Bygger på 4255 Mikrobiologi og 4256 Vannforsyning, avløp og avfall
Emnet skal gi studentane innsikt i korleis matforvaltninga i Noreg er bygd opp. Dei får ei innføring i korleis dei ulike aktørane i samfunnet verkar inn på mattryggleiken. Dei får også ei opplæring i korleis ein bygger opp et internkontrollsystem i ei næringsmiddelbedrift, og korleis dette systemet skal brukast og kontrollerast.
50 timar forelesingar
Obligatorisk: 20 timar seminar, 30 timar prosjektarbeid i grupper og 2 bedriftsbesøk.
Forelesingar, seminar/kollokvier. Ekskursjonar med besøk på ei eller fleire næringsmiddelbedrifter for å sjå på internkontrollsystem i praksis. Seminarundervisninga er samordna med delar av 4257 HMS internkontroll, helse- og miljøforvaltning.
Det blir gitt karakterar på to delprøver med mappeevaluering: ei seminaroppgåve som tel 30% og ei sluttprøve (4 timar) som tel 70% av endelig eksamenskarakter. Dei obligatoriske delane må vere godkjent for å kunne gå opp til sluttprøva. Begge delprøvene må vere bestått.