Trykt i «Romsdal Sogelag. årsskrift 2000» s. 73-96
Denne versjonen er supplert med nokre lenker, og er utlagt 7.3.2006

«Thank God for America»

To generasjonars utvandring frå Ner-Brøste i Øverdalen

Av Arnfinn Kjelland

Innhald:

Ner-Brøste og Nedre Kleiva. 2

Dei første som drog frå Brøste: Stor-Knut med familie. 2

Dei neste: eit stort ungdomsfølgje. 5

Linden og Lake Hanska-området i Minnesota. 7

Det amerikanske «townshipet». 9

Språket 12

«Pre-paid tickets» – ungdomar dreg. 13

Vidare vestover: Dakota og Canada. 14

Ny generasjon og nye farmar: Kleiven-brørne i Tioga, ND.. 14

«Bondefangeri»? Grove-familien bytter hus mot farm.. 16

Arbeidsvandring i 1920- og 30-åra. 16

Familien vi har sett på: 17

Kjelder og litteratur 18

 

Sitatet i tittelen ovafor er etter Ola K. Brøste (1875–1970), gardbrukar på fjellgarden Ner-Brøste øvst i Romsdalen, slik nevøen Arthur Grove (1909–1989) oppfatta han da han var på første besøket i 1949 (slektshefte 1987). Ola hadde da opplevd at alle åtte onklane og tantene han hadde på farsida, og to brør og tre systrer hadde reist frå heimbygda og slått seg ned på den andre sida av storhavet. Eine broren hadde rett nok kome att, men dei andre vart verande. To av sønene hadde òg vore over på arbeid nokre år i 1920- og 30-åra, før dei kom att.

Mange kallar notida for rotlaus. Vi skal i dette stykket sjå nærare på folket frå Ner-Brøste i den tida vi kallar «masseutvandringa» til USA – frå 1860-åra til kring 1930. Da levde to generasjonar som på mange måtar opplevde å få røtene trekte opp og omplasserte på ein mykje meir brutal måte enn vi i dag med våre kommunikasjonar. For dei første som reiste kunne neppe ha noka von om nokon gong å sjå att heimstaden og sine næraste; det er ein lagnad som i dag er heilt utenkjeleg.

Med så stor utvandring har det vore rimeleg god kontakt mellom nokre av dei slektsgreinene som utvandra, medan andre aldri har synt interesse for røtene i Noreg. Slik er det nok for dei fleste. Etter kvart har det vorte mange generasjonar; det er framleis kontakt mellom slekt i Noreg og tipp-tippoldebarn (5. generasjon) av dei første som drog. Fleire kjem på besøk for å finne røtene, til dels utan spesiell greie på kvar dei skal leite, og kan få dei vanlege problema med å finne fram.

Forfattaren av dette stykket er «inngifta» i familien, og opplevde for ti år sidan å bli oppringd av Gunder Bentdal på Dombås. Dei hadde besøk av ein «Broste-familie» som hadde ei anna slektsgrein der i bygda, men som ikkje visste noko som helst om kvar dei hadde namnet sitt frå. Både gjennom arbeid med bygdeboka på Lesja og familien hadde eg høve til å hjelpe, og det viste seg at senior i familien som var komen var son til den yngste av dei 12 barna til ein av første generasjon som emigrerte frå Ner-Brøste. Vi hadde derfor gleda av å vise han staden bestefaren var født. Og om ikkje det var nok; bestefaren frå Ner-Brøste vart gift i USA med ei som var født på ein av Enstadgardane på Lesjaskogen, så han fekk òg sjå fødestaden til bestemora – og det utan på førehand å ha peiling på denne slektssida. Det var ei oppleving for fleire enn han og familien hans. Ein del brev og andre private dokument, noko arkivgransking og særleg eit par besøk i Midt-Vesten har så gjeve stoff om dei aller fleste av utvandrarane i familien, som grunnlag for eit rimeleg detaljert hefte med oversyn over familiane Broste og Kleven i Amerika.

Kvifor studere berre èin familie slik? I dette stykket vil eg forsøke å sette familiehistoria inn i ein større samanheng, inn i meir allmenn prosessar som brorparten av dei som vandra ut frå Øverdalen og andre dal- og fjellbygder i denne perioden vart involvert i.

Ner-Brøste og Nedre Kleiva

øvst i Romsdalen er altså gardane denne familien er knytt til. Utgangspunktet er Ner-Brøste, den einbølte garden ein kan sjå frå riksvegen ved Stuguflotten i fjellsida mot sørvest, ved inngangen til Brøstdalen. Garden ligg på nokså nøyaktig 700 m over havet.

Det er om lag hundre år sidan Ola K. Brøste tok til på garden, og – med god hjelp av familien – dreiv fram eit mønsterbruk. Da hadde det ikkje vore fast brukar her i ein generasjon. Foreldra til Ola – Vesl-Knut og Ingeborg f. Nestande såg seg ikkje råd med fjellgarden, men kjøpte i staden Nedre Kleiva i 1872 og brukte Brøste som sæter.

Det var nok rart for gamlefolket – foreldra til Knut – Ola K. født 1811 og Sigrid f. 1813 på Gravset på Lesjaverk, å flytte frå garden dei hadde drive i ein mannsalder og fostra opp ein stor ungeflokk på.

For sjølv om vi føler vi lever i ei omskifteleg tid no ved overgangen til eit nytt hundreår, er det neppe grunn til å tvile på at dei også gjorde det for over 125 år sidan. Sigrid og Ola hadde opplevd å få 11 barn, og av desse voks 8 opp. Dessutan hadde Ola vore gift ein gong før, med Anne Persdtr. frå ein av Kleiv-gardane, og fått to døtrer med ho (namna på alle er lista sist i stykket). Den eine av desse voks òg opp i Ner-Brøste, så det hadde vore mykje folk der utover 1840- og 50-åra. Så seint som i 1865 budde det 13 menneske på garden, og det var etter måten omfattande drift med 2 hestar, 15 storfe og 28 sauer. Åkeren var tilsådd med 2,5 tønne bygg, noko som kan tyde på at han var på om lag 10–12 mål.

