AF / Institutt for n... / 4102 Arealforvaltning og kommunal planlegging  

4102 Arealforvaltning og kommunal planlegging

Hovedemnekode:
4102

Emnenavn:
Arealforvaltning og kommunal planlegging

Avdeling:
Avdeling for allmenne fag


Institutt:
NV


Studiepoeng:
10,00

Forkunnskaper:

Ingen

Læringsmål:

Målet er at den enkelte student skal bli meir bevisst og få auka forståing for korleis våre fysiske omgjevnader blir forvalta i Noreg. Arealplanleggjingsaker har stor plass i media og i forvaltninga, og det er eit mål at studentane skal få auka interesse og kunnskap for å delta og engasjere seg i slike saker. Etter endt kurs skal studentane kjenne til korleis offentleg forvaltning er bygd opp generelt og korleis fysisk planlegging føregår i kommunane.

Organisering:

40 timar forelesingar.
Obligatorisk: Prosjektoppgåve, GIS-øvingar 20 timar og ein dagsekskursjon.

Forelesningar, prosjektarbeid, ekskursjon og laboratorieøvingar. Det blir vist korleis ulike fagfelt bidrar i areal- og ressursforvaltning, og korleis den enkelte sin fagbakgrunn bidrar i planleggjinga av våre omgjevnader. Gjennom prosjektoppgåva arbeidar studenten sjølvstendig eller i gruppe med ein aktuell arealplanleggingssak.  

Innhold:

Sentrale tema:

  • Fysisk planlegging og lovgrunnlaget for dette.

  • Historie og teori om samfunns- og arealplanleggjing, metodar i planleggjing, begrep og aktuelle problemstillingar.

  • Praktiske og formelle sider ved kommunal planleggjing og forvaltning med serleg vekt på arealplanleggjing i medhald av plan- og bygningslova, forureiningslova og naturvernlova.

  • Konkrete arealplanleggjingssaker med innføring i plantypar og planprosessen etter plan- og bygningslova.

  • Laboratorieøvingar i bruk av geografiske informasjonssystem (GIS) med eksempler på korleis dette kan nyttast i arealplanleggjinga. 

Vurderingsformer:

Det blir gitt karakter på to delprøver: ei prosjektoppgåve tel 40 % og ei skriftleg sluttprøve tel 60 % (4 timar) av endeleg eksamenskarakter. Begge delprøvene må vere bestått. For å kunne gå opp til sluttprøva må deltaking ved dei obligatoriske delane vere godkjente.

Publisert av:
Gunhild Haugen <Gunhild.HaugenSPAMFILTER@hit.no>