Studentane skal få ei forståing av korleis ein kommuniserer på ein hensiktsmessig måte med personar frå andre kulturar.
3-5 timar forelesing i veka i haustsemesteret.
Emnet skal gje ei innføring i sentrale emne i interkulturell kommunikasjon og forståing av ulike samfunns verdiar, religionar, politiske system, haldningar, sosiale strukturar, livsstil, særtrekk i veremåte, kommunikasjonsstil og forretningsskikkar.
Prosjektoppgåve som tel 40 % og eit foredrag i plenum (munnleg presentasjon av oppgåva) som tel 30 %. Kandidatane vil bli eksaminerte i fordraget. Ei skriftleg sluttprøve, 4 timar som tel 30 %. Alle delprøver må vere bestått. Ein samla karakter.