AF / Institutt for ø... / 5951 Nordic-Baltic Perspectives  

5951 Nordic-Baltic Perspectives

Hovedemnekode:
5951

Emnenavn:
Nordic-Baltic Perspectives

Avdeling:
Avdeling for allmenne fag


Institutt:
IØI


Studiepoeng:
8,00

Forkunnskaper:

Emnet bygger på 5203 Marknadsføring.

 

Læringsmål:

Kurset tek sikte på å gi studentane betre føresetnader for å fungere i bedrifter som har kontakt med utlandet på marknads- eller leverandørsida. Sjølv om fokus vil være på bedrifter i Norden og dei baltiske landa, vil det vere eit emne som sikrar forståing for korleis det er å arbeide i ei verd som blir meir og meir internasjonal.   Det er viktig å bli klår over at sjølv dei næraste grannane våre ikkje alltid har dei same verdiane og dei same måtane å sjå ting på som vi har. 

 

Organisering:

3 veker Web-basert undervisning pluss 2 veker intensiv undervisning i haust- og/eller vårsemesteret.  Vekene med intensiv undervisning vil veksle mellom 6 ulike nordiske universitet/høgskolar. Avgrensa deltaking. Undervisningsspråk: Engelsk.

Innhold:

Tema ein vil ta opp i dette emnet er følgjande:

-          Historisk, kulturell og politisk informasjon om Baltikum og Norden.

-          Nordiske og baltiske bidrag i marknadsføringsteori.

-          Analyse av distribusjonssystem og marknadsføring meir generelt i dette området, likskapar og ulikskapar.

Mange av dei bedriftene som operer i den nordisk-baltiske marknaden, er store internasjonale konsern som t.d. IKEA, Nokia, Telia, Telenor. I tillegg til å sjå på korleis internasjonale konsern med basis i Norden/Baltikum marknadsfører seg, vil emnet og sjå nærare på korleis små og mellomstore bedrifter opererer i denne marknaden, både på innkjøps- og marknadsføringssida.

Vurderingsformer:

Mappeevaluering basert på:

-          skriftlege prosjektrapportar frå grupper i kvart land 

-          munnleg framføring av resultata frå dei same nasjonale prosjekta

-          arbeidet i intensivperioden med å sy saman fellesrapportar med analyse av likskapar og ulikskapar mellom dei ulike landa

 

Alle delprøver må vere bestått.

 

 

Publisert av:
Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>