Jørgen Amdam:

 

VEGVAL FOR SOGN OG FJORDANE

 

 

Notat – Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda.

Volda 30.1.2002
Innhald

INNLEIING.. 3

SITUASJON OG UTFORDRINGAR SAMFUNNET. 4

Småskalasamfunn. 4

Småskalastrategi – fleksibel spesialisering - samarbeid. 5

Dei gode sivile samfunna – gode for alle?. 6

Produserande næringsliv – underutvikla service. 7

Offentleg verksemd.. 7

Strategiar.. 9

Bygdeutvikling. Lokal kopling av funksjonar. 9

Offentleg utviklingsarbeid og samarbeid. 10

Utvikling av regional struktur og arbeidsdeling. 10

Vidare næringsutvikling. 10

Vidareutvikling av regionalt demokrati 11

 

 

 

 

 

 

Forord

Dette notatet er skreve på oppmoding frå mellom anna KS og fylkeskommunen i Sogn og Fjordane. Formålet er å ”provosere” og ”vekke debatt” ved å sjå på fylket utanfrå. Sjølv om mange av trendane og tilhøva eg har peika på kan oppfattast som å vere ”sett på spissen” har eg lagt vekt på å byggje på eksisterande forsking, utgreiingar og politiske innspel sjølv om dokumentasjonen ikkje er teke med her. Mellom anna har eg bygd på arbeidet med ”Scenario for Vestlandet” som eg var leiar for og ”Vestlandsutredninga” som vart leda av Einar Leknes ved Rogalandsforskning og som eg deltok litt i.

 

 

Volda 30 januar 2002

Jørgen Amdam



INNLEIING

Målet med notatet er å peike på nokre overordna utfordringar for samfunnet generelt og for offentleg verksemd spesielt og å peike på moglege strategiar for å møte desse. Notatet er ingen plan, men kan vere eit grunnlag for vidare debatt og planlegging. Notatet er bygd opp etter modellen på figuren nedanfor og med tre hovuddelar; a) det sivile samfunnet b) næringslivet og c) offentleg verksemd.

SITUASJON OG UTFORDRINGAR SAMFUNNET

Ein kunne her peike på mange utfordringar som minkande folketal, mangel på arbeidskraft, lite utvikla servicenæringar, avstandsulempar m.m. men den aller viktigaste utfordringa er knytt til at kommunar, regionar og fylket er særeige på Vestlandet, det er eit

Småskalasamfunn

Sogn og Fjordane er prega av mange og små samfunn, mange og små bu- og arbeidsmarknadsregionar, kombinert med ein sterk identitet til fylket. Det er mitt bestemte inntrykk at innbyggjarane har eit velutvikla ”identitetshierarki” knytt til bygda, kommunen, fogderiet og fylket. Bu- og arbeidsmarknadsregionar som eit ”mellomområde” over kommunenivå, synes å vere lite utvikla som identitetseining. Bakgrunnen kan ein også sjå av figuren nedanfor henta frå ”Vestlandsutredningen”, og kartet over tettstadstruktur og ”byregionar”.

Hordaland og Rogaland er prega av få og store regionar. Bergensregionen omfattar 35% av befolkninga i dei tre Vestlandsfylka (910.000), Stavanger m/omland 27%, Haugesund m/ omland 14% - til saman 76% av folketalet. Sogn og Fjordane har berre 12% av folketalet og er det ingen region som har meir enn 3% av folketalet på Vestlandet (Førde m/ omland, ca. 25.000). Fylket er her delt inn i 5 slike regionar, men svært mange av kommunane i fylket – tilsvarande 3% av folketalet i dei tre Vestlandsfylka – fell utanom omlanda til dei fem ”sentrumsregionane”. Dette på trass av dei storstilte kommunikasjonsforbetringane i fylket dei siste åra. Avstandane er for store og befolkningsgrunnlaget for lite til at ein kan få regionar av ein slik storleik at dei kan konkurrere med ”storbyane” lenger sør – alle med over 160.000 innbyggjarar i sine omland. Om ein ser nordover til Møre og Romsdal har ein der tre byregionar, alle under 100.000 men over 40.000 innbyggjarar i bu- og arbeidsmarknadsområda, utanom desse er situasjonen i stor grad som i Sogn og Fjordane.


 


Småskalastrategi – fleksibel spesialisering - samarbeid.

Innan regional utvikling står ”stordriftsideologi” opp mot ”fleksibel spesialisering”. Ein stordriftsregion eller eit stordriftskonsern kan satse på å verte mest mogleg ”sjølvforsynt” og oppnå økonomisk forbetring gjennom mellom anna ”masseproduksjon” og gjennom sterk sentralstyring og samordning. I småskalasituasjonar er dette vanskeleg å oppnå, men ein kan vere konkurransedyktig gjennom høg grad av spesialisering om ein samstundes samarbeider med andre – også dei store. I staden for ”kommando frå toppen” krev dette at einskildsamfunn er initiativrike, har stor lokalmakt, samarbeider tett med andre og stor fleksibilitet i val av løysingar. På tilsvarande måte kan ein verte konkurransedyktig innan ”nisjeområde” og ved å vere tidlegare, meir fleksible og ”flinkare” enn andre til å utvikle nye produkt, nye marknader m.m. Forholdet mellom dei ”få store” og dei ”mange små” føretaka i ein nasjon eller region kan vere eksempel her.  

