Studiet passar for studentar med interesse for naturen rundt oss, og kan gå inn som del av bachelorstudium, for eksempel studier retta mot arbeid med miljøspørsmål.
Opptakskrav er generell studiekompetanse/realkompetanse. I tillegg til generell studiekompetanse/realkompetanse er det frå hausten 2005 krav om 2MX eller 2MY eller 3MZ og i tillegg 3MX eller 3FY eller 3KJ eller 3BI.
Det 1-årige studiet tek sikte på å gi studentane ein fagleg basis i natur- og miljøvernfag som kan nyttast vidare i studium ved universitet og høgskolar eller som kan kombinerast med tidlegare utdanningar. Grunnstudiet er sett saman av grunnleggjande naturfaglege emne og fag som tek opp og diskuterar aktuelle miljøproblem i samfunnet vårt.
Studiet er ei tverrfagleg utdanning som skal gi studentane grunnlag for aktivt og realistisk samfunnsengasjement innan det aktuelle fagområdet, og formidle ulike verdisyn i samband med dette.
Årsstudium. Kan inngå i ein bachelorgrad
Studiet kan gå inn som del av dei 3-årige bachelorstudia på instituttet.
Studentane blir fulgt opp under heile studieløpet med arbeids- og læringsformer som inkluderer felt-og laboratorieundervisning med rapportskriving, prosjekt, seminaroppgåver, gruppe- og seminarundervisning, forelesingar osv. Det er lagt vekt på praktiske prosjekt i læringsprosessen. Dei ulike arbeids- og læringsformene er omtalt i dei enkelte emneomtalene.
Gyldig fråvær (sjukemelding) inntil 20% frå ein obligatorisk del av eit emne vil bli akseptert. Ved fråvær større enn 20% vil ikkje studenten få godkjent denne delen av emnet. Studenten vil i så fall ikkje ha krav på fortrinnsrett til plass på felt/labkurset neste gongen det blir sett opp.
I dei fleste emna vil det vere både undervegsvurdering og sluttvurdering.
I mange emne vil seminaroppgåver og liknande vere del av vurderinga. Aktuelle vurderingsformer går fram av emneomtalene.