 5203 Marknadsføring og 5010 Bedriftsøkonomisk analyse og rekneskap, men det er ingen føresetnad.

Læringsmål:

Emnet har tre hovudmål:
1) Formidle eit oversyn over dei viktigaste turiststraumane og dei viktigaste forklaringsmekanismane bak desse straumane.
2) Styrke kunnskapen om marknadsføring med hovudvekt på reiseliv.
3) Sørge for innsyn i korleis økonomistyringa skjer i reiselivet og korleis ulike samfunnsøkonomiske tilhøve har verknad for reiselivet.

 

 

Organisering:

8-10 timar i veka i haustsemesteret. Undervisninga vil variere mellom tradisjonelle førelesingar, seminarprega undervisning, øvingsoppgåver, studentpresentasjonar og skriftlege rapporteringar/innleveringar.

Innhold:

Emnet skal gjere studentane kjende med turiststraumane nasjonalt og internasjonalt. Dei skal og kjenne dei viktigaste motiva og grunngjevingane for turiststraumane, kunne forklare turiståtferd og analysere turistpotensialet/marknadspotensialet i eit område. Studentane skal få kjennskap til korleis verksemder og reisemål marknadsfører reiselivsprodukta, og kva distribusjons- og marknadsføringskanalar som blir nytta. Studentane skal gjerast kjende med økonomistyring i reiselivsverksemder og reiselivsorganisasjonar. Reiseliv og samfunnsøkonomi blir og drøfta.

Vurderingsformer:

Mappeevaluering med to skriftlege semesteroppgåver (samla 40 % av karakteren), munnleg presentasjon (10 %) og ein avsluttande skriftleg individuell heimeeksamen over fire dagar (50 %). Alle delprøver må vere bestått.

Publisert av:
Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>