| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Studenten skal tileigne seg teoretisk og empirisk kunnskap og tilnærmingsmåtar til emnet korrupsjonsgransking.
Kurset fokuserer på korrupsjon i ulike kontekster med hovudvekt på politisk korrupsjon og kva rolle denne spelar for demokrati. Kurset diskuterer årsaker til korrupsjon og metodar for å granske og motverke korrupsjon. Ein del av kurset tar for seg dei utfordringane som norske aktørar i utlandet møter, mellom anna gjennom bistandsarbeid. Kurset fokuserer på tre hovudproblemstillingar:
- Kva er korrupsjon? Omgrep, teori, historisk perspektiv, empiri.
- Kva er årsaker til korrupsjon?
- Kampen mot korrupsjon.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha avslutta emnet skal studenten kunne:
- Gje ein teoretisk og empirisk oversikt over tilnærmingsmåtar til emnet korrupsjonsgransking
- Gjere greie for korrupsjon i ulike kontekstar med hovudvekt på politisk korrupsjon og kva rolle denne spelar for demokrati.
- Diskutere årsaker til korrupsjon og metodar for å granske og motverke korrupsjon og kjenne til dei utfordringane som norske aktørar i utlandet møter, blant anna gjennom bistandsarbeid.
Undervisningssemester
Vår
Eksamenssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk
Studienivå
Etter- og vidareutdanning, høgare grad
Institutt
Institutt for samanliknande politikk
Krav til studierett
Kurset er opent for studentar som fyller krava til forkunnskapar.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad eller tilsvarande
Undervisning og omfang
Emnet vektlegg ulike undervisningsformar som førelesningar, rollespel, gruppearbeid, diskusjonar og rettleia heimeoppgåver.
42 timar totalt
Vurderingsformer
Eksamen er ein skriftleg eksamen i form av ein heimeeksamen. Innleveringsfrist er ein månad/4 veke og innleveringa bør ikkje overskrida 4500 ord.
Emneevaluering
Emnet evaluerast jamleg
Kontaktinformasjon
studieveileder@isp.uib.no/ 55583316