Sjelden har vel verda sett vossingar i bunad på Den Himmelske Freds Plass. Forfattaren til venstre.
(Du kan klikke på alle bileta og finne -- meir bilete)

 

Det har lenge vore kjent at Marc O-vektor Polo i si tid var på ei lengre ferd til Kina. Det som kanskje ikkje er så kjent, er at O-vektor-lav Graathun truleg må vere ein ættling av denne om mogeleg endå meir vidkjente ferdakaren. Det kan ikkje vere tilfeldig at begge har O-vektoren i namnet sitt. Ferdaminnet som føl no, er til ære for desse to.

Norsk folkedans i kinesisk stemning.
Norsk folkedans i kinsesisk stemning

Det var i slutten av juni -99 at ein kinesisk fotograf av det profesjonelle slaget som brukar minst ein halv time på å ta eit bilete vitja Bergen. På grunn av at eg har kone frå Hong Kong, fall det på meg å køyre han rundt ein dag for å finne vene stader å ta bilete. Han tykte godt om dette, og sjølv om eg sa at det ikkje var meg å takke at vi hadde så fin natur her på Vestlandet, spurde han meg om eg kunne ta på meg å finne ei gruppe på ti personar som kunne dra til Beijing i byrjinga av september. Vi skulle representere Noreg i ein internasjonal festival med song og spel og dans i gater og på scene. Fly, mat, guiding og opphald i ei veke skulle koste kvar av oss omlag 3000 kroner.

Song, spel og dans har aldri vore mi sterke side, fellesferien stod for døra så det var vanskjeleg å finne folk, det var sikkert mange andre som hadde betre kjennskap til Kina enn meg. Skulle eg gjere dette, måtte eg ha andre grunnar.Her var det at Olav kom inn. Pytt, Pytt, sa Olav. Tek du deg av dette til mi ære, så kan andre dra på operaseminar til Augsburg.

Hawaiitausene
   Hawaiitausene (og karane)

Dette med ære var vel tvilsamt, men eg tenkte at eg fekk no prøve.Vi Vossingar må halde saman, så eg fekk nokre folkedansarar frå Voss pluss ein fotograf til å vere med.

Fyrste dagen, skulle vi trene til det store opptoget i hovudgata neste dag. Vi var på ein idrettsplass i den varme kvelden midt mellom deltakarane frå alle dei andre landa som var med og øvde på kvar sine ting. Det var ei utruleg oppleving - det var som å vere midt i verda på eit vis.

Ei lita gruppe vekte stor åtgaum hjå fotografar som var der, og det var dei frå Hawaii. Det var tre damer og tre mannfolk som dreiv hula-oppvising. Dei var absolutt vene å sjå til, og Gutane Frå Voss vart også svært oppglødde. Diverre hadde dei nok med seg sjølve. Den eine hadde nok vore Miss Hawaii, for ho hadde eit band over skuldera noko seinare der dette stod skrive.

Dans

Haremskvinnene viste seg å vere  kinesiske jenter, som igjen viste seg  å være svært lettlærde.
Sjå og høyr!

Dagen med prosesjonen var varm, og ikkje godt eigna for bunader. Sjølvaste hovudgata i Beijing var avsperra i eit par kilometer, og tett med folk langsetter heile vegen. Medan vi venta, viste det seg at nokre haremsdamer like ved var kinesiske, og var lette å bede med på Snuspolka, Reinlender og anna som berre nordmenn er tenkte å meistre. Ein instruktør mellom oss sa at han aldri hadde sett nokon som tok det så lett før. Dette gjorde at den mest hugnadsame tida den dagen var tida før prosesjonen starta.

Mykje oppvisingar og synsjåing fylgde, men til stor uglede for vossagutane var tausene frå Hawaii framleis mykje verre å koma i tale med enn dei andre.Vi kom også i avisa, der ein kan sjå eit par i vossabunad midt mellom mange teikn som ikkje er lette å forstå.

Avis
Vi kom jamvel i avisa

Vi i Europa har ikkje mykje å vere stolte av i historia mot Kina. I 1839 - 42 kom Opiumskrigen. Engelskmennene brukte for mykje sølv på å kjøpe silke, te og anna fint frå kinesarane, og ville tvinge dei til å ta opium som betaling i staden. Det kunne dei plukke opp på turen frå England og ned. Keisaren forbaud dei utanlandske kjøpmennene å innføre opium frå India. Eit parti opium vart brent på havna i Guangzhou, noko som førte til krig med Storbritannia. Resultatet er at Kina blir tvungen til å avstå Hongkong til Storbritannia og åpne fem havner for britisk handel. Seinere får også andre land liknande avtalar.

I 1856—61 var dei i Krig med Frankrike og Storbritannia (Den Franko-Anglikanske Invasjonen som kinesarane kallar det). Beijing og Guangzhou blei tekne, og mykje av dei gamle kunstverka vart brende ned eller stolne.

kungfubarn
Ei øydelagd tromme

I 1900 kom så Bokseropprøret, ei folkereising mot "dei framande djevlane", som enda med ydmykande betingelsar for Kina, som måtte betale europearne ei veldig skadebot.

Det føltest så ille å sjå kva "vi" hadde gjort. I sentrum av byen var det mellom anna to store tårn - eit med klokker og eit med trommer. Det eine vart brukt for å signalisere start på arbeidet, det andre slutt på arbeidsdagen. Trommene var så store at du kunne stått inne i dei. Dei var då sjølvsagt øydelagde av Frans/Engelskmennene. Kinesarane har trottugt bygd opp att det meste av det som vart øydelag, men den eine tromma stod der slik den var. Då utbraut den eine i følgjet vårt: "Vi i Norge var ikkje med på det".

