|
Overgangsordninger
KVALITETSREFORMA – OVERGANGSORDNINGAR
Karaktersystemet:
Universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø har prøvt å få departementet til å godkjenna ei overgangsordning for innføring av nytt karaktersystem på jusstudiet som gjer at dei som fullfører studiet etter gammal modell får behalda talkarakterar. Dessverre gikk ikkje departementet med på dette.
Dermed blir våren 2003 det siste semesteret det vil bli gitt talkarakterar. Frå og med haustsemesteret 2003 begynnar alle juridiske fakultet å bruka det nye karaktersystemet. Det er regulert i universitetslova § 30 nr 6:
”Vurderingsuttrykket ved eksamen, prøve , bedømmelse av oppgave eller annen vurdering skal være bestått/ikke bestått eller en gradert skala med fem trinn fra A til E for bestått og F for ikke bestått”.
Styret har ikkje diskutert kva karaktersystem skal brukast for dagens studieordning, men vi reknar med at bokstavkarakterane kjem til å erstatta talkarakterane.
Overgang til mastergrad:
Som det er orientert om på allmøte, er det vedtatt at studentar som skal byrja på 3. avdeling jus hausten 2003 kan velja å gå over til ny studieordning. Dei vil då få ei normert studietid på 11 semester. Dei som tek til på profesjonsstudiet våren 2003, og tek eksamen på 2. avdeling jus hausten 2003, må gå over på masterstudiet frå og med våren 2004.
Det er vedtatt studieplan for mastergraden, og arbeidet med å laga fagplan er i gang no. Studieplanen er kopiert opp lagt ut under gjestetavla på fakultetet.
Informasjon:
Vi veit at studentane lurer på andre ting også når det gjeld overgangen til mastergrad, og kan opplysa at vi tek sikte på å laga ei eiga side om reforma. Når den er klar vil det komma oppslag med adressa. De kan også kontakta oss på fakultetet, eller senda spørsmål på e-brev: www@jus.uit.no
8. november 2002, Olaug Husabø
|