AF / Institutt for k... / 2203 Norsk semesteroppgåve for utanlandske studentar  

2203 Norsk semesteroppgåve for utanlandske studentar

Hovedemnekode:
2203

Emnenavn:
Norsk semesteroppgåve for utanlandske studentar

Avdeling:
Avdeling for allmenne fag


Institutt:
IKH


Studiepoeng:
15,00

Varighet:
1 sem

Nivå:
bachelor

Forkunnskaper:

Som for studiet

Læringsmål:

Studentane skal få trening i å fordjupe seg i eit emne innanfor framtidig fagstudium. Oppgåveskrivinga skal vera ei utvikling av allmennspråket og ei innføring i det aktuelle fagspråket. Studentane skal bli kjende med dei normene som gjeld for oppgåveskriving generelt.

Organisering:

I andre semester skriv studentane ei semesteroppgåve med ein tidsfrist på tre veker. Studentane skal i samråd med lærar velje ei oppgåve innom det fagfeltet som dei seinare skal studenre. Under utarbeiding av semesteroppgåva er ei individuell og felles fagleg og praktisk rettleiing obligatorisk. Semesteroppgåva skal vere på om lag 10 maskinskrivne A4-sider.

Innhold:

Semesteroppgåva skal vera innanfor fagområdet for det framtidige studiet. Studentane skal skaffe seg relevant litteratur, lesa og bruke denne som bakgrunn for oppgåva. Fagstoffet skal vere på norsk av meir ellmenn karakter.

Vurderingsformer:

Semesteroppgåva tel 25% av samla karakter i årsstudiet.
Ved vurderinga av eksamensprøvene blir det brukt karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og E er dårlegaste ståkarakter.

Det blir gitt ein samla karakter for fullført årsstudium, og alle fire hovudemna må vere bestått.

Publisert av:
Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no>