|
Timeplanar for vårens undervisning
No ligg timeplanane for undervisninga i vårsemesteret 2007 på heimesidene til fakultetet. Timeplanane for kvar avdeling ligg under informasjon for studentar, på den aktuelle avdelinga.
Det er lagt ut timeplanar for kvar seminargruppe, og i tillegg ein timeplan for all undervisning på heile avdelinga. Øvst i timeplanen kan ein gjera ulike val for kva klokkeslett, dagar og veker ein vil at timeplanen skal visa. Velgjer du veke 33-50, ser du heile semesteret. Det er lurt å kryssa av for både laurdag og søndag, og kl 07-22, då veit du at all undervisninga er synleg.
I tillegg til timeplanane er det lagt ut ei totaloversikt over vårsemesteret for kvar avdeling.
OBS! Det vil koma endringar i undervisninga undervegs. Desse blir kunngjorde på dei elektroniske oppslagstavlene våre, og timeplanane blir automatisk oppdaterte når det blir gjort endringar.
Kontaktperson
Borghild Gramstad
Epost
borghild.gramstad@jus.uit.no
05.12.2006
|