AF / Institutt for n... / 4100 Matematikk for økologar  

4100 Matematikk for økologar

Hovedemnekode:
4100

Emnenavn:
Matematikk for økologar

Avdeling:
Avdeling for allmenne fag


Institutt:
NV


Studiepoeng:
10,00

Forkunnskaper:

Ingen

Læringsmål:

Etter fullført emne skal studentane kunne bruke matematikken som reiskap i ein del tema på natur-, helse- og miljøvernstudiet. Dei skal og ha innsikt i at matematikk kan brukast til å løyse andre aktuelle problem.

Organisering:

72 timar forelesingar
Obligatorisk: 28 timar kollokvium

Innhold:

Framstillinga av stoffet er i stor grad prega av konkrete eksempel frå biologi og økonomi. Studiet startar med grunnleggjande matematikk.

Sentrale tema i forelesingane er:

  • Rekning med måleeiningar

  • Grunnleggjande sannsynsrekning

  • Funksjonar med ein variabel med kurvedrøfting

  • Logaritmefunksjonar og eksponentialfunksjonar

  • Derivasjon

  • Integrasjon

  • Funksjonar med to variable

  • Enkel trigonometri

  • Enkle differensiallikningar

  • Prosentvis vekst og geometriske rekker

Vurderingsformer:

Det blir gitt karakterar på to delprøver med mappevurdering: ei midtprøve (1 time) tel 20% og ei sluttprøve (5 timar) tel 80 % av endeleg eksamenskarakter. Begge delprøvene må vere bestått.

Publisert av:
Gunhild Haugen <Gunhild.HaugenSPAMFILTER@hit.no>