|
Classfronter
Kvifor nettlæring?
Studentene skal oftare få attendemelding på prestasjonane sine gjennom semesteret, og mappevurdering er den vurderingsforma som blir nytta ved KUN. Med betre oppfølging av kvar einskild student er evalueringa ikkje lenger fokusert på kontroll, men på utviklinga til studenten.
Dette er ei utvikling som ikkje berre skjer gjennom attendemelding frå faglærar. Dei nye læringsformene oppmodar også studentane til å vurdere og kommentere prestasjonane til kvarandre. Studentane kjem med innspel og rettleier kvarandre. Alt er mogleg gjennom nettlæring.
Betre oppfølging
Å satse på bruk av Internett i samband med undervisninga, gjennom verkty som Classfronter, har samanheng med at ein ønskjer ei studentfokusert læring og utviklingsfokusert eller formativ evaluering. Dessutan vil det gje betre oppfølging av deltidsstudentane mellom fellessamlingane. Den tette oppfølginga og den kontinuerlege evalueringa ein legg opp til, er praktisk tala umogleg utan eit verkty som dette. Men ein sparer ikkje pengar på det, og til tider kan det vere meir arbeidskrevjande for både studentar og lærarar. Men det gjev mykje meir fleksibilitet og fridom og gjev høve til nye og betre læringsformer.
Diskusjonsgrupper på nett
Diskusjonsgrupper er eit viktig verkemiddel i nettlæring. Dei skaper fagleg refleksjon og interaksjon mellom studentane. Men det er ikkje berre enkelt å få gruppene til å fungere optimalt. Sjå nærmare på KUNs køyrereglar for diskusjonsgrupper på nett her (Powerpoint-versjon)
|