Språk, litterat... / 515 Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar  

515 Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar

Skriv ut
Intern studieprogramkode:
515

Studiets navn:
Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar

SO-kode:
220930

Avdeling:
Avdeling for allmenne fag


Institutt:
IKH


Fagområde:
Språk, litteratur og historiske fag


Studiested:
Bø


Målgruppe og opptakskrav:

Studiet er eit tilbod til utanlandske studentar som planlegg vidare studiar i Noreg.

Søkjaren må fylle dei allmenne opptakskrava ved ein høgskole, der det inngår krav om engelskkunnskapar etter nærare retningliner. Det krevst ikkje kunnskapar i norsk språk før opptak.

Mål for studieprogrammet:

Studiet har som formål å gje studentane kunnskap og dugleik som trengst for å kunne studere ved norske høgskolar og universitet. Det blir lagt særleg vekt på å gje studentane gode allmennkunnskapar i norsk språk. Studiet skal også gjere det lettare for studentane å finne seg til rette i det norske samfunnet.

Studieprogrammets varighet (år):
1

Antall studiepoeng:
60

Nivå/grad:
Kan etter søknad gå inn som eit årsstudium i det norske gradssystemet.

Videre studiemuligheter:

Bestått studium med eksamensresultat dekkjer norskkravet ved opptak til studium i Noreg.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetting:

Studiet er samla om to fagområde: norsk språk og norsk samfunnskunnskap. Under studiet skal desse fagområda mest mogleg sjåast i samanheng. Hovudvekta blir lagd på norsk språk, særleg praktisk språkdugleik.


Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
2205 Norsk samfunnskunnskap for utanlandske
studentar
15,00 O 7,5 7,5
2203 Norsk semesteroppgåve for utanlandske
studentar
15,00 O 7,5 7,5
2206 Norsk språk for utanlandske studentar 15,00 O 7,5 7,5
2204 Norsk munnleg for utanlandske studentar 15,00 O 7,5 7,5
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Arbeids- og læringsformer:

Forelesingar, gruppearbeid, øvingar og heimearbeid. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga. Studentar som har vore borte frå undervisninga meir enn ein firedel, får normalt ikkje høve til å gå opp til eksamen. Det er også obligatoriske ekskursjonar og vinterveke på fjellet. Studentane må kalkulere med ei utgift til dette på kr 1500 - 2000.

Vurderingsformer:

Studiet blir avslutta med to skriftlege eksamenar, ei semesteroppgåve og munnleg prøve der kvar eksamensdel tel likt. Alle eksamensdelane må vere bestått for å få bestått studium. Det blir gitt ein samla karakter for fullført årsstudium.

Ved vurderinga av eksamensprøvene blir det brukt karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og E er dårlegaste ståkarakter.

 

Publisert av:
Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no>