Men no var nok dammen i ferd med å breste. På den andre sida av havet var borgarkrigen avslutta, og den nye jordlova (Homestead-lova) som vart vedteke av kongressen i 1862 var begynt å verke. Veldige flate område med djup moldjord i eit rimeleg varmt klima i Midt-Vesten låg klare for tilnærma gratis utdeling til jordhungrige europearar. Dette vart fort kjent, bl. a. fordi ikkje så få hadde reist over før borgarkrigen.

Dei første som drog frå Brøste: Stor-Knut med familie

Eldste sonen på garden var Stor-Knut, f. 1838 (dei to eldste sønene var båe døypte Knut, og vart derfor berre kalla Stor- og Vesl-Knut). I 1862 gifta Stor-Knut seg med Anne Persdtr. frå aller vestlegaste bruket i Lesja, Kleivstugu ved Stuguflotten (bruket låg like vest for jernbanebrua). I 1865 budde dei på Ner-Brøste med eldste dottera Sigrid, og «bruger en Del af Faderens Gaard», som det står i ein merknad i folketeljinga om Knut. Året etter fekk dei ein son, som sjølvsagt vart døypt Ole. Han skreiv i vaksen alder ned historia om da familien reiste over, sjå nedafor.

Frå venstre: Stor-Knut, sonen Ole K., barna til Mathea og Ole: Charles, Martin, Anton (foran), Mathea f. Grov, Anne Pålsdtr. f. Kleivstugu. Etter Ole tok sonen Anton over farmen, og etter han igjen Omar Broste. I dag bur sonen hans, Charles Broste f. 1960 på farmen.

Siste del av 1860-åra var vanskelege i fjelldalane, og tanken om Amerika voks naturleg fram hos svært mange menneske. Slik òg her: på etterjulsvinteren i 1868 gjorde Stor-Knut og familien seg klar til å dra. I lag med fire andre familiar frå Lesjaskogen og Øverdalen, broren Mathias og eit par andre ungdomar frå Øverdalen sette dei kursen mot Bergen og seglskipet «Frigate Bird». Ole K. omtaler det som «det lille skip»; men det tok i alle fall med 326 passasjerar. Av desse oppgav 15 personar Romsdalen og 50 Lesja som fødestad.

Reisa over var vidløftig. Båten kom ut for storm to gonger, og landkrabbene frå fjellbygda trudde alt håp var ute, da veret gav seg og dei kom velberga fram til Quebec i Canada etter til saman ni veker i sjøen. Svært mange av båtane med emigrantar gjekk nettopp til Quebec på denne tida, fordi England hadde opna for fraktfart på koloniane sine for utanlandske skip. Dermed fekk skipperane returfrakt av trelast frå Canada til England.

Følgjet sette kursen for det sørvestlege Minnesota. Først tok dei truleg båt til Chicago. Så veit vi frå historia til Ole K. at dei nytta jernbane til Owatonna i det søraustlege Minnesota før dei laut leige okseskyss vidare til Mankato lenger vest. Da var det slutt på pengane, og dei laut ta beina fatt som eit anna «fantefølgje» den siste etappen på 50–60 km. Turen frå Quebec tok fem veker, så heile reisa frå Bergen tok 14 veker. Da var dei framme i Linden township i Brown county om lag 140–50 km sørvest for Minneapolis. Nett kvifor dei valde dette området veit vi ikkje, men dei kom i alle fall til eit strøk med sterk norsk busetjing frå før, og vart tekne godt vare på. Pengelense som dei var, laut Knut ta til takke med dagarbeid eit par år til han og Anne i 1870 fekk råd til å kjøpe jord og rydde seg eigen farm.

Eit seinare bilde av familien. Framme Stor-Knut og Anne, svigersonen deira Syver Enebo og dottera Sigrid (f. før dei reiste frå Noreg). Bak frå venstre (innfelt): kona til Bennie, Anne Endresdtr. Nistugu Kvam. Så kjem Bennie, Carl (som reiste til Tioga og seinare Canada), Maria f. Miller og mannen Paul K. og heilt til høgre Mathea f. Grov og Ole K.

Det første huset deira var – som vanleg blant nybyggjarane – ei torvhytte, bygd same året. Slike torvhytter var lune og brukbare om vinteren, men ikkje alltid like praktiske serleg når det regna; for taket var òg av jord og ikkje vasstett. Inventaret var sparsamt: eit par benkar gjort av halvkløyvde stokkar, eit bord som vart slege opp langs veggen når det ikkje var i bruk, eit skåp med hyller, ei seng og ein komfyr med bakaromn. To småe glas slapp inn lys. På jordgolvet var det matter av fletta gras. Taket lak både når det regna og når snøen smelta. I dette huset budde dei i mange år, til dei fekk opp eit lafta hus. I 1880 kjøpte Anne og Knut den farmen som seinare er kjent som Ole K. Broste-farmen i Lake Hanska township 6–7 km nordvest for småbyen Hanska. Der levde dei resten av livet. Båe døydde i 1908, 70 år gamle.

Anne og Knut fekk altså to barn i Noreg, og fire etter dei kom til Minnesota. Eldst var som nemnt Sigrid (1864–1954). Ho vart gift med Syver Hansson Enebo frå Systugu Einbu på Lesjaskogen (1859–1932). Dei hadde farm rett nord for Anne og Knut, fekk åtte barn og levde der heile livet.

Nr 2 var Ole, kjent som Ole K. (1866–1955). Han gifta seg med Mathea Grove frå Nord-Grøv i Valdres (1870–1959), og dei fekk fem barn. Ole K. Broste var ein kjent og akta kar i Hanska-området. I jubileumsskriftet for Lake Hanska-kyrkja frå 1969 er det teke inn eit takkedikt til han frå «Vestre Kvindeforening», datert 1944. Vi gjev att første verset:

Tak, tak ska du ha O. K. Bröste
For din opmuntring og din stötte
Du letter saa meget vort virke
For mission saa vel som kirke.

Same stad er det òg gjeve att eit dikt Ole hadde laga til 60-års-jubileumsfesten til same foreininga:

Lad os tenke paa nybygger tiden
Og forandringer fra den tid til naa
No kjører vi med bil saa det susa
Den gang maatte de streve og gaa.

