Studiet passar for studentar med interesse for naturen rundt oss, og kan gå inn som del av bachelorstudium, for eksempel studier retta mot arbeid med miljøspørsmål.
Opptakskrav er generell studiekompetanse/realkompetanse. I tillegg til generell studiekompetanse/realkompetanse er det frå hausten 2005 krav om 2MX eller 2MY eller 3MZ og i tillegg 3MX eller 3FY eller 3KJ eller 3BI.
Studiet er sett saman av naturfaglege emne, vannfag og samfunnsretta emne. Kombinasjonen søkjer å imøtekome dokumenterte behov for basiskompetanse hos personale som skal arbeide med natur-, helse- og miljøfaglege problemstillingar.
Basisstudiet er aktuelt for studentar som ønskjer å studere vidare ved andre høgskolar og universitet.
Studiet er identisk med dei to første åra av 3-årige bachelorstudier i naturforvaltning, helse- og miljøvern og natur- og miljøvern med geografiske informasjonssystem (GIS).
Studiet kan inngå som ein del av 3-årige bachelorstudium som instituttet tilbyr. Etter fullført bachelorstudium kan ein søkje seg vidare på 2- årig masterstudium i natur-, helse- og miljøvern.
Studentane blir fulgt opp under heile studieløpet med arbeids- og undervisningsformer som inkluderer felt-og laboratorieundervisning med rapportskriving, prosjekt, seminaroppgåver, gruppe- og seminarundervisning, forelesingar osv. Det er lagt vekt på praktiske prosjekt i læringsprosessen. Dei ulike arbeids- og undervisningsformene er omtalt i dei enkelte emneomtalene.
Gyldig fråvær (sjukemelding) inntil 20% frå ein obligatorisk del av eit emne vil bli akseptert. Ved fråvær større enn 20% vil ikkje studenten få godkjent denne delen av emnet. Studenten vil i så fall ikkje ha krav på fortrinnsrett til plass på felt/labkurset neste gongen det vert sett opp.
I dei fleste emna vil det vere både undervegsvurdering og sluttvurdering.
I mange emne vil seminaroppgåver og liknande vere del av vurderinga. Aktuelle vurderingsformer går fram av emneomtalene.