Hagen i den forbodne byen 

Eg har lurt på korleis folk på den tida tenkte på det. Då er det svært interessant å lese kva bestefar til Erik Dahl skreiv om Bokseropprøret.

Beijing er ein utruleg stor by og Kina eit stort land. Å køyre frå ein plass til ein annan tok vanlegvis frå ein halv til ein time. Ei serveringsjente som gjerne ville øve seg på engelsk, sa ho kom frå ein liten plass litt nord-vest for byen. Vi spurde kor mange som budde der, og ho sa rundt ein million. Når vi sa at vi kom frå den nest største byen i Noreg (close enough), som hadde 250 000 menneske, fekk ho først store augo, og så lo ho.

Muren
Den Store Muren

Eg og fotografen vart invitert til middag av formannen for ei fotograf-forening. Ho fortalde mellom anna at det var 250 tilsette på kontoret. Vi lurte då på kor mange medlemmer dei hadde. Dette visste ho ikkje, men dei hadde rundt 2000 regionale foreningar, som igjen hadde sine underforeningar.

Vi var sjølvsagt ein tur på Den Store Muren. Med litt hovudrekning kom eg til at dersom eit vanleg jetfly skulle fly så langt som muren er lang, vil det ta rundt 7 timar. Det er ikkje hastverksarbeid det har gjort heller. Hawaiitausene var med der også. Dei hadde meir klede på seg denne gongen, som sømeleg var. Her vart det klart for vossagutane at dei ikkje var særleg lettføtte oppetter treppene. "Fine å sjao te, men lite brukande i smalasankingje" vart domen, mest som reven sa om kirsebæra.

Ein av plassane i den forbodne byen

Siste dagen skulle det vere bankett for alle deltakarane, med talar og oppvisingar som det høver seg med så mykje fint folk til stades. Det skulle også vere ein som takka på vegne av deltakarane, og då spurde dei meg om eg kunne gjere dette. Her var det eg hugsa kva Olav hadde sagt: Pytt Pytt. Ein slik tale burde vere enkel å skrive. Dessutan vitna det om djup menneskekunnskap at dei skulle velgje meg, og med slike dyktige folk i landet, er det all grunn til å tru på ei lysande framtid for Kina.

Muren
Meir Mur

Talen måtte skrivast med ein gong, slik at dei skulle få tid til å omsetje han (og godkjenne han), så det gjorde eg på bussen heim til hotelletom kvelden.

Neste dag var dagen med banketten. Vi var og såg Sommarpalasset. På vegen attende til hotellet for å kle oss om måtte vi hente ein gensar nokon hadde gløymt att på teateret vi hadde opptrådd dagen før. Med klokke og vanleg folkevet viste det seg ganske raskt at vi ville ikkje rekkje å kome fram til hotellet og så til staden for banketten på dei to timane som var igjen. Vi var alle i shorts og t-skjorter, og eg skulle halde tale etter borgarmeisteren i Beijing. Han var nok komen tidsnok, og han var nok ikkje kledd i shorts og t-skjorte. Vi måtte berre prøve å finne ein stad vi kjunne kjøpe klær.

Kinesarar er gjerne mindre enn oss, og klesbutikkar kryr det ikkje av alle stader. Etter nokre freistnader fann vi ein stad. Butikksenter i Kina liknar mest på basarar med kartongar og saker som heng oppetter veggene og i vindaugo. Vi fann alle noko, eg hadde heldigvis pengar å låne vekk, så vi kom oss alle til banketten i tide og sømeleg kledd.

Som nemnt, vart Olav Graathun oppglødd av at eg skulle halde tale. I songen dei hadde laga til festivalen ønskte Kina verda velkomen. Olav og eg fekk då sagt at vi var så gamle at vi hugsa då Kina stengte seg ute frå verda, og på vegne av resten av verda ønskte vi Kina velkomen!

Tale

Her held eg tale i ny skjorte. Tolken
 til høgre for meg, VIP-bordet framom
.
 

Tenkje seg det! Ikkje ein gong den amerikanske presidenten kan uttale seg på vegne av andre enn sitt eige land! Well Done Olav!

Vi nordmenn hadde eit bord vi skulle sitje på, men det viste seg at eg var æresgjest sidan eg hadde halde tale, så eg måtte sitje på VIP-bord, må vite. Der sat eg aller nærast scenen, og såg rett inn i kvitaugo på dei som opptrådde. Ei svært berømt (sa dei) og pen jente frå Tibet song og dansa. Eg var litt skuffa over at ho ikkje vørde meg - ho ikkje så mykje som gløtta på meg ein gong. Men brått tok ho handa mi og drog meg opp på scenen, der eg måtte stå og svinge beina i takt med henne. Det føltest mest som ein norsk kalv saman med ei orientalsk svane.

Etter at det offisielle programmet var ferdig, tok alle tak i hendene på kvarandre og dansa som ein stor slange gjennom rommet. Då skjedde det store: den eine Hawaii-jenta tok meg i handa og trekte meg opp av stolen for å danse med.

Det er godt å ha Olav i ryggen!

 

 

paraplybåt

Flere bidrag til valevatn@uib.no