Emnet byggjer på 5550 Statistikk I eller tilsvarande.
Studentane skal lære å nytte dei mest brukte statistiske metodane. Dei skal dessutan beherske ei programpakke for statistisk analyse.
4 timar forelesing i veka i haustsemesteret.
Hovudemna i emnet er samanlikning av to grupper, regresjonsanalyse, variasjonsanalyse, kjikvadrattester og ikkje-parametriske metodar. Det blir dessutan gitt innføring i ei standard programpakke for statistisk analyse.
Innlevering av 2 øvingar som må vere bestått. Skriftleg eksamen, 4 timar.