Som samfunn er det ingen område i Sogn og Fjordane og heller ikkje mogleg å skape område som kan utnytte ”stordriftsfordelar” som er tilnærma like dei ein kan få i Bergen, Stavanger eller Haugesund – til dømes innan offentleg og privat tenesteyting – til det er ”marknadane” for små kvar for seg. Det er heller ikkje mogleg gjennom vidare kommunikasjonsendring, folkeflytting m.m. å skape eit stort bysamfunn i Sogn og Fjordane og som vil kunne dominere sitt omland som dei to store byane lenger sør.

 

Om ein skal konkurrere krevst det ein ”småskalastrategi” der ikkje ”alle satsar på alt”, men der ein utviklar ei arbeidsdeling mellom samfunn og utnyttar spesielle eigenskapar, kunnskapar, geografiske føremoner m.m. Men dette må gjerast demokratisk – dvs. at fellesoppfatningar vert utvikla og flest mogleg støttar opp under slike strategiar gjennom sine eigne vedtak og handlingar. Ein storbyregion som Bergen kan utvikle seg til å vere ”spesialist på nesten alt” t.d. innan service. Dette er ikkje mogleg i Førde eller i andre regionar i Sogn og Fjordane fordi folketalet i dei nære omlanda er under 10% av det i Bergen – men det kan vere mogleg at i ein region utviklar ”kluster” innan spesielle former for reiseliv og oppleving, i ein annan region ”utdanning og forsking”, ein tredje region ”handel”, ein fjerde region ”marin verksemd” osv. Nokre slike særdrag er alt under utvikling, andre må utviklast gjennom samarbeid, sams forståing av situasjon og utfordringar og ved semje om respons.

 

Dei gode sivile samfunna – gode for alle?

Kommunane i Sogn og Fjordane er vanlegvis blant dei aller beste kva gjeld sosiale tilhøve og levekår. Med unntak av Fjora (6,3) har alle kommunar ein betre sosialindeks enn gjennomsnittet for kommunane i Noreg (ca. 5,5) (Hjulet 2001, SSB). Forventa levealder er høgre i fylket enn for dei fleste andre. Slike forhold viser at innbyggjarane har det materielt godt i fylket. Det slike granskingar fortel lite om er korleis samfunna vert opplevd – gir dei utfordringar og opplevingar som ulike grupper av innbyggjarar ønskjer – i kombinasjon med materiell og sosial tryggleik og kulturell og lokal identitet.

Flyttestraumar, granskingar av bustadønske m.m. tyder på at dei fleste lokalsamfunna i Sogn og Fjordane fungerer meget godt for dei veletablerte, eldre og for barn – medan ungdom og hushald i etableringssituasjonen har større vanskar.

Ungdom. Alle samfunn må forvente ei viss ”lekkasje” av ungdom og unge hushald som vil ut og få utdanning og erfaring. Ei større utfordring er manglande tilbakeflytting og ”nyrekruttering”. Spesielt er det utfordringar knytt til ”manglande urbane opplevingstilbod”, manglande utvikling av lokal og kulturell identitet på grunn av manglande deltaking i kultur- og andre aktivitetar, utdanning og spesielt arbeidsplassar som samsvarar med dei utdanningsval og karriereforventningar som ungdom har. Eit stort problem her er også at begge i hushald treng arbeid og dess meir utdanning dess vanskelegare er det å finne arbeid for begge i små regionar. Mykje reising for å nå arbeid og for å delta i samfunnslivet kostar tid, krefter og pengar.

Eldre. Sidan samfunna er så gode å leve i, kvifor har ein ikkje større innflytting av til dømes pensjonistar (i 2000 hadde fylket litt nettotilflytting i aldersgruppa 6 til 15 og 40 til 59 år, men nettoutflytting av pensjonistar og stor nettoutflytting av ungdom). Er fylket for dårleg til å marknadsføre seg som eit opplevings- og omsorgsfylke (og vil ein det)?

I mange av utkantkommunane i fylket er omsorg for eldre mellom dei viktigaste arbeidsplassane. I desse kommunane er det forventa at talet elder over 80 år vil gå drastisk tilbake dei komande 20 åra. Kan det vere mogleg å tenke seg omsorg og oppleving for strategiske grupper eldre som arbeidsplasskapande aktivitetar i slike kommunar?

Frivillig aktivitet – levande demokrati. Det typiske i velfungerande samfunn er ein livleg samfunnsdebatt og mange og aktive organisasjonar – politiske, kulturelle og andre. Mitt inntrykk er at Sogn og Fjordane har eit slikt aktivt samfunnsliv – men at ein også her har aukande fragmentering og dyrking av eigeninteresser. Typiske indikatorar er at politiske og allmenne organisasjonar har rekrutteringsvanskar medan meir spesielle og særinteressebaserte organisasjonar aukar i tal og har aukande oppslutning. Dette treng ikkje å vere eit problem om ein får desse til å fungere i saman ved at ein etablerer sams arenaer og utviklar relasjonar mellom dei. Men dette krev at ”nokon” tek slike initiativ og sørgjar for at den allmenne og samfunnsrelaterte debatten om samfunnsutvikling i notid og framtid fungerer.   

