Tyskspråkleg litteratur (fjernstudium)
Fakta om studiet
| Emnekode | TYS114-F |
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisingsspråk | Tysk |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for fremmedspråk |
Tilgjengelige kurs
Kursdato: 15.08.2014 - 01.06.2015
Pris: Ikke fastsatt
Søknadsfrist: Frist utløpt.
Kontakt
Kontakt
E-post: studieveileder@if.uib.no - Telefon 55582333
E-post: sissel.laegreid@if.uib.no (emneansvarleg) - Telefon 55582421
Målgruppe
Lærarar og andre som ønsker kompetanse i tysk. Det er tilrådd at studentane har teke TYS112/TYS112-F eller tilsvarande før dei begynner på TYS114-F.
Mål og innhold
Som student på TYS114-F skal du, med utgangspunkt i dei verka du les, tileigne deg kunnskap om hovudtrekk i utviklinga av den tyskspråklege litteraturen etter ca. 1750, grunnleggande dugleik i litterær analyse gjennom varierte skriftlege og munnlege øvingsoppgåver og utvikle eit reflektert og sjølvstendig forhold til stoffet. Kurset omfattar ei generell innføring i historia til den tyskspråklege litteraturen frå det 18. hundreåret fram til i dag og ei innføring i litterær analyse med utgangspunkt i eit utval litterære verk eller utdrag av verk (epikk, dramatikk og lyrikk).
Kurset har undervisning over to semester, med eksamen i det andre semesteret.
Undervisning
Hovuddelen av undervisningstilbodet, som føreset aktiv deltaking frå studentane, vil vere synkron nettundervisning. Her brukar ein LINGO-plattforma (http://lingo.uib.no:7001). I tillegg vil det bli halde tre helgesamlingar (fredag/laurdag). Det blir utarbeidd undervisningsbrev, supplerande materiale, oppgåver o.l.; alt kjem til å vere tilgjengeleg i eigne elektroniske kursarkiv.
Der er tre helgesamlingar i semesteret, og det er obligatorisk å delta på to av dei.
Undervisning hausten 2014:
Samlingar:
1. samling: 15.-16. august
2. samling: 10.-11. oktober
3. samling: 21.-22 november
Nettundervisning:
Veke: 35-39, 43-46
Undervisning våren 2015:
Vert annonsert innan studiestart.
Vurdering / eksamen
Eksamen har to delar - ei rettleia oppgåve og ein skriftleg skuleeksamen på 4 timar (utan hjelpemiddel).
Oppgåva skal leverast elektronisk på nett. Dato for skoleeksamen våren 2015 for studentar som blir tekne opp hausten 2014 blir fredag 29. mai, 09.00-13.00.
Du kan ta skoleeksamenen i Bergen ved UiB utan kostnad, men det er også mogeleg å søke om lokal eksamen nærare heimstaden din, dersom du ønsker det. Informasjon om korleis du søker, krav til eksamensstaden og informasjon om kostnadar blir lagt ut på nett etter studiestart.
Krav til datautstyr
Det er ein føresetnad at studentane har tilgang til datamaskin med kopling mot internett og e-post.