Språk, litterat... / 511 Norsk, årsstudium
Opptakskrav er generell studiekompetanse.Studiet eignar seg for alle med interesse for norsk språk og litteratur. Årsstudiet er særleg retta mot å stette krava til undervisningskompetanse i grunn- og vidaregåande skole.
Studiet skal gi ei grunnleggande innføring i norsk og nordisk språk og litteratur frå mellomalderen til i dag, i eit breitt kulturelt perspektiv.Dei seks emna som utgjer årsstudiet i norsk, sikrar breidd og innsikt i faget, og kvalifiserer for undervisning i norsk i ulike skoleslag.
Årsstudium og fordjupningsemne på minst 20 studiepoeng i ein bachelorgrad vil kvalifisere til masterstudium i norsk/nordisk, eller andre kulturfaglege mastergradar. Årsstudiet kvalifiserer for undervisning i norsk i ungdomsskole og vidaregåande skole.
Årsstudiet er delt i 6 eksamenemner og kvart emne tel 10 studiepoeng. Tre emner har eksamen i desember og dei tre andre har eksamen i mai.
Undervisningsformene er forelesing og seminar.Det vil bli gitt oppgåver som studentane skal legge fram i seminar.
Vurderingsformene er individuell heimeoppgåve, mappevurdering, skriftleg individuell prøve og munnleg prøve (sjå dei einskilde emna).I dei emna som har individuell heimeoppgåve, vil det vere høve til utsett vurdering i form av ei skriftleg prøve. Retten til utsett vurdering gjeld dei som ikkje har bestått heimeoppgåva, og dei som har levert legeerklæring for sjukdom.