|
Eksamensreglement for graden master i rettsvitenskap
EKSAMENSREGLEMENT FOR 1.-4. AVDELING (FELLESDELEN) I GRADEN MASTER I RETTSVITSKAP
Vedtatt 15.05.03 av styret ved det juridiske fakultetet med heimel i § 2 i forskrift 03.04.03 for eksamenar ved Universitetet i Tromsø (sak JF 33-03, 46-03/11.06.03, 60-03 og 66-03/25.09.03).Endra: dekanvedtak 20.04.04, 19.05.04 (JF 31-04), 21.06.04 (JF 46-04), 19.08.04 (JF 42-04),19.06.06 (JF 43-06)og dekanvedtak 29.06.06 (JF 52-06)
§ 1 Prøvingsformer
Desse prøvingsformene vert brukt på 1.-4. avd. master (fellesdelen):
- munnleg presentasjon
- semesteroppgåve
- heimeeksamen med etterfølgjande munnleg prøving
- skriftleg skuleeksamen
- munnleg skuleeksamen
Det går fram av studieplanen kva prøvingsformer som kan brukast på kvar einskild avdeling. Der det er sett opp alternative prøvingsformer, er det avdelingsutvalet på vedkommande avdeling eller den utvalet gir fullmakt som bestemmer kva prøvingsform som skal nyttast i det enkelte tilfellet.
§ 2 Fastsetjing av oppgåver
Avdelingsutvalet på den aktuelle avdelinga fastset oppgåver. For enkelte prøvingsformer kan denne funksjonen delegerast.
Den som har undervist på faget, har plikt til å komma med framlegg til tema for munnleg presentasjon, semesteroppgåver, oppgåver til heimeeksamen og skuleeksamen.
Medlemmene i avdelingsutvalet og lærarane ved fakultetet har rett til å komma med framlegg til tema for munnleg presentasjon, semesteroppgåver, oppgåver til heimeeksamen og skuleeksamen.
Dersom avdelingsutvalet bestemmer tema for prøven, og studentane i avdelingsutvalet er student på vedkommande avdeling, må dei erstattast med vidarekomne studentar som minst har den avdelinga det skal gjevast oppgåver i .
Når oppgåve på skuleeksamen og heimeeksamen skal fastsetjast, skal det vera med ein ekstern sensor frå det faste sensorutvalet.
§ 3 Munnleg presentasjon
Presentasjonen kan haldast i samband med fagseminar eller på eigne seminar. Temaet kan vera valfritt eller obligatorisk.
Avdelingsutvalet eller den utvalet gir fullmakt bestemmer:
- om temaet skal vera valfritt eller obligatorisk,
- kor lang innleiinga skal vera, og
- tema, dersom det skal vera obligatorisk.
Presentasjonen skal vurderast av ein lærar. Det skal vera to sensorar ved kontinuasjon. Vurderingsuttrykket er godkjend/ikkje godkjend. Resultatet skal ikkje vera med på vitnemålet.
§ 4 Semesteroppgåve
Semesteroppgåva kan vere:
- ei skriftleg oppgåve som skal avgrensast opp til 3000 ord,
- ein kombinasjon av skriftleg og munnleg oppgåve, eller
- ei munnleg oppgåve.
Avdelingsutvalet eller den utvalet gir fullmakt bestemmer oppgåveform, oppgåvetekst, ramma for oppgåvesvarets omfang, frist for levering m.v. innafor rammene av studieplan og reglement.
Prestasjonane skal vurderast av ein kommisjon på to sensorar. Kvar sensor er normalt med i to kommisjonar. Kvar kommisjon skal så langt mogeleg vere ulikt samansett. Vurderingsuttrykket er godkjent/ ikkje godkjent. For å få godkjent må oppgåvesvaret minst ha eit nivå som tilsvarer karakteren D.
Kandidatar som ikkje får godkjent semesteroppgåva skal arbeide vidare med oppgåva og levere den på nytt innan ein fastsett frist. Studenten skal gjevast skriftleg tilbakemelding på arbeidet. Særskilt gode arbeid skal innrapporterast til Dekan.
§ 5 Beskriving av bokstavkarakterane A-F
Sjå Forskrift for eksamenar ved Universitetet i Tromsø § 36 og retningslinjer vedrørande karakterar for juridiske fag.
§ 6 Heimeeksamen med munnleg prøve
Eksamen vert avvikla over 5 virkedagar. Oppgåva vert levert ut kl. 09.00 første dag og skal leverast inn seinast kl. 15.00 siste eksamensdag. Svaret skal vere eit sjølvstendig arbeid. Kjeldetilvisningane skal vere presise og må kunne etterprøvast.
Avdelingsutvalet eller den utvalet gir fullmakt, bestemmer oppgåveform, oppgåvetekst, frist for levering m.v. innafor rammene av studieplan og reglement.
Leiar for avdelingsutvalet sørgar for at det vert utarbeidd sensorrettleiing. Medlemmene i avdelingsutvalet kan gi merknader til rettleiinga før ho vert sendt ut til sensorane.
Prestasjonane skal vurderast av ein kommisjon på to sensorar. Kvar sensor er normalt med i to kommisjonar. Kvar kommisjon skal så langt mogeleg vera ulikt samansett.
Dei kandidatane som har stått på eksamen, vert innkalla til munnleg prøve. Etter munnleg prøve vert karakteren fastsett. Vurderingsuttrykket er karakterskalaen A-F. Sensorane kan fastsetja karakteren F (ikkje bestått) også etter munnleg prøve.
Kandidatar med studierett som ikkje står på heimeeksamen, får kontinuera, jf § 22 i forskrift for eksamenar ved Universitetet i Tromsø.
