Emnet byggjer på: 4005 Biologi og miljø, 4002 Naturgeografi
Emnet skal gje studentane auka artskunnskap og kjennskap til hovudtrekka i vegetasjon og flora i landet. Ei viktig målsetting er at studentane skal få eit teoretisk og praktisk grunnlag for å forvalte naturen, slik at ein skal kunne ta vare på artsmangfaldet. Det vert lagt vekt på å gi studentane grunnlag for å forstå samanhengar mellom planteutbreiing og miljøtilhøve, og korleis ein kan nytte planter og vegetasjon som indikator for ulike miljøforhold.
25 t forelesingar i haustsemesteret
Obligatorisk: 15 timar laboratoriekurs i plantebestemming og 7 dagar feltkurs.
I tillegg til forelesingar blir det lagt vekt på undervisning i felt og lab med etterfølgjande rapportskriving og framlegging i grupper.
Sentrale tema i emnet er:
-
Utvida kunnskap i floristikk og systematikk
-
Hovudtrekk i norsk plantegeografi, vegetasjonssoner og vegetasjonsseksjonar
-
Hovudtrekk i norsk vegetasjon
-
Autøkologi og plantefysiologi
-
Tilpassingar hos planter til ulike miljøtilhøve
-
Faktortal
Det blir gitt karakterar i tre delprøver: Semesteroppgåve i gruppe tel 20%, artsprøve tel 30% og sluttprøve (4 timar) tel 50% av endeleg eksamenskarakter.
For å kunne gå opp til sluttprøva må laboratorie- og feltrapport vere godkjent. Alle delprøvene må vere bestått.