|
Restplasstorg |
|---|
|
På restplasstorget finn du ei oversikt over ledige turnusplassar i kommunehelsetenesta som du kan søkje på. Tenesta vert administrert av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på oppdrag frå Sosial- og helsedirektoratet. Ledige turnusplassar i kommunehelsetenesta er reservert for turnuslegar som har gjennomført og fått godkjend si sjukehusteneste, og som treng teneste i kommunehelsetenesta for å få autorisasjon som lege. Turnuslegar som er med i Fylkesmennene si ordinære tildeling kan ikkje søke på plassar frå restplasstorget. I tillegg må du innan ei veke sende inn stadfesting på at du har gjennomført og fått godkjend sjukehusturnus. Dette sender du med brev eller e-post til: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Njøsavegen 2 6863 Leikanger postmottak@fmsf.no Før vi kan tildele deg ein plass må vi ha ei slik stadfestinga. Fylkesmannen kjem ikkje til å purre for å få dette. Tildeling vil normalt skje omlag 3 veker etter at nokon har søkt på ein plass. Den som søkjer på plassen først, vil få den, så lenge vedkommande fyller vilkåra. Når nokon har søkt på ein plass, blir denne merka med ein gråtone i lista. Du kan søkje på ein plass, sjølv om nokon har søkt før deg, men det er då usikkert om du vil få denne plassen. Du kan søkje på fleire plassar, men du må då gje opp ei prioriteringsrekkjefølgje. |