§ 7 Skriftleg skuleeksamen
Avdelingsutvalet bestemmer oppgåveform, oppgåvetekst, føreslår tid for eksamen m.v. innafor rammene av studieplan og reglement.
Leiar for avdelingsutvalet sørgjer for at det vert utarbeidd sensorrettleiing. Medlemmene i avdelingsutvalet kan gi merknader til rettleiinga før ho vert sendt ut til sensorane.
Prestasjonane skal vurderast av ein kommisjon på to sensorar. Ein av sensorane bør vera ekstern. Kvar sensor er normalt med i to kommisjonar. Kvar kommisjon skal så langt mogeleg vera ulikt samansett. Vurderingsuttrykket er karakterskalaen A-F.
Der det er meir enn ein eksamensdag på ei avdeling, skal det fastsetjast separat karakter for kvar eksamensdag.
Kandidatar med studierett som ikkje står på skuleeksamen, får kontinuera, jf § 22 i forskrift for eksamenar ved Universitetet i Tromsø. Der det er meir enn ein eksamensdag på ei avdeling, ser ein på kvar dag som ei separat prøve.
§ 8 Munnleg skuleeksamen
Avdelingsutvalet vedtek tema, eksamendatoar m.v. innafor rammene av studieplan og reglement. Utvalet bestemmer også kor lang tid på førehand studentane skal få delt ut tema for prøven.
Prestasjonane skal vurderast av ein kommisjon på to sensorar. Ein av sensorane bør vera ekstern. Kvar sensor er normalt med i to kommisjonar. Kvar kommisjon skal så langt mogeleg vera ulikt samansett.
Vurderingsuttrykket er karakterskalaen A-F.
Kandidatar med studierett som ikkje står på prøven, får kontinuera, jf § 22 i forskrift for eksamenar ved Universitetet i Tromsø.
§ 9. Adgang til å ta ny prøve1.
Det er adgang til å ta ny prøve på kvar avdeling2. Studentar som har avlagt avsluttande eksamen på ei høgare avdeling kan ikkje avlegge eksamen på lågare avdelingar. Bestemminga gjelder ikkje for masteroppgåver ved Det juridiske fakultet.
1. Vedtatt av fakultetsstyret 19.08.04 i sak JF 42-04
2. Jf. forskrift for eksamener ved Universitetet i Tromsø, § 25.
§ 10 Hjelpemiddel på skuleeksamen
Det er lov å ha med alle utgåver av ”Norges lover” på eksamen.
Den som vedtek eksamensoppgåver, kan også bestemma at det er lov å ta med andre hjelpemiddel, eller leggja hjelpemiddel ved eksamensoppgåva. Dersom det skal vera lov å ta med andre hjelpemiddel, skal studentane få liste over desse minst fire veker før eksamen.
Det er lov å streka under og i margen i hjelpemidlane, eller utheva tekst på anna måte, t.d. med gjennomsiktig tusj, i lovsamlinga og eventuelle andre hjelpemiddel. Det er også lov å visa til andre stader i hjelpemidlet. Illojal understreking/utheving og henvisning er ikkje lov. Det er t.d. ikkje lov å understreka/utheva einskildbokstavar i ord.
Det er lov å ha med desse ordlistene:- Asgeir Olden: "Juridisk ordliste" (bokmål-nynorsk).
- Leiv Heggstad: "Gamalnorsk ordbok".
- Karl Arne Utgård : ”Juridisk og administrativ ordliste, bokmål – nynorsk”.
- Andre norske og utanlandske ordlister (trykte) som ikkje har definisjonar eller forklaringar.
§ 11 Oppmann for sensorane.
Blir kommisjonssensorane ikkje einige om karakteren er leiar i avdelingsutvalet oppmann. Dersom usemja gjeld prestasjon på munnleg prøve, kan leiar fastsetja at det skal haldast ny munnleg prøve, der han/ho er med som sensor.
§ 12 Teieplikt.
Alt arbeid med oppgåver og sensur er underlagt teieplikt så langt ikkje anna er fastsett. Dette gjeld: - Oppgåver, oppgåveforslag og drøftingar om oppgåver.
- Opplysningar på førehand om kven som er studentrepresentant i oppgåveutvalet der det er oppnemnt særskilt representant.
- Forfattar av praktiske oppgåveforslag m.m.
- Interne notat og karakterlister som gjeld sensuren
§ 13 Anonymitet
Eksamensnummeret til eksamenskandidaten, men ikkje namn, skal stå på dei skriftlege svara. Kandidaten sitt namn skal ikkje gjerast kjent for sensorane før dei har avslutta den skriftlege delen av sensuren.
§ 14 Klage på sensur
§ 44 i Forskrift for eksamenar ved Universitetet i Tromsø gjeld med følgjande unnatak: Den nye eksamenskommisjonen skal ha opplysningar om karakter, eventuell skriftleg grunngjeving for karakteren og studentanes klage.
Dette gjeld frå og med klagebehandlinga over sensurvedtak for eksamenar som blir påbegynt våren 2006.
§ 15 Vitnemål.
Når kandidaten har bestått munnleg prøve til fjerde avdeling og har oppnådd 60 studiepoeng på femte avdeling, får han/ho vitnemål som master i rettsvitskap. Før vitnemålet vert levert ut, må kandidaten med handtrykk eller skriftleg gi løfte som forordning av l0.2.l736 påbyr:
"Aldrig vidende at ville vige fra Ret og Retfærdighed, mindre raade nogen til ufornødne Processer eller i andre Maader med sine Raad befordre nogen uretvis Sag eller Intention".
05.07.06 AST
|