Aksis

Prosjekt

MALVINE - Manuscripts and Letters Via Integrated Networks in Europe
1998 ... 2001
11 europeiske manuskriptsamlingar, 3 utviklarar og eit par faglege rådgjevarar frå universitets- og biblioteksmiljøa i EU, Sveits og Norge har gjennom Malvine-prosjektet vist korleis tilgangen til eigne manuskriptsamlingar kan betrast ved å tilby felles katalogsøk frå eitt Internett-punkt. Der kan interesserte forskarar, studentar og andre slå opp i utvalde katalogar frå alle dei 11 samlingane ved hjep av eitt, felles søk frå nettsida til Malvine: http://www.malvine.org/
Prosjektet vart avlutta 23/1-2001, etter at dei lovande resultata vart presenterte på ein Malvine-konferanse i Berlin 4.-5. desember 2000.
HIT-senteret var ansvarleg for utvikling av verktøy for konvertering av samlingskatalogane til SGML/XML-versjonar, og undersøkte kva for bruksmåtar desse SGML/XML-versjonane opnar for. Prosjektet starta opp i juli 1998 og vart avslutta i januar 2001.
Prosjektet skal vidareførast gjennom ein avtale om permanent drift og utviding av søkjekonseptet, slik at ein kan tilby ei permanent løysing med kapasitet til å ta hand om katalogar frå mange fleire samlingar enn dei som var med i Malvine-prosjektet. Statsbiblioteket i Berlin har teke på seg drifts- og administrasjonsansvaret for Malvine-programma vidare framover.

LEAF-prosjektet (Linked European Authority Files) vidarefører ideane frå Malvine.

Prosjektsider