Avdeling for sykepleie og helsefag 
Startsiden

Til Medisin
 
Klinisk medisin

Instituttstyret
Instituttadmin
Avdelinger
Anestesi
Barneavdelingen
Hudavdelingen
Kirurgisk avdeling
Klinisk psykiatri
Kreft
Kvinneklinikken
Medisinsk avdeling
Medisinsk genetisk
Nevrologisk
Revmatologisk
Sykepleie og helsefag
Telemedisin og e-helse
Øre-nese-hals
Øyeavdelingen
Avdelingsledere
Rapporter/referater
Studietilbud
Om instituttet

Nyttige lenker
Bevilgninger
 
Language:

 
[ Logg inn ]
set width of left cell in netscape 4
Startsiden › medfak › klinmed › avdelinger › ash › 14
Printer friendly

Fagfordjupning i sjukepleie

Sjukepleien har lange tradisjonar som kunnskapsfelt og moralsk praksis. Avdeling for sjukepleie og helsefag ønskar å utvikle ei forståing av faget der eit kritisk historisk perspektiv spelar inn i begrep og analyser. Hovudgreina i fagtradisjonen handlar om korleis ein praktisk tar seg av menneske gjennom vanskane, smertene og avhengigheita som sjukdom og liding kan skape. Det handlar om å sørge for livsopphaldet på ein lindrande og støttande måte gjennom døgnet, også ved tilstandar der evna eller viljen til å halde oppe livet er svak. Dette er den grunnleggande sjukepleien.

Som fag har ikkje sjukepleie først og fremst eit terapeutisk, behandlande eller diagnostisk formål. Men det høyrer også til faget å ta seg av og følge med menneske når dei går gjennom behandling, rehabilitering og diagnostikk, og dermed å delta i ulike behandlingsprosedyrar. Jordmorfaget og helsesøsterfaget rettar seg ikkje hovudsakleg mot sjuke menneske, men handlar liksom sjukepleiefaget om praktisk kompetanse i å følgje menneske gjennom situasjonar der liv og livsopphald står i fokus, på ulike vis.

Ut frå denne forståinga gir det seg i alle fall to faglege retningar, som er viktige ved Avdeling for sjukepleie og helsefag.

Det eine er å forstå betre kva eit menneske går gjennom, som kan gjere at ein treng god sjukepleie. Spørsmålet om kva det kan innebere å vere sjuk blir sentralt for faget. Det dreier seg om det mangfaldige feltet som blir kalla for “pasienterfaringar”, og som vi vil oppmuntre studentane til å gå inn på, gjerne med bakgrunn i eigen praksis. Det heng nært saman med studiet av korleis sjukepleiaren nærmar seg den einskilde, og korleis eit hjelpande forhold kan få utvikle seg. Som alle andre helsefag er sjukepleien forplikta på ein norm om god praksis, sjølv om denne normen alltid er under diskusjon. Men når det gjeld relasjonane i sjukepleien er dei etiske sidene ved faget heilt openberre.

Den andre retninga handlar om strukturen i sjukepleiepraksis, som gjer at begrep som mål, resultat eller produkt kan bli problematiske. Dersom det sentrale er å følge og ta seg av mennesket gjennom ei krise eller ein sjukdomsprosess, kanskje inn i døden, blir sjukepleiepraksis vesentleg eit understøttande og formidlande forhold. Derfor er praksisstudier av f.eks. handlingsformer, samarbeid og tidsstrukturar i sjukepleien viktige. På meir overordna nivå er det vesentleg å analysere strukturen på fagutøvinga i forhold til organisasjon og økonomiske system.


Universitetet i Tromsø, Det medisinske fakultet, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 46 01
Oppdatert av konsulent Torill Johansen den 04.04.2005 13:05
Ansvarlig redaktør: fakultetsdirektør Stig Ørsje


Read this page in: Bokmål

set width of main cell in netscape 4

Alle UiTø-sider
Avansert søk

Sider:
Ansatte
Om avdelingen
Helsefaglig forskning
- Fysioterapi: Fagspes. fordypning
- Ergoterapi: Fagspes. fordypning
- Sjukepleie: Fagspes. fordjupning
- Radiografi: Fagspes. fordypning
- Vernepleie: Fagspes. fordypning
- Avsluttende eksamener
- Kurs-Forskn.metode
- Research course
Opptak høsten 2005
Studentuttalelser
Studentuttalelse 1
Studentuttalelse 2
Studentuttalelse 3
Studentuttalelse 4
Søknadsannonse
set width of right cell in netscape 4