Det var strevsomt at komme paa möte
De gik ofte mange mil
Det var shelden de kjörte med heste
Og de viste ikke om automobil

Men no takker vi disse kvinder
For alt som de strevet og slet
Thi de satte et eksempel for andre
Saa vi alle kan glædes derved.

Og saa en tak til alle de gamle
Deres minde vi hjemmer saa godt
Lad os aldrig nei aldrig forglemme
Hvad disse har gjort for os.

Ole K. stod i nær kontakt med heimlandet, særleg med brukaren i Ner-Brøste, syskenbarnet Ola K. Brøste (1875–1970). Som vi ser brukte han norsk språk aktivt heile livet. Han skreiv òg som nemnt ned historia om reisa over i 1868 og dei første åra (sjå litteraturlista).

Tredje barnet til Anne og Stor-Knut, Paul, vart født 1869 i Amerika, men døydde eitt år gamal året etter. Så kom ein gut til, som òg vart døypt Paul (1872–1942). Han og kona Marie O. Miller (1869–1942) født i Hurdalen gjorde som så mange andre og flytta vidare til dei nye store jordviddene som vart lagt ut i Nord-Dakota, Ruthland, der dei levde resten av livet. Dei hadde to barn.

Benjamin eller Bennie (1874–1953) var den neste. Han flytte til Milroy i Minnesota og kjøpte seg farm før han i 1904 gifta seg med Anne Endresdtr. Kvam (1880–1927) frå Nistugu Kvam på Lesjaskogen. Ho hadde reist over fire år før. I 1909 selde dei farmen i Milroy og reiste nordvestover, til Ratner heilt vest i provinsen Saskatchewan i Canada der dei rydda seg ein ny farm. Beaver Creek-forsamlinga vart organisert heime hjå dei, der Bennie var diakon i 33 år. Dei fekk fem barn.

Den siste av barna til Anne og Knut var Carl (1878-?). I 1905 reiste han heilt vest i Nord-Dakota, til Tioga-området i Williams County og tok seg land saman med syskenbarna frå Kleiva (sjå nedafor).

Dei neste: eit stort ungdomsfølgje

Mindre kjent enn Ole K. si historie om reisa over er nok skildringa til Guri Broste, f. 1845 på Vesl-Avdem i Lesja. Ho vart gift med den femte av Brøste-syskena, Hans.

Skildringa til Guri er skrive i 1936. På den tida budde ho i Major heilt vest i Saskatchewan i Canada, og var altså 91 år gammal. Ut frå det ho skriv hadde ho fått brev frå eit av barnebarna til syskenbarnet sitt, Sigrid Avdemshaugen gift med Lars E. Alnes. Brevet frå Hanska inneheldt tydelegvis ein del direkte spørsmål om pionertida, og skildringa til Guri er prega av at det er svar på desse spørsmåla. Svarbrevet var opphavleg skrive på norsk men omsett til engelsk og trykt i lokalavisa Hanska Herald. Datoen er dessverre ikkje gjeve opp på den kopien eg har fått tilsendt.

Frå skipslistene over dei som utvandra frå Bergen til Quebec veit vi at Guri og Hans og fleire andre reiste året etter Stor-Knut og familien – i 1869 – med skipet «Hulda». Det framgår ikkje av skipslistene når på året dei reiste, men av historia til Guri veit vi når ho drog frå Lesja: «Eg trur det var 11 mai vi reiste heimanfrå. Far min og ein av brørne mine køyrde oss til Veblungsneset, ein tur på 8 norske mil.»

Hans O. Broste og kona Guri f. på Vesl-Avdem framafor torvhuset dei hadde i Canada. Det var Guri her som skildra overfarten frå Noreg i lokalavisa i Hanska i 1936.

Undervegs kom det til fleire. Frå Lesja nemner ho dei ho sjølv reiste i lag med, ein familie frå Søre Nord-Hole og ei jente det ikkje har vore råd å identifisere. Frå Lesjaskogen nemner ho ei lang rad med folk som reiste. Frå Romsdalen nemner ho desse:

«Så kom vi til Romsdalen, der vi tok oss sakte nedover dalen og over sidedalane, for det var svært bratt heile vegen. Brøste-sønene, frå nærast Lesjaskogen, var mellom dei første til å slå seg i lag med oss, men dei kom frå andre sida av elva. Syver Brøste med familie og Hans, som eg seinare gifta meg med. Og Ole Brudelie og Lars Alnes, bestefar din, og Ellef Gjerdshaugen. Dei budde på høgresida av elva, der hovudvegen gjennom Romsdalen gjekk. Nils Kylling og Iver Alnes og kona; dei hadde nettopp gifta seg. Og det var fleire derfrå, men eg kan ikkje hugse namna deira. Marit Gravset og Marit Bryggja og Thor Plassen og Knut Jonsgard og det var ein dei kalla Bakar-Lars.»

Det er råd å identifisere i alt 58 frå Lesja og Lesjaskogen i dette følgjet, når ein held saman informasjonen med bygdeboka. Av dei 220 passasjerane «Hulda» tok, har 90 oppgjeve Lesja og 28 Grytten som fødestad (men fleire av romsdalingane som var med er oppførte med Lesja som fødestad, m.a. Hans O. Brøste, Horger Horgersen Kavli, Iver Ellingssen og Berit Syversdtr. Alnes, Anne Pedersdtr. Mjølva og ein Apalset-familie). Konklusjonen må i alle fall vere at Guri hadde eit godt og presist minne, når ho kunne hugse så mange av dei ho reiste i lag med, 68 år tidlegare.

Guri gjev ei meir detaljert skildring av førebuingane til og gjennomføringa av reisa med «Hulda». Vi let ho fortelje:

«Da vi kom til Bergen var ikkje båten klar for emigrantane. Han hadde vore brukt til annan last. Vi måtte derfor vente i 12 dagar medan han vart ombygd for passasjerar, men vi kunne bu der likevel. Dei sette fire store kister saman bakast i båten slik at vi kunne koke maten, og finne sengekleda på ein enkel måte. Om dagane gjekk vi rundt omkring i byen, slik at snikkarane fekk arbeidsrom. Det vart snikra sengeplassar – to høgder langs sidene på båten, ei nede ved golvet og ei over.

Vi reiste med eit seglfarty. Ho heitte Hulda, og namnet på kapteinen var Morberg. Det tok seks veker frå Bergen til Quebec.

