Opptakskrav er generell studiekompetanse.
Målgruppe er studentar som ønskjer å kombinere studier med eit halvt år i utlandet. Studietilbodet er desentralisert til Bali, Brasil, Mexico, Cuba og Canada. Samarbeidsparnar er Gateway College, som er ansvarleg for den praktiske tilrettelegginga av tilbodet.
Fullført studium med 30 studiepoeng kan godkjennast i ein bachelorgrad etter søknad.
Arbeidsformer er forelesingar, seminar og gruppearbeid. Undervisninga kan bli gitt i bolkar. Det krevst stor arbeidsinnsats for å klare å gjennomføre studiet etter planen.
Sjå nedanfor kva for emner som kan vere aktuelle.
Undervegsvurderingar og slutteksamen. Sjå nærare omtale under kvart emne.