|
Kort orientering om fakultetet
Den faglege verksemda ved Det humanistiske fakultet tek utgangspunkt i at fakultetet høyrer heime på eit universitet i Nord-Noreg. Forsking på globale forhold og utvikling av allmenne teoriar og metodar for utforsking av språk-, litteratur- og kulturfenomen står sjølvsagt sentralt, men fakultetet har òg eit særleg ansvar for å arbeide med dei spesielle språkforholda, litteraturen og kulturen i landsdelen.
Dei tilsette ved Det humanistiske fakultet driv forsking og undervisning innafor eit breitt fagspekter. Vi har morsmålfaga norsk, samisk og finsk, samt store framandspråk som engelsk, fransk, russisk og tysk, og spansk frå og med våren 2008. Vi tilbyr òg undervisning innafor kulturfag som kunstvitskap, greske og latinske studium og dokumentasjonsvitskap med bibliotekkunnskap, samt dei allmenne teori- og metodefaga litteraturvitskap og lingvistikk.
Innafor engelsk og lingvistikk kan utanlandske studentar ta engelskspråklege M.Phil.-program i lingvistikk.
Dokumentasjonsvitskap med bibliotekkunnskap kan inngå i ei profesjonsutdanning for mellom anna bibliotekarar.
Fakultetet driv opplæring i norsk for framandspråklege og har tilbod om forfattarstudium.
Forskarane ved Det humanistiske fakultet samarbeider – både nasjonalt og internasjonalt – i prosjekt om felles tema og historiske epokar.
|