Ja, vi hadde nok mat på turen, og vi laga maten sjølve. Når folk har det godt, finn dei på noko å fordrive tida med, og eg høyrde mange seie at dei aldri har hatt det betre enn på denne turen. Eg sydde nokre kjolar, og hekla litt no og da. Kvinnfolk finn alltid på noko å gjera.»

Vi har ofte høyrt om dei dramatiske overfartane (slik som det var med Ole K. og foreldra året før) og problem undervegs. Historia Guri fortalde er eit døme på det motsette.

Linden og Lake Hanska-området i Minnesota

var altså målet for desse første som reiste. Stor-Knut med familie kom sommaren 1868, og Guri og Hans året etter (dei gifta seg same året i Linden).

Området ligg i Brown County, eit særs fruktbart jordbruksområdet i utkanten av den eigentlege prærien om lag 140–50 km sørvest for Minneapolis. Det høyrer til det som blir kalla «Minnesota-dalen», fordi Minnesota-elva renn der – sjølv om det ikkje er mykje som minner oss om eit dalføre. Området vart svært sentralt både for romsdalingar og lesjingar (og andre frå Nord-Gudbrandsdalen, særleg frå Lom).

Det er litt rart å gå rundt på Lake Hanska-kyrkjegarden, som på så mange andre kyrkjegardar i Midt-Vesten. Her er det mest norske namn, og mange frå Romsdalen. Foto: Odd Sigmund Brøste 1999.

Minnesota – og heile Midt-Vesten – vart ein del av USA ved det såkalla Louisiana-kjøpet i 1803, da den franske keisar Napoleon selde heile det enorme Louisiana-territoriet til USA. Det var likevel indianarane som var dei eigentlege «eigarane» av jorda, og dei kvite laut inngå avtalar med dei om tilgang og løyve til å ta ho i bruk til jordbruksformål. Til den sørlege delen av Minnesota (der Minnesota-dalen er) og det nordlege Iowa fekk nybyggjarar kome etter to avtalar med indianarane frå 1851. Med desse avtalane vart om lag 96 millionar mål jord lagt ut, iflg. jubileumsboka til Lake Hanska-kyrkja. Indianarane fekk behalde eit reservat på båe sider av Minnesota-elva, ca 16 km breitt og 160 km langt, frå New Ulm til Lake Traverse.

Om lag 21 km sørsørvest for New Ulm ligg ein innsjø som hadde det indianske namnet Hanska, Lake Hanska i engelsk språkdrakt. Dette området vart ferdig oppmålt av landkontoret i 1854, og dei første nybyggjarane – fire irlendarar – kom i 1856, til det «township»-et som fekk namnet Lake Hanska. Året etter kom dei første norske, familiane Omsrud/Thordson og Torgrimson frå Valdres. Dei slo seg ned langs Hanska-sjøen og ein mindre sjø litt lenger nord, som fekk namn etter Omsrud.

Hanska-området vart så råka av det store indianaropprøret i 1862. Da braut indianarane ut av reservatet i Minnesota-dalen og gjekk til angrep på byen New Ulm og farmane over eit stort område. Indianarane visste nok at dei kvite sloss seg i mellom på denne tida i den blodige amerikanske borgarkrigen, og trudde kanskje dei hadde ein sjanse til å få att kontrollen med landet. Men opprøret vart brutalt slege ned av kvite soldatar, og leiarane til indianarane avretta.

Same året kom altså «Homestead»-lova, som gav 160 acres (á 4,05 mål) eller 640 mål jord tilnærma gratis til ein kvar nybyggjar som var 21 år eller familieforsørgjar, var amerikansk borgar eller hadde søkt borgarskap og hadde dyrka jorda i fem år. Den skulle vera lokkemedel for å få nybyggjarar til å dyrke opp prærien trass i krigen, og det verka. Da krigen var slutt i 1865, var det ikkje noko som heldt att mange millionar europearar frå å bryte opp og kome, slik vi har sett dei etter kvart gjorde frå Lesja og Romsdalen. Masseinnvandringsperioden starta.

Det amerikanske «townshipet»

Vi kan ta med nokre ord om oppmålinga av den amerikanske prærien. Ingen som har reist i Midt-Vesten kan ha unngått å legge merke til det tilnærma symmetriske rutenettet av vegar, og tilsvarande meir finmaska av gjerde eller eigedomsgrenser. Det går attende til den oppmålinga som vart gjort over heile USA etter at staten hadde fått hand om territorium indianarane gav frå seg. Da vart alle område som var eigna for oppdyrking målt opp i «seksjonar» på 1 x 1 engelsk mile (1609 meter). Ein slik seksjon vart dermed på 2599 mål (dekar) eller 640 acres.

Så vart 6 x 6 = 36 seksjonar sette saman til den lågaste administrative eininga som skulle etablerast, eit «township» etter engelsk mønster (som kanskje kan samanliknast med våre herad frå same tida). Det kunne altså vere 144 farmar i eit township, men så nøyaktig regulerte vart nok desse einingane sjeldan. Nokre farmarar sikra seg fleire kvart-seksjonar ved homestead og kjøp. Andre område var av dårlegare bonitet slik at dei ikkje vart tekne i bruk, noko vart bandlagt til offentleg formål som skular og jernbaner og nokre stykke var så gode at dei vart delte opp i mindre bruk. Og så vart det som regel bygd (minst) ei kyrkje i kvart township, i alle fall på den tettbygde delen av prærien, slik som i Lake Hanska.

Nybyggjarane måtte finne seg sitt land og registrere seg på landkontora, som heldt oversyn. Desse landkontora laga kart over kvart township, s.k. «plat maps», som gjev opp namnet på eigarane av dei forskjellige delar av seksjonane. Dei liknar på våre økonomiske kartverk.

«Plat Map» over Lake Hanska township frå 1914.

