Søk Tavla Hum-fak. Jur.fak. Mat.-nat.fak. Med.fak. NFH SV-fak. Sentre TMU UB Adm.
set width of left cell in netscape 4
Startsiden
Museet
Aktuelt
Om museet
Ansatte
Forskning
Butikk
Ottar
Skoletjenesten
Utstillinger
Publikasjoner
Museumsprosjekt
Foto@arkivet
Botanisk hage
Musikksamlinga
Fagområder
Administrasjon
Arkeologi
Biblioteket
Botanikk
Formidlingsenhet
Geologi
Nyere kulturhist.
Samisk etnografi
Zoologi
 
[ Logg inn ]
 
Language:

set width of left cell in netscape 4
Startpage › tmu › 152 › 150
Printer friendly

POLAR BOKGÅVE: DET KVITE EVENTYRET

I samband med det internasjonale polaråret får alle ungdomsskulane i Troms fylke eit hefte om Noregs rolle i polarområda. Gjevarane ønskjer å stimulere ungdommens interesse for polare utfordringar i framtida.

Ekrehagen:polarklassen
7. og 8. klasse ved Ekrehagen skole har fått hefta sine.


Måndag 5. november starta utsendiga av hefte til alle ungdomsskulane i heile Troms. Same dagen fekk Ekrehagen skule i Tromsø besøk av Gerd Bjørhovde og Per Helge Nylund frå Universitetet i Tromsø, og Hilde Lange frå Statsarkivet. Dei delte ut hefte til alle 7. og 8.- klassingane ved skulen.

Heftet ”Polar-Noreg: Det kvite eventyret” er skrive av Åsa Elstad. Prosjektet ”Polar-Noreg”, som også innebar ei utstilling på Tromsø Museum, er eit samarbeid mellom fire institusjonar; Universitetet i Tromsø, Norsk Polarinstitutt, Polarmuseet og Statsarkivet i Tromsø. Desse fire går no saman om å gje skuleungdom eit betre grunnlag for å forstå vårt lands heilt spesielle stilling innom polarforsking både før og no. Framtida vil gje oss særs store utfordringar i forvaltninga av polområda, og det er viktig at vi utdannar dyktige fagfolk som kan overvake utviklinga og gje oss meir kunnskap om kva som skjer i Arktis og Antarktis. Derfor ser gjevarane gjerne at ungdom frå Troms vel seg vidare utdanning i fag som geologi, fysikk, biologi, meteorologi, oseanografi o.s.b. Forskingsmiljøet i Tromsø vil trenge friske krefter i framtida, ei framtid som ser ut til å bli prega av ei raskare global oppvarming enn tidlegare forventa


Ekrehagen: polarundervisning
Vi fann Nordpolen!
Noregs fortid i polområda er også verd eit studium. Dei store ekspedisjonane leida av Nansen, Amundsen og Sverdrup gav den norske nasjonen ei vitamin-innsprøyting av sjølvtillit. Biletet av Noreg som ein polarnasjon var med på å gje oss nasjonal identitet. I vårt moderne, fleirkulturelle samfunn er det ikkje lenger sjølvsagt at ”nordmenn er fødde med ski på beina”, men det gjev høg status å ha kryssa Grønland i Nansens fotspor. Dette er også tema i heftet som elevane i fylkets ungdomstrinn no får tilgang til.

Hefta sendes ut av Tromsø Museum. Om DIN ungdomsskule ikkje har fått slike hefte i posten enno, kan du ta kontakt med museet og be om å få. Ring 77 64 51 02 eller send e-post til perhelge.nylund@tmu.uit.no


Ekrehagen: bokgåve
I bakre rekke ser vi Per Helge Nylund, Gerd Bjørhovde og Hilde Lange.
Foto: Linn Sørensen, Ekrehagen skole.


Tromsø Museum - Universitetsmuseet, N-9037 Tromsø
Telefon 77 64 50 00, Telefax 77 64 55 20
Updated by Per Helge Nylund on 14.11.2007 at 12:51
Ansvarlig redaktør: direktør Marit Anne Hauan


Read this page in: Bokmål

set width of main cell in netscape 4

All UiT-pages
Advanced search
trekkfugler07ny

Sider:
Showing 1-10 of 10
Linné 300 år
Nytt Museum
Desembernatt 2007
Polar bokgåve
Nenets bags
Fuglekasser
*Not translated
Soppsesong 2007
Desembernatt-program 2007
Velkommen!
set width of right cell in netscape 4