Mål og innhald
Emnet skal førebu studentane til studium innanfor utdanning og helse. Utdanning og helse er to viktige område for velferdsstaten. Emnet skal setja studentane i stand til å sjå kva for ein historisk og politisk kontekst det faget dei skal studere (helsefremjande arbeid eller pedagogikk) er plassert innanfor. Studentane skal også tileigne seg kunnskap om kjenneteikn ved og omfanget av fagområda pedagogikk og helsefremjande arbeid.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført emne skal studenten kunne/vise:
Kunnskapar:
- ha kunnskap om velferdsstat og profesjonar, knytta til fagområda helse og pedagogikk
- ha kjennskap til fagområda si historie, tradisjonar og eigenart
- kjenne til utfordringar som globalisering fører med seg for fagområda
Ferdigheiter
- kan bruke faglig kunnskap til å forstå teoretiske og praktiske problemstillingar
- kan reflektere over eige fag og faget sin plass i samfunnet
Generell kompetanse:
- kan formidle sentralt fagstoff skriftleg
Undervisningssemester
Haust.
Eksamenssemester
Haust og vår.
Institutt
Institutt for pedagogikk.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett som er tatt opp på bachelorprogram i pedagogikk og bachelorprogram i folkehelse og helsefremjande arbeid.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Undervisning og omfang
Undervisninga vil kombinere førelesingar og seminar.
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen.
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen på 4 timar.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalen A-F.
Læremiddelomtale
Litteraturen tek sikte mot å dekkje tema som:
- velferdsstatens historiske og ideologiske grunnlag
- administrativ oppbygging av utdannings- og helseteneste
- helsefremjande arbeid
- utdanning; ulike retningar og synsrammer
- profesjonar og profesjonalisering av yrkesgrupper
- velferdsstaten - notid og framtid
Emneevaluering
Emnet vil bli evaluert i tråd med dei reglar som gjeld for evaluering av emne knytt til førsteårsstudier ved Det psykologiske fakultet. Evalueringa er nettbasert.