Ein «normalfarm» var på 1/4 seksjon (ein «quarter-section» eller knapt 650 mål), og den vart formelt identifisert med himmelretninga (NW, NE, SW eller SE). Seksjonane vart nummererte frå den nordaustlegaste som nr 1 til den nordvestlegaste som nr 6, så gjekk dei eit hakk sørover og gav den nr 7, så vidare austover til nr 12 osv. (sjå kartet over Lake Hanska frå 1914). Det «offisielle» namnet («grunnboksnamnet») på ein amerikansk farm er derfor – i tillegg til nøyaktig definisjon av townshipet etter meridian og landområde-grense – nokså kryptisk. Broste-farmen (Stor-Knut sin) har t.d. denne referansen: «NE 1/4 of Section 8, Township 108 North Range 31 West of the 5th Meridian». På nyare kart er township-nemninga forenkla til «T–108–N Lake Hanska R–31–W».

Dei første nybyggjarane i området budde spreidd, men det var som nemnt viktig for dei å få bygd kyrkje. Alt i 1859 kom den første kyrkja her, i nabo-townshipet Linden. Her òg kom det etter kvart mange nybyggjarar frå Lesja og Romsdalen. I 1868 kom fylgjet til Stor-Knut hit, og året etter var dei som slo seg ned i Lake Hanska med på å stifte eigen kyrkjelyd, «Lake Hanska Norwegian Evangelical Lutheran Church». Gudstenestene vart haldne omkring på farmane til dei starta bygginga av den første kyrkja i 1882. I 1870 vart det etablert formell «kommunestyring», ved at dei valde leiarar for townshipet.

Kyrkjelydane var ikkje store nok til å halde kvar sin prest frå starten. Derfor gjekk Lake Hanska-kyrkja saman med dei evangelisk-lutherske nabokyrkjene i Madelia, Linden og Butternut om å kalle ein sokneprest i 1873. I 1899 kom det jernbane til området, og dermed voks småbyen Hanska fram omkring stoppestaden. I 1901 var det 942 innbyggjarar i Lake Hanska-townshipet inkl. småbyen Hanska.

Kartet over Lake Hanska frå 1914 syner at det var mange lesja- og romsdalsnamn i grenda enno på denne tida. Stor-Knut kjøpte først jord i seksjon 36 i Lake Hanska og i naboseksjonen i Linden. Desse stykka kjøpte broren Mathias seinare av han. Stor-Knut kjøpte så det som framleis er kalla Ole K. Broste-farmen (etter sonen) i 1870. Hans og Guri kjøpte eit større område, meir enn ein det halve av seksjon 11 ca 4 km aust for Ole K.-farmen. Seinare ser det ut som om brorsonen Ole M. Broste kjøpte den farmen da Hans og familien flytta (sjå nedafor).

Kart over flyttingane til to generasjonar Broste i Amerika.

Språket

i slike område er verd ei notis for seg. Linden – Lake Hanska var altså tett folkesett med nordmenn, det syner òg den amerikanske folketeljinga frå 1880. Vi har rett nok ikkje det fullstendige folketalet frå det året (men som nemnt var det 942 tjue år seinare). I 1880 budde det i alle fall 306 menneske i Lake Hanska som enten var fødde i Noreg sjølve eller hadde mor eller far som var fødde i Noreg.

I den tidlege fasen var ikkje språket noko problem, er det skrive i 100-års-skriftet for Lake Hanska-kyrkja. Etter som alle var av norsk bakgrunn, var engelsk «gresk» for dei, fortalde alle dei gamle. Referata frå kyrkjelydsmøta er da òg skrive på norsk fram til 1930. I 1917 kom det rett nok krav om at i alle fall nokre gudstenester i året skulle haldast på engelsk…

Ein av Broste-slekta – Norraine Norsby, etterkomar etter eldste dotter til Stor-Knut, Sigrid – besøkte Noreg i 1999. Han er fødd i 1933 og voks opp i lag med foreldre og besteforeldre i Lake Hanska-området. Han lærte ikkje engelsk før han begynte i skulen…

«Pre-paid tickets» – ungdomar dreg

Det var gjerne slik at dei første som drog, trakk andre etter seg. Det er neppe tvil om at det var mykje enklare å reise når ein hadde kjentfolk som venta dit ein skulle, enn når ein berre reiste ut meir eller mindre på måfå.

Derfor ser vi forskjellar på utvandringsmønsteret, etter som kva periode det galdt. I denne første delen av «masseutvandringstida» var det høvesvis flest heile familiar som braut opp. Etter kvart vart det fleire yngre og einslege som drog. På dei store farmane var det ofte skort på arbeidskraft, og farmarane der ønskte seg gjerne sambygdingar eller søner og døtrer av sambygdingar som arbeidskraft. Dei skreiv da heim att og baud seg til å betale biletten viss dei som kom ville arbeide for denne kostnaden. Dette vart ein populær måte å emigrere på, og etter kvart vart det fleire og fleire som i utvandrarprotokollane er gjeve opp med «pre-paid» (førehandsbetalte) billettar.

Slik også med «vår» familie, brøstingane. Men først skal vi sjå på ei litt spesiell kjelde. Sommaren 1999 hadde dei noverande eigarane av Stor-Knut-farmen i Lake Hanska ryddesjau, og fann mellom anna eit gamalt brev frå Noreg. Det var skrive av gamle Ola K. Brøste (1811–1887) til barna i Amerika og datert 28. september 1874. Vi gjev att litt av av innhaldet:

Kjære Børn!

Da det er snart hengaaet 1 Aar siden vi havde Brev fra Eder, og vi da skrev Eder tilbage og intet Svar har faaet, saa vil vi nu skrive Eder til, dels for at tilkjendegive vor inderlige Længsel efter at faa Brev fra Eder og dels for at fortælle om vor Tilstand her. Vi ere, Gud ske Tak, alle friske og lever som sædvanligt. Det samme skulde vi ønske at faa høre fra Eder ogsaa. Deres Bror Knud har nu overtaget ikke alene Kleven men ogsaa Brøste, men vi gamle har endnu ikke taget fra vort Kaar, saa vi endnu gaar sammen med dem i Brød. Knud og Ingeborg har faaet sig en liden frisk og trivelig Datter kaldet Sigrid, hun var født den 25 April forrige Vaar. Eders Søskende ere friske. Ole og Karn er hjemme Sigrid paa Stokke og Beret hos Ole Hole. Vi skulde inderlig gjerne ønske at høre om De anser det raadeligt og tjenligt for Ole og Berit at komme til Amerika. De kjender Tiderne og Forholdene der i Vest bedre som har været der saalenge og levet Eder ind i Forholdene, og derfor bede vi Eder give os Svar og Raad paa dette efter Eders bedste Overbevisning. I Tilfælde af, at De anser det raadeligt for dem at komme saa vil vi være saa fri at spørge Dem, om De vilde og kunde koste Billetten over for Beret mod at hun selv oppetjente det igjen der. Ole koster sig selv.
…
En Ting vi glemte fortælle Eder, er at Fredrik Bjørneberg med sin Familie vil i kommende Vaar reise til Amerika, og da kunde Ole og Beret faa godt Følge om de vilde reise og kunde blive færdige til den Tid.»