Kunnskap – relasjonar – mobilisering. For å utvikle samfunna må ”det sivile samfunnet” utviklast aktivt på same måten som næringslivet og offentleg verksemd. Utfordringane er: Korleis skal vi få bygda/lokalsamfunnet til å fungere som ein sams sosial arena? Korleis skal vi få ”regionen” (bu-, arbeids-, teneste- og kulturområdet) til å fungere som sams arena? Korleis få det lokale og det regionale til å fungere mest mogleg saman for å skape identitet og bulyst?  Dette er nært knytt til det sosiale livet og brei deltaking i aktive frivillige organisasjonar innan kultur- og samfunnsliv. Dette krev ei systematisk kompetanseutvikling og kunnskapsheving i og om individ, hushald og frivillige organisasjonar – både formell og ”taus” kunnskap, utvikling av relasjonar mellom aktørar i og utanom samfunnet og utvikling av evna og vilja til ”mobilisering” – dvs. aksjonar og handlingar for å skape ønskt endring i samfunnet. Det sivile samfunnet må aktiviserast og ansvarleggjerast. Det krev også at ein må gjenreise dei lokale møteplassane og aktivitetane og samstundes utvikle dei regionale som sams arenaer for dei lokale.

 

Produserande næringsliv – underutvikla service

Fylket og dei ulike regionane i fylket har betydelege utfordringar innan næringsutvikling. Frå 1992 til 1998 hadde alle regionane i fylket mindre sysselsettingsvekst enn landet. Fylket er prega av vesentleg høgre sysselsetting innan primær- og sekundærnæring enn landet og lægre privat tenesteyting retta inn både mot personar og føretak. Dette er ein typisk situasjon for område med lav urbaniseringsgrad og manglande storbyar. Fylket har svært høg eksportaktivitet, kvar innbyggar eksporterte varer for ca. 84.000 kr. i år 2000 (utanom olje/gass), berre Vest-Agder hadde høgre vareeksport. Til samanlikning var vareeksportverdien per innbyggjar berre ca. 14.000 kr. frå Oslo og Akershus. Samstundes er det store variasjonar mellom område i fylket.

·        Primærnæringane, spesielt jordbruk, er viktige for alle delar av fylket. Frå 1992 til 1998 gjekk sysselsettinga ned med heile 25% og ein må rekne med at endringane i landbrukspolitikken slå svært sterkt ut i fylket som i andre rurale område. Spesielt vi dette ramme dei mest perifere og tyntfolka områda. 

·        Delar av fylket har ein næringsstruktur som er sterkt avhengig av produksjonsnæringar i ein ”solnedgangsfase” (t.d. store, tradisjonelle industriføretak eigd utanom regionen) og omsorgsretta offentleg tenesteyting og som derfor kan ha store omstillingsproblem. Dette krev ei spesielt høg evne til å klarleggje utfordringar så tidleg som mogleg og raskt å utvikle evne og strategi for å møte dei – t.d. kva som skjer innan politikk og i styrerom utanfor områda.

·        I andre delar av fylket er industrien i langt større grad bygd på ”verkstaden” som modell og med m.a. maritim verksemd. Ytre del av fylket er industrielt ein del av ”det maritime Nordvestlandklusteret” bygd på ”fleksibel spesialisering” og som har vist stor omstillingsevne. Her er det viktig at desse ”kluster-relasjonane” med base i Ålesund/Ulstein vert ført vidare og forsterka. 

·        Det er mange småføretak i fylket og desse er svært viktige for den vidare utviklinga. Samstundes kunne mengda med nyetablerarar aukast betydeleg. Ei stor utfordring er at svært mange ungdom ikkje ser det som attraktivt å ”starte for seg sjølv” eller å vere føretaksleiar.

·        Reiselivsnæringa er i stor grad utvikla ”nedanfrå”. Samstundes er ”globaliseringa” sterk innan bransjen – spesielt innan hotell – med kjededanning og sentralisering av marknadsføring m.m. På den andre sida ser ein internasjonalt ei sterk utvikling av ”omsorg og oppleving” spesielt knytt til ei stadig lægre gjennomsnittleg reell pensjonsalder. Dette har i utlandet ført til etablering av ”pensjonistbyar” og mange opplevings-, rehabiliterings- og omsorgstilbod for slike grupper. Dette kan vere eit framtidig satsingsområde for regionar i fylket.

·        Føretaksretta tenesteyting er spesielt ”underutvikla” – det same gjeld i høg grad personretta privat tenesteyting. 

 

Sysselsettingsendring frå 1992 til 1998. Situasjon i 1992 = 100%.

 

Syss.v. 92-98

Primær-næringer

Sekundær-næringer

Personrettet priv. tj.yt.

Bedriftsrettet priv. tj.yt.

Offentlig tj.yt.

