Studentane skal etter fullført kurs ha kunnskap om regionale, nasjonale og internasjonale helse- og miljøproblem og om korleis slike problem heng saman med underliggjande økonomiske, politiske, atferdsmessige og sosiokulturelle årsaker. Vidare skal dei ha kjennskap til ulike fag- og metodetradisjonar som er aktuelle i tilnærminga til ulike miljøproblem, dei skal ha lært om verdikonfliktar knytt til ressursforvalting og førebyggjande arbeid, kjenne ulike verkemiddel som er sentrale i arbeidet for ei økologisk og sosial berekraftig utvikling, og ha fått trening i kommunikasjon, formidling og munnleg presentasjon av skriftlege arbeider.
Dei skal kjenne til korleis geografiske informasjonssystem (GIS) er bygt opp og kjenne til bruk av GIS i samband med lokale og globale miljøsituasjonar.
60 timar forelesning.
Obligatorisk: 60 timar seminar/kollokvier og 45 timar prosjektarbeid.
Grunnleggjande miljøetiske spørsmål blir omtalt under punkt 3-7 i innhaldsoversynet, og dette utgjer 5 sp.
I forelesningane blir det også lagt vekt på dialog og tilbakemelding frå kollokviegrupper. I den seminarprega undervisninga skal studentane presentere referat frå kollokviediskusjonar, faglitteratur og skriftlege arbeider, og svare på gruppeoppgåver. Dette skal samstundes vere ei trening i kommunikasjon og formidling. Prosjektarbeidet skal munne ut i eit mindre teoretisk arbeid som blir levert midt i semesteret, og ein avslutningsrapport ved semesterslutt, der det teoretiske arbeidet blir belyst med intervju og anna feltarbeid.
Tilhøvet mellom menneske og miljø og beslutningsprosessar si innverknad på menneske og miljø, blir studert i ulike perspektiv:
-
Sjukdomsbilete og helsetilstand nasjonalt og globalt.
-
Vassmangel, avskoging, utarming av jordsmonn og genetisk erosjon.
-
Internasjonalt miljø- og helsefremjande arbeid, m.a. satsinga på
Agenda 21.
-
Folketilvekst, byutvikling, fattigdomsutvikling og kamp mot fattigdom.
-
Økonomisk utvikling, ressursbruk, forvalting og maktfordeling.
-
Etiske refleksjonar i møte med verdilada fordelingsspørsmål.
-
Ulike perspektiv på bistands- og utviklingshjelp.
-
Ulike måtar å samle og bruke kunnskap på.
-
Deltakings- og forhandlings-strategiar.
-
Innføring i geografiske informasjonssystem (GIS).
-
Bruk av GIS i miljøkartlegging.
-
GIS øvingar på aktuelle lokale og globale miljøsituasjonar med bruk av enkel programvare.
Det blir gitt karakterar på tre delprøver: ei semesteroppgåve (kartproduksjon ved bruk av GIS) tel 20%, ei semesteroppgåve tel 40% og ei skriftleg sluttprøve (4 timar) tel 40% av endeleg eksamenskarakter. Alle delprøvene må vere bestått.