Resten av brevet handlar om tilhøva i heimegrenda, kven som var døde, korleis det var med årringane og prisane o.l. Men vi ser at alt no spurte gamle Ola om dei barna som var reist i forvegen kunne koste reisa for Beret.

Det vart rett nok ikkje slik. Korkje Ola eller Beret reiste året etter. Beret og yngste systera Karen kom seg i veg i 1878 i lag med ei gruppe lesjingar. Det same gjorde Ola i 1880, og Sigrid i 1881. Det er berre Sigrid som er registrert i emigrantprotokollen med «pre-paid ticket», men det treng ikkje tyde at dei andre betalte sjølve.

Alle dei yngste gifta seg i Amerika. Tre av dei slo seg ned i sørvest-Minnesota. Karen (1858–1940) og han som skulle bli mannen hennar, Niklas Olsson frå Øvre Stuguflotten på Lesjaskogen (1849–1922) emigrerte same året, 1878, men ikkje saman. Dei var gift og budde i Linden i 1880.

Berit (1855–1922) og han ho skulle gifte seg med, Syver Olsson frå Nistugu Kvam på Lesjaskogen (1838–1906) kom til Rapidan i Blue Earth County om lag 40 km aust for Lake Hanska truleg sist i 1870-åra. Tvillingsystra Sigrid (1855–1936) kom etter i 1881. Berit og Sigrid gjorde «syskenbyte», for Sigrid gifta seg med bror til Syver, Ole (1841–1924). Dei slo seg òg ned i Rapidan.

Den eldste av dei syskena som levde opp, Lisbet (1832–1898), født i første ekteskapet til gamle Ola K., var òg den siste som emigrerte. Mannen hennar var Anders Andersson (1807–1873), og dei var brukarar i Brulia i Øverdalen. Dei hadde fem barn som levde opp, og alle reiste til Amerika. Den eldste, Rønnaug (1860–1893) var gift med Jakob Knutsson Rødstøl (1862–1936), og dei og dei yngre syskena reiste alle saman med Lisbet over Bergen hamn i 1883. Lisbet var da enkje. Denne familien kom òg til Rapidan, så det er nok rimeleg sannsynleg Lisbet hadde hatt kontakt med halvsyskena sine.

Vidare vestover: Dakota og Canada

Karen og Niklas Stueflotten ser ut til å ha vore dei første som reiste vidare vest-nordvestover. Dei var komne til Devils Lake-området i Nord-Dakota i 1892. Nokre år seinare – vi veit ikkje nøyaktig når – flytta denne familien nordvestover til den vide Canada-prærien, til Lashburn i den vestlege delen av sentrale Saskatchewan der dei rydda seg farm. Det er mogleg dette var dei første av «brostingane» som flytta til dette området, og som deretter trakk andre etter seg. Karen og Niklas fekk 10 barn. Dei fleste flytta attende til USA, mange til Vestkysten (California).

Hans og Guri budde først i Linden før dei som nemnt flytta til ein farm i seksjon 11 i Lake Hanska, der dei budde ved folketeljinga i 1880. I 1897 reiste dei vestover, og budde ei tid i Sisseton, Roberts Co. i Sør-Dakota før dei drog til Kerrobert i Canada i 1911. Dei hadde ni barn, og dei fleste av dei vart verande i Canada.

Ny generasjon og nye farmar: Kleiven-brørne i Tioga, ND

For denne første generasjonen vart altså Dakota berre ein mellomstasjon; dei reiste vidare til Canada. Men for neste generasjon var Dakota eit alternativ kring førre hundreårsskifte. Da var rett nok den beste jorda – Red River-dalen på grensa mellom Nord-Dakota og Minnesota – for lengst oppteken, så dei laut reise lenger vest. Her ser vi at det framleis må ha vore ikkje ubetydeleg kontakt mellom familiane i Noreg og Minnesota, for no finn vi att nokre unge gutar i Pleasant Valley township ved småbyen Tioga i Williston County, ikkje langt frå grensa til Montana. Dit kom to av sønene til den einaste av første generasjon som vart att i Øverdalen, «Litl-Knut». Han hadde altså kjøpt Nedre Kleiva og budde der med familien, så barna hans nytta Kleiven (Kleven) som familienamn. Fem av dei, Per (1878–1964), Marit (1880–1954), Mathias (1883–1963), Marie (1885–1960) og Kristine (1887–1968) reiste til Amerika.

Per var den første. I 1901 reiste han til Ole K. Broste-farmen i Lake Hanska, og fekk seg arbeid der. Så kom broren Mathias i 1903, og sommaren året etter braut dei opp og reiste vestover. Om hausten søkte dei om amerikansk statsborgarskap første gongen og registrerte «kleim» (claim) på kvar sin kvartseksjon i Pleasant Valley.

Hit kom òg to andre ungkarar av norsk avstamming, Carl Feiring og Hans Jordal, og desse fire bygde seg torvhus nokså nært saman på den øyde Dakota-prærien våren 1905. Året etter kom så Carl Broste, yngste sonen til Stor-Knut i Lake Hanska, og «kleima» ein kvartseksjon ved sida av Per. Desse fem budde i det som i området vart kalla «ungkarsbyen», og starta straks med rydding og dyrking, slik dei måtte for å få behalde jorda. Vi skal elles vere klare over at det var og er stor forskjell på den djupe præriejorda i det sørlege Minnesota og den mykje meir steinfylt jorda her i vest. Her kosta det slit å få seg ein rimeleg bra farm, på ein heilt annan måte enn i Minnesota.

