Byggjer på 4005 Biologi og miljø
Emnet skal gi eit kunnskapsgrunnlag for viltforvaltning i Noreg med særleg vekt på viltøkologi og viltstell, og dei viktigaste lovane innan viltforvaltning.
50 timar forelesingar. Ei semesteroppgåve skal leverast individuelt for vurdering som del av eksamen.
Obligatorisk: 5 dagar feltkurs.
Semesteroppgåva, som vil innehalde fleire mindre oppgåver, skal utarbeidast individuelt, men det blir lagt opp til drøfting av ulike temaer i grupper.
Det blir gitt karakterar på to delprøver: semesteroppgåva tel 30% og sluttprøva (4 timar) tel 70 % av endeleg eksamenskarakter. For å kunne gå opp til sluttprøva må rapport frå feltkurset og semesteroppgåva vere godkjente. Begge delprøvene må vere bestått.