Rogaland

116 %

89 %

115 %

122 %

132 %

113 %

Hordaland

113 %

93 %

115 %

121 %

129 %

101 %

Sogn og Fjordane

105 %

75 %

109 %

110 %

119 %

109 %

Møre og Romsdal

112 %

79 %

117 %

116 %

124 %

111 %

Vestlandet

113 %

84 %

115 %

119 %

129 %

107 %

Norge

114 %

86 %

110 %

119 %

139 %

108 %

 

Som tabellen ovanfor viser har næringsendringane vore meir negative i fylket enn i dei andre fylka på Vestlandet. For fylket er det svært viktig at ein raskt utviklar strategiar for korleis ein vil møte utfordringane som er knytt til den pågåande omstruktureringane i næringslivet. Vil ein satse på ”erstatningsindustri”, etablerarverksemd, på meir sjølvutvikla næringar til dømes innan reiseliv og omsorg eller ein kombinasjon? Utfordringane er ulike langs kysten der det er store moglegheiter innan havbruk og oppdrett, og inne i fjordarmane der ein nok må fokusere på ”grøn” omsorg og oppleving som framtidsnæringar. For heile fylket er utfordringa å utvikle servicenæringane, spesielt dei private – noko som vil krevje bevisst satsing på regionale senter og kommunikasjonar. Uansett er dette utfordringar som er for store for dei einskilde kommunane. Dette krev haldningsendring og motivasjon i kombinasjon med tilrettelegging og risikokapital. Næringslivet, offentlege aktørar og samfunnsorganisasjonar i regionane og i fylket må samarbeide med kvarandre og også byggje alliansar/partnarskap med andre om ein skal lukkast.

 

Offentleg verksemd

Om ein ser dei langsiktige overordna prosessane innan offentleg verksemd så kan dei truleg oppsummerast slik:

·        Frå samtale til sektorkalkyle (kommando)? Medan 80- og 90-talet i stor grad var prega av desentralisering, lokal tilpassing og mindre tru på kalkyle og ”harde fakta”, tyder mykje på at sentralstaten er i ferd med å verte meir funksjonell og ”bereknande” ut frå idear som ”New Public Management”. Statleg omorganisering synes også å skape hierarki som i mindre grad enn før er knytt til fylke og kommune som berande einingar – i staden synes landsdelar og regionar (med skiftande grenser mellom funksjonar) å vere i vinden. Det synes å føregå ei omlegging til ”standardar” og ”objektive system” for både inntekter og utgifter knytt til offentleg verksemd og gjennom dette også redusert lokal fridom. Kva som er ”rettferdig” eller ”rimeleg” ut frå utkantomsyn, folk sine behov m.m. synes ikkje lenger å telle i forhold til ”føretakskalkylar” som for småflyplassdrift m.m. Heller ikkje vert det lagt særleg vekt på totalkostnader for brukarane, slik som Viktor Norman er oppteken av.

·        Frå demokrati til føretak? I staden for å vektleggje demokrati og å sjå samanheng mellom funksjonar innan kommunar, regionar, fylke m.m. er sektorplanlegging og –organisering i vinden i kombinasjon med ”effektivisering” og ”føretakifisering” som t.d. innan sjukehusdrift. På tilsvarande måte synes den sentrale oppfatninga av kommunar og fylkeskommunar å vere at desse er ”offentlege produksjonsbedrifter” som kan kommanderast frå toppen (staten – spesielt einskilddepartement) og ”omorganiserast” på same måten som avdelingar i eit departement. Om ein ikkje utviklar alternative styringsmodellar sentralt og/eller lokalt, kan dette medføre ei sterk svekking av lokaldemokratiet. Lokalt og regionalt må ein forsterke den demokratiske ”områdemakta” for å kunne innverke på ”helseføretak”, ”skuleføretak” m.m.

·        Frå smådrift til stordrift? Ein konsekvens er også ei aukande oppslutning om idear om at det er betydelege stordriftsfordelar innan offentleg verksemd og at desse kan utløysast gjennom å slå saman – legge ned kommunar, fylkeskommunar … Viktige virkemiddel for å oppnå dette synes å vere å redusere overføringar til kommunar og fylkeskommunar som skulle kompensere for småskala, avstand, geografiulemper m.m. Dei som ikkje vil dei må … Dette på trass av at analyser av kommunal- og fylkeskommunal verksemd viser at små - truleg for små – ressursar vert brukt til styring og utvikling i høve til rein produksjon. Døme er situasjonen i dei tre fylkeskommunane på Vestlandet. Ved dei vidaregåande skulane er det ca. 6000 i undervisningsstillingar og ca. 1500 i administrative stillingar – til saman 7.500. I sentraladministrasjonane er det tilsett ca. 180 ved opplæringsavdelingane og ca. 650 totalt – inklusive kunstnarar og andre med produksjons- og utviklingsoppgåver. I dei reine sentraladministrasjonane (økonomi, personale, revisjon, forvaltning m.m.) er det berre ca. 270 tilsette – under 4%.

·        Frå politikk, forvaltning, produksjon og utvikling til produksjonsorganisasjon? Gjennom økonomisk innstramming, vektlegging av forvaltning som statsoppgåve m.m. synes kommunane å verte reindyrka som ”velferdsstatens lokale produksjonseining” der lokaldemokratiet sine oppgåver er å ”toppfinansiere” statleg pålagde oppgåver og å vere ”prygelknabar” og ”lynavleiarar” for sentralstaten når upopulære endringar må gjerast. I eit slikt bilde vil det vere behov for mange, men ikkje for mange lokale einingar som skal vere produksjonsutførande og som kan styrast ”objektivt” av staten t.d. med grunnlag i samanliknelege data (KOSTRA). Om ein kan få slått saman kommunar til regionkommunar som også kan take hand om vidaregåande skular, kan ein samstundes verte kvitt fylkeskommunane – dvs. forenkling og effektivisering. Men alternativ organisering kan fort verte dyrare, mindre område- og brukarretta, fleire administrative nivå m.m. og føre til mindre aktivt lokaldemokrati.