Slekta har teke vare på nokre dokument og notat som fortel om dei første åra. Torvhuset Mathias bygde var på 8 x 16 fot (knapt 2,5 x 5 meter), Per sitt på 8 x 10 fot (2,5 x 3 m) og Carl sitt på 12 x 12 fot (3,7 x 3,7 m), så det var ikkje store arealet dei hadde. I 1905 starta dei jordryddinga på farmen til Per, der dei dyrka 6 acres (24 mål). Året etter dyrka 11 acres hos Mathias, 12 acres hos Per og 7 acres hos Carl, og i 1907 9 acres hos Mathias og 7 acres hos Carl. I tillegg hadde dei rydda 38 acres (152 mål) for stein hos Per i 1906 og heile 65 acres (260 mål) for Mathias året etter. Frå 1907 fekk dei avling på jorda.

Heime i Noreg sat eldste broren, Ola K. att. Faren deira, Litl-Knut åtte altså to gardar, og Ola valde å slå seg ned i Ner-Brøste, som faren hadde brukt som sæter. I 1910 valde så Per å reise heim att og ta over Nedre Kleiva. Han selde farmen sin til Carl Feiring, men i 1915 kjøpte Mathias den jordvegen og slo han saman med sin eigen farm.

Heller ikkje Carl Broste frå Lake Hanska vart verande i Pleasant Valley, trass i det fine namnet, som truleg var påsett for å lokke folk til å kome… Han reiste frå området i 1911, truleg nordover til slekta si i Canada, og selde jorda til ein Torgrimson. Carl budde i Ratner, Canada da broren Bennie døydde. Så vidt vi veit var han ikkje gift eller hadde etterkomarar. Mathias leigde òg jorda som Carl opphavleg rydda frå 1914 til han kjøpte ho i 1940.

Det var altså Mathias Kleven som bygde opp «slektsfarmen» her i det vestlege Nord-Dakota. Han fekk ei jente frå Øverdalen over, Gina Jørgensdtr. Gjershaug (1887–1974), og dei gifta seg i 1914. Dotter deira bur på farmen i 2000, men jorda er bortleigd. Mathias og barna heldt god kontakt med familien heime i Øverdalen, og besøkte heimbygda fleire gonger.

Desse «etappe-flyttingane» også etter at folket vårt var komne over havet er ikkje utypisk for norske emigrantar i USA. Vi skulle kanskje tru folk slo seg til ro når dei først hadde fått seg ein god farm i sørvest-Minnesota. Men det har vist seg at når eit menneske først hadde teke det store skrittet og reist frå heimlandet, vart det seinare ikkje så tungt å bryte opp på nytt viss det såg ut til å by seg betre høve ein annan stad. Dessutan var (og er) Amerika eit mykje meir mobilt samfunn enn vårt, så oppbrot og flytting var meir vanleg også i dei norskprega områda.

«Bondefangeri»? Grove-familien bytter hus mot farm

Den siste lagnaden vi skal sjå litt nærare på, er den eldste av døtrene til Litl-Knut, Marit Kleiven (1880–1954). Marit kom til Amerika i 1900 på «prepaid» billett, og arbeidde først på Broste-farmen i Lake Hanska til billetten var betalt. Deretter var ho ei tid på farmen til onkelen Peder P. Nestande i Renville Co., mellom Hector og Fairfax, og så reiste ho til St. Paul der ho arbeidde på hotell.

Vi har ei lita skildring etter Marit, der ho fortalde kvifor ho reiste. Det var sonen, Arthur Grove, som i yngre år (truleg i 1950-åra) hadde lyst til å reise til Japan for å arbeide. Marit var sterkt imot. Arthur sa da: «Du reiste frå heimen din i Noreg og visste du aldri fekk sjå att familien din. Viss eg reiser utalands er det berre mellombels; eg kjem jo att!» Til det svara Marit: «Ikkje ver for trygg på det. Kvifor vil du reise frå Statane? Du har alt her. Eg reiste frå Noreg fordi eg ikkje hadde noko der, og Noreg hadde ikkje noko til meg.» …

Kona til syskenbarnet Ole K. på Broste-farmen var som nemnt frå Nord-Grøv i Valdres. Bror hennar, Christen Grov (1875–1964) var òg i Minnesota, og mykje tyder på at han møtte Marit i Lake Hanska. I 1903 gifta dei seg, og slo seg ned i St. Paul som dei einaste i slekta som vart bybuarar, i alle fall for ei tid. Christen var snikkar og hadde mykje å gjere i åra som fylgde. Familien voks, og i 1916 hadde dei seks barn. Da fekk Christen eit innfall, kanskje prega av verdskrigen og frykt for om han kunne klare å fø familien i den krisa som såg ut til å kome. Ein kar kom frå heilt nørdst i Minnesota og baud fram farmen sin i bytte for huset i St. Paul. Christen slo til, utan å ha sett staden(!) – slik slekta heime har oppfatta historia.

Det er i alle fall ikkje tvil om at familien flytta nordover til den vesle staden Roosevelt i Lake of the Woods County rett sør for sjøen med same namn på grensa til Canada. Her låg farmen, som knapt nok hadde hus, møblar, ikkje elektrisitet og var omgjeve av myrlendt mark som vart oversvømd i flaumtidene. Det kan vere grunn til å tru at Marit og Christen vart «bondefanga», men dei gjorde det beste ut av det, bygde opp farmen som framleis ved hundreårsskiftet er i drift med allsidig plante- og kjøtproduksjon, sandtak m.m. To av barnebarna driv no farmen saman.

Arbeidsvandring i 1920- og 30-åra

1920-åra var ei vanskeleg tid i Noreg og mange andre europeiske land. Amerika opplevde berre ei kortvarig krise etter 1. verdskrigen, før ei oppgangstid starta som varte heilt til det store krakket i 1929.

Desse tilhøva førte til auka innvandring til Amerika att, men no var ikkje behovet for ny arbeidskraft det same i den «nye verda». Prærien var busett og det var nok arbeidsfolk i fabrikkane. Derfor avgrensa amerikanarane innvandringa; gjennom lovgjeving vart det sett kvotar for kor mange som fekk kome frå dei forskjellige europeiske landa. Det førte elles til at ein større del av utvandringa no gjekk til Canada i staden for USA.

