| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Undervisninga startar i vårsemesteret og fortsett i haustsemesteret. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Målet med kurset er å gi studentane kunnskap om dei viktigaste rettsreglane om forvaltning av areal og ressursar, og dermed setje studentane i stand til å nytte rettslege prinsipp og lover i det daglege verke som arealplanleggjar og offentleg sakshandsamar for areal og miljøsaker. Det vert gitt ein innføring i både privatrettslege og offentlegrettslege reglar, men hovudvekta vert lagt på forvaltningslova og plan- og bygningslova.
Målgruppa for studiet er tilsette i kommunar, fylkeskommar og stat som arbeider med planfag, som ikkje er juristar, men som likevel har eit arbeid der god kunnskap om aktuelle rettsreglar er viktig. Då kurset er retta mot studentar utan teoretiske forkunnskapar i jus, er det naudsynt med ein noko kortare introduksjon om alminnelege forvaltningsrettslege reglar og prinsipp og dei grunnleggjande privatrettslege reglane om forvaltning av fast eigedom, før vi kan gå nærare igjennom reglar i spesiallovgivinga. Den sentrale lova i dette kurset er den nye plan- og bygningslova (2008), men det er også eit mål å vise samspelet mellom forvaltningslova og plan- og bygningslova, og samspelet mellom plan- og bygningslova, og m.a. naturmangfoldlova (2008), kulturminnelova, ureningslova, hamnelova og akvakulturlova.
Plan- og bygningslova er den sektorovergripande lova for all arealforvaltning. Det vert gitt ei innføring både i reglar om kva for offentlege organ som har kompetanse til å forvalte arealet (personell kompetanse), framgangsmåten ved handsaming av plansaker og einskildvedtak (prosessuell kompetanse) og i kor stor grad kommunen har kompetanse til å planleggje til bruk og vern av fast eigedom og sjøareal i medhald av denne lova (materiell kompetanse). Vi ser her nærare på kva som kan vere innhaldet i ein kommuneplan, reguleringsplan, føresegner og einskildvedtak. Det blir gitt ei innføring i dei grunnleggjande reglane om fast eigedom, og grenser for fast eigedom.
Temaet i kurset er vidare særlege problemstillingar knytt til strandsone, dispensasjon og ulovleg bygging. Det blir også gjort greie for reglane om utbyggingsavtalar, innløysing og ekspropriasjon. Eit viktig tema er også i kor stor grad kommunen har kompetanse og plikt til å leggje vekt på privatrettslege tilhøve ved arealplanlegging.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha gjennomført kurset skal studenten ha grunnleggjande forståing av alminneleg forvaltningsrett og tingsrett (fast eigedoms rettstilhøve), slik at vedkomande er i strand til å løyse problemstillingar i tilknyting til:
- rettskjeldebilete for planretten
- miljørettslege prinsipp og verknad for planlegging
- forvaltningslova sine grunnleggjande omgrep og systematikk
- reglane om sakshandsaming i forvaltningssaker ved einskildvedtak, under dette m.a. reglar om utgreiingsplikt, vegleiing, varsel og dokumentinnsyn
- reglar i forvaltningslova om grunngjeving, klage, omgjering og ugyldigheit
- reglane som gjeld dei fysiske grensene for fast eigedom og innhaldet i privat eigedomsrett
Vidare skal studenten ha djupare forståing for planjuss, slik at vedkomande er i stand til å løyse problemstillingar knytta til:
- plan- og bygningslova sin systematikk
- reglar om tilhøvet mellom kommunal og statleg styring i plansaker, under dette reglar om motsegn
- reglane om sakshandsaming ved planvedtak og konsekvensutgreiing
- dei rettslege styringsverkemiddla kommune- og reguleringsplan, og særleg om kva som kan inngå i rettsleg bindande føresegner til dei ulike plantypane
- reglar om innløysing og ekspropriasjon
- tilhøvet mellom forvaltningslov og plan- og bygningslov, og plan- og bygningslov og andre sektorlover
- reglar om søknadsplikt for tiltak
- regelen om byggjeforbodet i 100-metersbeltet og rekkjevidda av heimel til å gi dispensasjon
- reglane om kommunen sin kompetanse og plikt til å ta omsyn til private rettar ved arealplanlegging og einskildvedtak
Undervisningssemester
Undervisninga startar i vårsemesteret og fortsett i haustsemesteret.
Eksamenssemester
Haust
Obligatoriske arbeidskrav
Det vert stilt krav til 60 % oppmøte på undervisninga for å kunne avlegge eksamen.
I løpet av kurset skal ei obligatorisk oppgåve besvarast og leverast inn. Tidsramma vert angitt i kurset. Oppgåva må vere godkjend for at studenten kan avlegge eksamen. Studentar som ikkje får oppgåva si godkjent, vil få sjanse til ei ny vurdering same semester.
Kursgodkjenning, altså bestått oppmøte og oppgåve, gjeld i ett semester etter kursets slutt.
Vurderingsformer
Skuleeksamen
For studentar som ikkje består avsluttande eksamen på kurset, vert det tilbydd kontinuasjonseksamen i påfølgande semester.
Tillatt hjelpemiddel på eksamen:
Lovsamling
Karakterskala
Gradert skala med 5 trinn fra A til E for bestått og F for ikke bestått, jfr. Studieplan for masterstudiet I rettsvitenskap ved UiB § 3-1 nr 2 første punktum.
Kontaktinformasjon
Dette er et etter- og videreutdanningsemne som administreres av Kontor for etter- og videreutdanning post@evu.uib.no i samarbeid med Det juridiske fakultet evu@jurfa.uib.no.