·        Frå periferi til sentrum. Fokus i norsk politikk har tydeleg skifta frå distriktspolitikk og utkantspørsmål til utfordringane i dei store byane og bypolitikk. Dette har sterk innverknad på vilkåra for utkantsamfunn og også for fylkeskommunane som institusjon. Dei store byane treng ikkje fylkeskommunen. Styringsmessig kan dei lett take over oppgåvene til fylkeskommunane (som i Oslo) og også den territorielle styringa av omlandet sitt. I til dømes Hordaland og Rogaland er byane og byregionkommunar reelle alternativ til fylkeskommunen som politiske og produserande organisasjonar. Om det skal vere eit nivå over dei så må det vere på landsdelsnivå for å samordne interessene mot staten, Oslo og dei nye statsføretaka med landsdelsorganisering (det fjerde nivået).  

 

For eit utkantfylke som Sogn og Fjordane er ei slik utvikling svært problematisk. La meg peike på nokre forhold her:

·        Er storbyregionkommunar hensiktsmessige i Sogn og Fjordane? Den regionale strukturen i t.d. Hordaland og Rogaland med tre dominerande byar som har integrert det meste av fylka i sine omland i bu- og arbeidsmarknadsregionar på over 140.000 innbyggjarar, gjer det mogleg å erstatte fylkeskommunane og kommunane med t.d. 3 regionkommunar – Stavanger, Haugesund og Bergen. Under denne kan det etablerast ein struktur med ”bydelar” med ansvar for lokal produksjonssamordning. Rett nok vil det vere nokre ”restområde” – men her er det få som bur så dei kan vere med på lasset.  Tilsvarande modell er svært vanskeleg i Sogn og Fjordane. Ei inndeling i regionkommunar ut frå kriterium som maksimum 1 times køyreavstand til sentrum, ville kunne føre til 4 – 5 regionar med folketal på 10-25.000, samstundes som ¼ av innbyggjarane bur i ”restområde”. På grunn av at avstandane er store og fylket er tynt og sprett folka, er det liten ”effektiviseringsgevinst” å oppnå. Storbyregionmodellen passar ikkje for Sogn og Fjordane rett og slett fordi fylket manglar byar som er reelle konkurrentar til fylkeskommunen som sams politisk aktør. På den andre sida må ikkje dette hindre satsing på dei eksisterande regionsentera, spesielt ved å krevje desentralisering og lokalisering av ”sentrale funksjonar” til desse stadane. Desse sentera må verte sterkare ved å trekke til seg ”byfunksjonar”, ikkje ved å sentralisere til seg ”bygdefunksjonar”. Dette krev eit aktivt samarbeid og arbeidsdeling mellom regionsentera i fylket og mellom kommunane som er knytte til kvar av sentera. Det krev også at regionsentera ”ikkje er seg sjølv nok” – at dei tenker og handlar på vegne av heile omlandet sitt.

·        Produksjonseiningar er oppgåve- og kostnadsberarar. Mest all offentleg produksjon og ca. 9/10 av kostnader er knytt til institusjonar og produksjonseiningar som skular, sjukeheimar, drifts- og vedlikehaldsavdelingar m.m. Noko av denne produksjonen er hyppige og må vere nær brukarane, andre meir sjeldne og/eller krev ikkje personkontakt og kan derfor vere lokalisert lenger unna brukarane. I eit tett folka område kan institusjonar gjerast større utan at avstandane til brukarane vert særleg lengre. Om det er stordriftsfordelar av typen større klasser, betre vaktordningar m.m. kan ein oppnå desse gjennom tilpassing av struktur. Når lokalsamfunn er små og spreidde frå kvarandre, vil ei geografisk samanslåing av institusjonar som produserer hyppigtenester som krev personkontakt, kunne føre til stor auke i avstand og større ulempar for brukarar. Effektiviseringsgevinsten gjennom stordrift forsvinn lett som auka avstandskostnad. Om det finst ”stordriftsgevinstar” innan hyppigtenester under slike tilhøve, kan dei som regel realiserast med noverande kommune- eller fylkesstruktur. Ei kommunesamanslåing til t.d. regionkommunar vil derfor stort sett påverke administrasjonskostnader (10% av 10%?) og ”sjeldanproduksjon” – men der kan ein lett få same gevinst gjennom regionalt samarbeid. Faktisk kan slike endringar føre til så store samordningsproblem på grunn av manglande sams interesser, at ein slik ”unaturleg” struktur vert dyrare å drive enn ei meir småskalabasert verksemd.