Alt før verdskrigen hadde det etter kvart blitt meir vanleg at unge jenter og (oftast) gutar reiste over på meir kortvarige opphald, for å arbeide og skaffe seg ein startkapital før dei reiste heim att og stifta familie. Verdskrigen sette ein førebels stoppar for denne arbeidsvandringa, men i etterkrigskrisa var det framleis freistande å prøve lykka. Fleire unggutar frå Øverdalen reiste over på arbeid nokre år sist i 1920-åra og først i 30-åra. Mellom desse var to av sønene til Ola K. Brøste: Knut (f. 1902) reiste i februar 1928 og Johan (f. 1906) reiste med Stavangerfjord frå Oslo i juli 1930 (og betalte kr 712,86 i frakt).

For Knut og Johan var det nok ein stor fordel å kunne kome til nær slekt på Klevenfarmen i Nord-Dakota. Frå der reiste dei så vidare på «skogscamp». I desse arbeidsleirane i dei svære ceder- og furuskogane på Vestkysten var det nok god forteneste å hente, men òg særs hardt arbeid.

Knut og Johan reiste heim att sommaren 1932. Knut – som hadde kjærast heime – tenkte kanskje på å hente Erika og reise over att for å bli amerikanar. Men etter krakket i 1929 vart det vanskelegare tider i USA medan vilkåra sakte betra seg her til lands utover 30-åra. Så korkje Knut eller Johan fann at dei ville reise for godt; dei slo seg til ro og vart gardbrukarar på Ner-Brøste og Marstein.

***

Vi har i dette stykket sett litt nærare på utvandringshistoria til éin familie frå Øverdalen. Ho er på eitt vis eineståande for denne familien. Men på andre måtar er ho typisk, for dei nærare 800.000 einskildmenneska som gjorde som Marit Kleiven (f. 1880): forlet barndomsheimen utan håp om nokon gong å sjå att foreldre, familie og vener.

Vi har hatt høve til å sjå døme på fleire former for utvandring: først familieutvandringa i 1860-åra, deretter ungdomsutvandringa i 1870- og 80-åra og så med ein ny generasjon kring hundreårsskiftet. Til sist såg vi eit par døme på arbeidsvandring i mellomkrigstida. Det kan seiast å vere slutten på den fasen av flytting mellom den nye verdsdelen og Noreg som vi altså kallar masseutvandringa.

Familien vi har sett på:

Ola Knutsson Ner-Brøste, 1811–1887, gift 1. g. 1832 m. Anne Persd. Kleiva, 1804–1836. Barn:

  1. Lisbet, 1832–1898, g. m. Anders Anderssen Brulia, til Amerika 1883.
  2. Kari, 1835–1836.

Ola g. 2. g. 1837 m. Sigrid Hansdtr. Gravset frå Gravset på Lesjaverk, 1813–1893. Barn:

  1. Knut («Stor-Knut»), 1838–1908, g. m. Anne Persdt. Kleivstugu, til Amerika over Bergen i 1868.
  2. Knut («Litl-Knut»), 1840–1910, g. m. Ingeborg Persdtr. Nestande, vart verande i Noreg, tok over Brøste og Kleiva, fem av barna til Amerika, ein kom att.
  3. Hans, 1843–1924, til Amerika over Bergen i 1869, g. m. Guri Hansdtr. Vesl-Avdem.
  4. Anne, 1844–?, Røvig har at ho reiste til Amerika i 1869, men iflg. Arthur Grove døydde ho som ung, noko som sikkert er rett sjølv om dødsfallet ikkje er funne i kyrkjeboka (som er nokså uleseleg for nokre av 1850-åra). Ho finst heller ikkje i folketeljinga 1865.
  5. Ola, 1846–1924, til Amerika over Bergen i 1880, g. m. Christine Sætrum, eller ukjent.
  6. Mathias, 1846–1847.
  7. Mathias, 1849–1913, til Amerika i 1868, g. m. Anne Johannesdtr. Sørpå Enstad.
  8. Lars, 1852–1854.
  9. Sigrid, 1855–1936, til Amerika i 1881, g. m. Ole Olsson Nistugu Kvam.
  10. Berit, 1855–1922, til Amerika i 1878, g. m. Syver Olsson Nistugu Kvam.
  11. Karen, 1858–1940, til Amerika i 1878, g. m. Niklas Olsson Øvre Stuguflotten.

Kjelder og litteratur

Digitalarkivet på Internett, http://digitalarkivet.uib.no/ der det no er utlagt særs mykje emigrant-informasjon, m.a. skipslistene til Quebec, dei aller fleste emigrantprotokollane som finst, folketeljingane for Noreg 1865 og 1900, nordmenn i amerikanske folketeljinga m.a. 1880. I tillegg finst store mengder eigedoms-, folketeljings- og borgarskaps-informasjon utlagd på Internett frå USA.

Broste, Ole K.: «Den første tida i Amerika». Trykt i Årbok for Gudbrandsdalen 1983 og Åndalsnes Avis 1948.

Grove, Arthur: Nestande. Utrykt slektshefte datert 1.9.1987.

Grunnboks-informasjon, dokument og brev i privat eige i Noreg og USA.

Kjelland, Arnfinn: Bygdebok for Lesja. Gards- og slektshistorie. Utg. av Lesja kommune, bd 1 Lesjaskogen (1987), bd 2 (1992), bd 3. (1996).

Kjelland, Arnfinn: Broste og Kleven (Grov) i Amerika. Utrykt slektshefte, under arbeid.

Lake Hanska Church. Tre jubileumshefter: «1869–1944», «1869–1954» og «1869 – Centennial – 1969».

Lovoll, Odd S.: Det løfterike landet. En norskamerikansk historie. 1. utgave 1983, ny utgv. Universitetsforlaget 1997.

Røvig, Henrik O.: Noen familier og ætter av Raumadalsfolket. Åndalsnes 1965.

Semmingsen, Ingrid: Drøm og dåd. Utvandringen til Amerika. Oslo 1975.

Semmingsen, Ingrid: En verdensmakt blir til. De forente staters historie. Oslo 1946 og seinere utg.

Semmingsen, Ingrid: Veien mot vest. Utvandringen fra Norge til Amerika 1825–1915. Bd. 1–2. Oslo 1941–50.