|
Då bør du møte opp i Store auditorium, fredag 17. november 09:15-11:00. Her vil Gunnar Hartvigsen, prodekan ved MNF, halde eit eksamensførebuande seminar for fakultetet sine studentar. Seminaret er opent for alle.
Tema som vert handsama inkluderer:
- Formålet med eksamen
- Kva kan gå gale?
- Kva er sannsynleg oppgåve?
- Eksamensteknikk - 14 konkrete tips for ei betre besvaring
- Disponering av tida
- Karakterfastsetjing / sensur - korleis føregår sensuren og kva vert lagt vekt på
Velkomen!
|