·        Demokratiske utfordringar. Eit eventuelt grunnlag for danning av byregionkommunar er at busettings- og arbeidsmønsteret er slik at ein aukande del av innbyggjarane ikkje lenger er ”lokale” men ”regionale”. Dette skjer når ein stor del av innbyggjarane i eit lokalsamfunn har sine røter og/eller dei arbeider utanom lokalsamfunnet. Dei politiske interessene vil i slike tilfelle verte flytta opp til eit nivå som omfattar buplass, arbeidsplass så vel som der ein får ein vesentleg del av service. Ved strukturelle tilhøve som i Sogn og Fjordane vil slike ”lokalpolitiske” interesser etter kvart flytte seg oppover i ”hierarkien”, men neppe til område som er større enn noverande kommunar eller bu- og arbeidsmarknadsregionar som omfattar 2 – 5 kommunar. Om ein lagar til for store lokalpolitiske einingar og der innbyggjarane har relativt få sams interesser, skaper ein samstundes ”uløyselege” men også unødvendige  interessemotsetningar og konfliktar. Truleg bør det skje ei kommunesamanslåing på sikt i Sogn og Fjordane, men langt mindre radikal enn det som kan vere mogleg lenger sør. På den andre sida treng alle innbyggjarane som bur i småskalasamfunna sams politiske talerør som kan fungere som ei motmakt mot storbysamfunna og statsmakt som er prega av desse. Dette er ei heilt sentral rolle for politiske organ mellom stat og kommune. Staten si eiga danning av eit ”fjerde” forvaltningsnivå i form av ”landsdelsføretak” innan stadig fleire sektorar krev også at innbyggjarane i landsdelane treng sams talerør inn mot slike føretak og inn mot den sektoriserte staten ut frå sams interesser. Det er mi vurdering at dei mange og små kommunane og regionane i Sogn og Fjordane treng ein institusjon som fylkeskommunen som politisk samarbeidsarena – dess mindre kommune dess større behov.  Dette er truleg ein vesentleg grunn til at folk i Sogn og Fjordane identifiserer seg med fylket sitt, organisasjonen fungerer godt som planleggings- og utviklingsaktør og har stor legitimitet politisk og administrativt samanlikna med andre. Men denne politiske legitimiteten som talerør og utviklingsaktør for innbyggjarane og aktørane i heile fylket må styrkast i vesentleg grad skal dette fungere godt for alle.

 

Strategiar

Utviklingstrekk og utfordringar som skissert ovanfor føret til at eg meinar fylket som samfunn må velje mellom to hovudstrategiar for samarbeid med andre område; samarbeid (t.d. landsdelssamarbeid) eller samanslåing (Vestlandsfylke som politisk maktfaktor). I Vestlandsutgreiinga vert det utgreidd til saman seks prinsipielle alternativ for samarbeid og samanslåing og som kan kombinerast og utviklast over tid avhengig av utfordringar. Uansett meinar eg at fylket ikkje kjem utanom eit meir aktivt samarbeid med andre område, men dette krev også at slikt samarbeid fremmar nokre strategiar som er viktige for Sogn og Fjordane. Utgangspunktet til fylket bør vere: Kvifor skal ein gjere radikale endringar i politiske og administrative offentlege strukturar som er velfungerande? Korleis kan ein i staden vidareutvikle institusjonane og organisasjonane slik at dei fungerer endå betre? I strategiane er det forutsatt at staten gir løyve til å vidareutvikle noverande struktur og at ein også gjer bruk av forsøkslova til å utvikle nye og småskalabasert verksemd på ulike nivå. Eg gjer også merksam på at Sogn og Fjordane er på god veg her gjennom si eiga programsatsing knytt til fylkesplanen, men at ein burde ha langt større midlar til å gjere dette arbeidet kraftfullt.

 

Bygdeutvikling. Lokal kopling av funksjonar.

I mange lokalsamfunn i fylket står offentlege produksjonseiningar ”for fall” fordi verksemda vert for lita til å ”lønne seg” under nye offentlege rammevilkår. Men hovudproblemet er ikkje berre økonomi, det er i like stor grad kopla til ”funksjonsveggar” og at ein ikkje ser totalkostnader for brukarane, berre eigen ”bedriftsøkonomi”. Like eins ser ein ikkje dei store behova for brei systematisk kompetanseheving og organisasjonsutvikling i det sivile samfunnet, innan offentleg verksemd  som i det småskala næringslivet. Enn om ein i utkantane etablerte ein sams organisasjon som tok ansvar for barnehage, skule og dagomsorg for folk med handikap og omsorgs- og opplevingsbehov ? Enn om organisasjonen fekk fridom til å organisere verksemda på andre måtar enn i dag – der læraren var ansvarleg for pedagogikk medan andre tok ansvar for omsorg m.m. Kva om lokalsamfunnet sjølv var eigar av organisasjonen (som eit kooperativ?) og kommunen kjøpte tenester får den? Kva om ein satsa offensivt på IKT-basert undervisning i spesialemne og denne lokalorganisasjonen også var ansvarleg som eit læringssenter med nødvendig utstyr og høg brukarkompetanse? Enn om ein aktiviserte frivillige organisasjonar i arbeidet – med aktivitetar og ansvar. I staden for å ha spesialiserte funksjonar må ideen vere å samordne funksjonar på tvers av ”departementale grenser” slik ein senkar tersklar bruks- og kostnadsmessig. Kvifor er det slik at den finske barneskulen utan mønsterplan og med stort lokalt ansvar, ofte også integrasjon av mange oppgåver og aktivitetar i ”skulehuset”, synes å fungere så mykje betre enn den norske som læringsarena? I det minste bør ein snarast setje i gang forsøk som kan vise veg og ein bør skaffe fram erfaringar frå andre samfunn med tilsvarande tilhøve. Det er spesielt viktig å utvikle lokal identitet gjennom kulturelle, kunnskapsutviklande, relasjonsbyggande og mobiliserande aktivitetar som fører til at folk treffer kvarandre og samarbeider og tek ansvar ut frå ein lokal base. Kommunane sjølv må ha eit hovudansvar i dette arbeidet og fylkeskommunen, fylkesmannen og andre regionale aktørar må fungere som eit service-, kompetanse- og utviklingsorgan som utviklar og formidlar gode døme, utviklar opplæring og kompetansehevingstiltak, gir og formidlar rettleiing og opplæring, etablerer forsøksordningar, har tilstrekkelege program- og prosjektmidlar m.m. Fylkeskommunen bør take ei pådrivarrolle i startfasen med programmidlar og utvikling av forsøk.

