Bygger på 4002 Naturgeografi, 4104 Vannressursar, 4102 Arealforvaltning og kommunal planlegging og 4101 Generell kjemi.
Emnet gir studentane kompetanse i å handtere tekniske tilhøve innanfor vassforsyning, rensing av avlaupsvatn og handtering av avfall. Dei skal kjenne drikkevassforskriftene, kunne handsame drikkevatn, og lage tryggingssoner for drikkevassforsyningar. Dei skal kunne om rensing av avlausvatn og dimensjonere og urforme renseanlegg, både tradisjonelle tekniske og naturbaserte anlegg. Dei skal kunne handtere avfall med kjeldesortering og deponi. Dei skal kunne handtere grunnforureining frå gamle deponi.
60 timar forelesingar og øvingsoppgåver
Obligatorisk: 3 dagar utferd
Det blir gitt karakterar på to ulike delprøver: ei midtvegsprøve (3 timar) tel 40% og sluttprøve ( 5 timar) tel 60 % av endeleg eksamenskarakter. Alle delprøver må vere bestått. For å kunne gå opp til sluttprøva må følgjande vere godkjent: Gruppeoppgåve om drikkevasskvalitet og rapport frå labøvingane.
Ved eventuelt fråver frå gruppeoppgåvene så kan dei gjennomførast individuelt.