Det 14. norske statistikarmøtet
SOMMARØYA (Tromsø)
19.-21 juni 2007
Norsk statistisk forening avdeling Trondheim ønskjer velkommen til:
Det 14. norske statistikarmøtet, 19.-21. juni 2007
på Sommarøy kurs og konferansesenter
Tilbake til hovedside
Tidspunkt
Møtet startar med lunsj tisdag 19. juni klokka 13.00 og blir avslutta torsdag 21. juni klokka 12.30.
Lokalisering
Sommarøy kurs og konferansesenter, www.sommaroy.no, ligg på Sommarøya, som er er lokalisert på vestsida av Kvaløya omtrent 50 km vest for Tromsø, altså omtrent ytst mot havgapet. Det er frå gamalt av eit fiskeribasert samfunn der det i dag òg blir drive ein del med turisme. Øya har brusamband med Kvaløya og vidare til Tromsø. På sommarstid er det og mogeleg å ta ferje frå Brensholmen (5 km frå Sommarøya) til Senja og følgje ytre veg vidare derfrå til Vesterålen og Lofoten utan å dra innom fastlandet.
Program
Sjå eiga nettside.
Påmelding
Påmeldingsfristen er 1. mai, og konferanseavgifta er sett til 1000 kroner.
et er mogeleg å melde seg på fram til 1. juni, då med ei konferanseavgift på 1250 kroner.
For studentar er konferanseavgifta sett til 500 for påmelding før 1. mai, og 750 mellom 1. mai og 1. juni. Det vil i tillegg bli gitt støtte til dekning av (delar av) utgiftene til reise og opphald for studentar som vil delta, meir informasjon om dette vil kome på nettsidene.
Hotellovernatting for 2 dagar med heilpensjon vil komme på omtrent 2800 kroner. I tillegg kan dei som ønskjer det bestille lunsj siste dagen, dette er ikkje inkludert i pensjonsprisen.
Transport
Det vil bli sett opp (gratis) buss frå Tromsø lufthamn til Sommarøya klokka 11.45 tirsdag 19/6. Den vil då korrespondere med flyruter frå Oslo og Trondheim med ankomst mellom 11.00 og 11.15. Bussturen tar omtrent 45 minutt.
Torsdag 21/6 blir det sett opp buss frå Sommarøya klokka 12.30 slik at den korresponderer med fly til Oslo og Trondheim med avgang 14.00.
Det går òg rutebussar frå flyplassen til Sommarøya, sjå www.tromsbuss.no (rute 1) for nærmare informasjon.
Sosiale aktivitetar
På ettermiddagen onsdag 20. vil det bli eit tilbod om anten tur med båt eller eit opplegg med «naturbaserte spenningsaktivitetar og moro» frå http://www.naturogutfordring.no. Påmelding og betaling for den enkelte deltakar skjer via konferansenettsidene. På kvelden den 20. er det òg konferansemiddag.
.
Arrangementskomité
Georg Elvebakk (Tromsø), leiar
Sigrunn Sørbye (Tromsø), økonomi
Elinor Ytterstad (Tromsø), påmelding, transport, websider
Turid Follestad (Trondheim)
Vi ønskjer velkommen til det første norske statistikarmøtet nord for polarsirkelen!
Tilbake til hovedside