Offentleg utviklingsarbeid og samarbeid 

Ei anna oppgåve er knytt til samfunnsutvikling på og over kommunenivå. På grunn av aukande bu- og arbeidsmarknadsregionar og i ein situasjon med til dels mange konkurrerande senter i same område, er det behov både for å samarbeide om kommunal produksjon, men spesielt innan samfunnsutvikling og ”utanrikspolitikk”. Eit slikt samarbeid bør involvere kommunane så vel som fylkeskommunen, fylkesmannen og relevant statleg verksemd, men også næringsliv og det sivile samfunnet. Ein treng breie og langvarige nok prosessar til at ein greier å klarleggje sams og sprikande interesser og tid nok til å modne fram kompromiss eller måtar å takle konfliktar.

Etter kvart må ein rekne med at ”smådriftskompensasjonen” i økonomisystemet vert sterkt redusert. Korleis kan ein møte dette i kommunane? Ein veg å gå med hyppigfunksjonar er å aktivisere og ansvarleggjere lokalsamfunn og frivillige organisasjonar slik at ein kan oppretthalde eit høgt servicenivå med reduserte ressursar. I tillegg må kommunar som ”heng saman” på grunn av kommunikasjonsendring samarbeide tettare og kanskje slå seg saman. Det er også høgst aktuelt å utvikle nye typar modellar som ”tre kommunestyre og ein rådmann” – dvs. kunne skilje politisk og administrativ organisering over produksjonseiningsnivå.

I Sogn og Fjordane med mange og små kommunar og med ei aktiv og utviklingsretta fylkeskommune bør ein vurdere om denne organisasjonen kan vidareutviklast som ein serviceorganisasjon for regionalt samarbeid. Enn om fylkeskommunen tok ansvar for å organisere sjeldantenester i avtalefesta samarbeid med kommunar? Enn om fylkeskommunen kunne leie sams program for å rekruttere og utvikle kvalifiserte ”sjeldanmedarbeidarar” som kommunane treng? Enn om fylkeskommunen i samarbeid med høgskulen og eigne vidaregåande skular kunne take ansvar for systematisk opplæring i høve til det sivile samfunnet, næringslivet og kommunane? Enn om fylkeskommunen kunne vere sekretariat og/eller systematisk hjelpte til å organiserte endå fleire former for regionalt samarbeid – som til dømes regionråda? Enn om fylkeskommunen bygde opp tilstrekkeleg kvalitet og kapasitet innan område der det er vanskeleg å rekruttere kvalifiserte medarbeidarar eller konsulentar slik at kommunane kunne kjøpte tenester etter behov? Enn om fylkesmannen, fylkeskommunen og andre offentlege verksemder utvikla ein tettare administrativ og utviklingsretta sams organisasjon som eit forsøk der ein tek tilhøva i småskalasamfunnet på alvor til dømes ved stor grad av fordeling og regional organisering av verksemd?

Planarbeidet i fylket og i regionane bør vere samordna i tid for å få størst mogleg gjensidig nytte og også for å få størst mogleg dagsordenfunksjon. Ein bør også vurdere om ei slik regional samfunnsplanlegging bør vere samordna med rullering av kommuneplanane for her kan kommunane få stor nytte av ei slik kopling – spesielt knytt til analyse- og utfordringsarbeid, men også for utvikling og finansiering av omstillingstiltak. Ein bør utvikle eit langt tettare samarbeid om og samordning av samfunnsutviklingsretta kommune-, region- og fylkesplanlegging.  

Utvikling av regional struktur og arbeidsdeling

I EU er ein oppteken av å bremse veksten i sentralområda ved å satse på mindre byar og regionar – ved å fordele og samarbeide om aktivitetar. Dette er strategiar som er velkjende i Sogn og Fjordane og som må vidareutviklast både i fylket og på Vestlandet. Dette krev vilje til å ”velge ut” kva ein vil satse på i ulike område ut frå ei sams forståing og ressursar til å kunne stimulere ei slik ønskt utvikling.

For å kunne møte krava frå ungdom til samfunna må lokalsamfunna vidareutviklast som fullverdige samfunn som skaper bulyst. Minst like viktig er at ein utviklar regionale teneste- og opplevingstilbod, arbeidsplassar, kulturtilbod, aktivitetar og organisasjonar som langt på veg kan fylle moderne krav til ”urbanitet”, og like eins gode kommunikasjonar til storbyar i inn- og utland som kan supplere regionale tilbod. Dette vil krevje ein aktiv ”senterpolitikk” i fylket og aktiv politikk for tiltrekking, oppretting og lokalisering av slike tilbod til regionssentera og kommunikasjonsbetring mellom sentera og mellom senter og omland. Avstandane er store frå ulike delar av Sogn og Fjordane til dei større byane i Noreg. Dette krev at skal fylket få så høg del som mogleg av dei nye arbeidsplassane og tilbodet innan oppleving, skjeldanomsorg, føretaksretta servise m.m. så må ein satse på utvikling av desse i regionsentera fordi berre desse kan konkurrere med dei større byane. For å få tilstrekkelege ”stordriftsfordelar” krevs det at sentera spesialiserar seg slik at ikkje ”alle satsar på alt og får ingenting”. Samstundes må ein forbetre kommunikasjonane for alle mellom regionsentera og resten av fylket.   

