Språk, litterat... / 521 Engelsk, årsstudium
Opptakskrav er generell studiekompetanse. Målgruppe er alle søkjarar som ønskjer seg ein god grunnleggande kompetanse innan engelsk, anten til bruk i undervisning eller i anna arbeid som krev gode engelskkunnskapar.
Studiet gjev ei brei innføring i britisk og amerikansk litteratur og kultur, kunnskap om tilhøva i resten av den engelskspråklege verda, god innsikt i engelsk grammatikk og fonetikk, og i den munnlege bruken av språket. Det vert og lagt vekt på bruken av faget i undervisnings- og formidlingssamanheng. Årsstudiet gjev undervisningskompetanse i engelsk i ungdomsskolen og den vidaregåande skolen.
Studiet kan inngå som ein sjølvstendig eining i ein bachelorgrad. Det kan vere grunnlaget for fordjupingsemner (tidlegare mellomfagstillegg) i engelsk og seinare ein del av opptaksgrunnlaget for masterstudium i engelsk. Studiet gir undervisningskompetanse i engelsk i grunnskolen og den vidaregåande skolen.
Studiet er sett saman av sju emne, kvart på 10 studiepoeng. Emnet 2000 Practical English (valfag) kan erstatte eit av dei andre emna, men dersom ein ønskjer å gå vidare med engelskstudiar (masternivå) bør ein ta dei seks emna som er markert med O(bligatorisk).
Arbeids- og undervisningsformene inkluderer både forelesingar, seminar, skriftleg og munnleg prosjektarbeid og innleveringar. All undervisninga går føre seg på engelsk. Det vil i løpet av studietida bli høve til deltaking på ein to-vekers ekskursjon til Det norske studiesenteret i Storbritannia, York.
Alle emna vil ha ei blanding av undervegsvurdering og sluttprøver. Formene vil variere frå emne til emne.