Opptakskravet til masterstudiet
Formålet med kurset er å gi studentane grunnleggjande innsikt i fagfelta kulturøkonomi og kulturmarknadsføring. Ein skal for det første studere korleis generelle samfunnsøkonomiske tenkjemåtar og modellar kan nyttast for å få betre forståing av strukturar og prosessar på kulturfeltet. Ein vil òg studere økonomien på ulike delfelt av kulturfeltet. For det andre skal ein studere dei særskilte marknadsføringsprosessane og -strategiane som aktørar på kulturfeltet nyttar
Emnet er obligatorisk for dei som vel valretning kulturadmistrasjon med hovudoppgåve på 45 sp. Undervisningsforma i eit fordjupingsemne er seminar, med 3-6 timar pr veke. Undervisninga går i haustsemesteret.
Innanfor kulturøkonomidelen av kurset tek ein særleg for seg følgjande delemne:
-
Kultur og økonomi allment
-
Kulturens økonomiske verdi og kulturindustri
-
Kulturinstitusjonane sin økonomi og kunstnarane sine levekår
-
Kulturøkonomi og kulturpolitikk.
Når det gjeld marknadsføring vil ein m.a. studere følgjande delemne:
-
Kulturnæringar og marknadsføring
-
Marknadsføringsmodellar og marknadsinformasjon
-
Marknadsføring og kommunikasjonsteori
-
Kulturgode som ”produkt” og konsumentåtferd
-
Segmentering og posisjonering
-
Marknadsinformasjon.
Studentane skal få trening i å analysere økonomi og marknadsføring på kulturfeltet frå ein kritisk synsstad.
Individuell skriftleg eksamen. Graderte karakterar.