Skal ein få til ei slik utvikling krev det sterk oppslutning om og stor legitimitet og reell makt til sams politiske organ som kan take avgjerder etter opne politiske prosessar. Det krev eit regionalt demokrati som sameinar lokale og regionale interesser på tvers ut frå kva som vert opplevd som rimeleg og rettferdig over tid. 

Vidare næringsutvikling

I Sogn og Fjordane samarbeider fylkeskommunen tett med fylkesmannen, SND og andre statlege aktørar, næringslivorganisasjonar, kommunane og andre om næringsutviklings-program som har brei oppslutning og legitimitet. Hovudutfordringa her er ikkje sjølve aktiviteten men at dei samarbeidande aktørane manglar verkemiddel som er tilpassa småskalasitusjonen i fylket, som kan stimulere dei ”mange små”, som er fleksible og kan brukast ”uortodokst” fordi dette gir størst effektar. Sjølv om partnarskap mellom private og offentlege aktørar kan og må vidareutviklast, er fylket godt på gang i samsvar med rådande regionalpolitiske retningsliner. Det som manglar er ei statleg oppfølging med rammevilkår som gjer det mogleg for dei samarbeidande aktørane å arbeide utviklingsretta. 

Havbruk og oppdrett er sett på som den viktigaste framtidsnæringa for Noreg og Sogn og Fjordane har gode vilkår for slik næringsutvikling. Dette krev eit aktivt samarbeid mellom næringsliv og offentleg verksemd, spesielt innan utdanning, forsking og utviklingsarbeid, og ein vesentleg auke i ressursinnsats. Ut frå naturtilhøve har Sogn og Fjordane gode moglegheiter innan reiseliv, opplevingsverksemd og næringsretta omsorg, men dette krev også målretta innsats og kompetanseheving. På tilsvarande måte krev det eksisterande næringslivet ein målretta innsats innan fornying og omstilling. Fylket har svært låg ressursinnsats innan FoU-verksemd målt per innbyggjar, noko som gjer dette omstillings- og utviklingsarbeidet vanskeleg.  

Vidareutvikling av regionalt demokrati

Småsamfunnsstrategien vil krevje at området har ein aktør som har legitimitet og kompetanse til å fungere på området sine vegne ”utanriks” og som initiativtakar, samordnar og kunnskapsberar internt. Ovanfor har eg peika på at ein bør utvikle nye modellar for å organisere lokal, kommunal og regional produksjon, politisk verksemd og offentleg administrasjon. Skal ein systematisk kunne lære frå slike aktivitetar og kunne formidle og tilpasse dei til andre område, krev dette at ”nokon” fungerer som koordinator, kunnskapsbank, node i relasjonar og som initiativtakar og ”mobilisator”. I realiteten snakkar ein her om ei ”kommunikasjonskommune” og som er ”overkommune” i kraft av frivillige samarbeid og legitimitet gitt frå samarbeidande aktørar – ikkje i kraft av ”kommandolovgiving”.

Ofte vert utviklingsarbeid oppfatta som å gjelde ”næringsutvikling” og det er svært viktig. Men skal eit område fungere så må næringslivet fungere i tettast mogleg samarbeid med det sivile samfunnet og med offentleg verksemd. Den regionale utviklingsrolla til den ”nye” fylkeskommunen er å få denne heilskapen til å fungere best mogleg – det politiske samfunns-utviklingsarbeidet for alle delar av fylket vert svært viktig i forhold til produksjonsstyring. Dette betyr at alle sentrale aktørar må involverast i det strategiske og langsiktige utviklingsarbeidet og at relevante aktørar samarbeider og vert ansvarleggjorde i konkrete handlingsprogram og gjennomføring.

Reelt sett vil dette bety at fylkeskommunen som politisk organisasjon må reindyrke ”governance-rolla”, dvs. ”leiing gjennom kommunikasjon, dialog, samarbeid og støtte”, at politikarrolla vert initiativ- og samarbeidsorientert i staden for fokus på ”fordelingsvedtak”, sterkt fokus på ”utanrikspolitikk” i forhold til staten (Oslo), statlege føretak og utlandet og at ein må take omsyn til den reelle maktdelinga som er i samfunnet i forhold til næringslivet, det sivile samfunnet og andre offentlege verksemder. Dette er faktisk så viktig at ein treng slike regionale politiske organ sjølv om dei ikkje har reine produksjonsoppgåver – ja det kan faktisk vere ein fordel. Ein slik måte å arbeide på krev imidlertid midlar som kan brukast til å ”styre på marginalen”, dvs. som kan fremme samarbeid og partnarskap mellom ulike aktørar ved at desse får gjensidige fordelar og høve til å oppnå meir enn dei kan med berre ”eigne nidlar”. Under visse vilkår må ein vere villig til samarbeid eller politisk ”samanslåing” med andre område med dei same utfordringane om dette klart fremmar innbyggjarane sine interesser.