|
Det kom universitetsstyret fram til på sitt møte 6. september. Styret meiner satsinga er nyskapande.
Masterprogrammet er eit samarbeid mellom fiskerihøgskulen (NFH) og The Grimsby Institute of Further and Higher Education i England. Sistnemnde er ein britisk utdanningsinstitusjon som tilbyr både yrkesretta utdanning på nivå med vidaregåande skule og høgare utdanning, primært på bachelorgradsnivå.
Det nye studiet har som mål å gi industrien sine forvaltarar den naudsynte kunnskap for å sjå på førehand og takle endringar i den internasjonale marknaden for sjømat.
Undervisninga vert gitt i form av fire samlingar, kor to er i England. Studiet gir 90 studiepoeng og strekk seg over eit og eit halvt år. Ein tek sikte på å starte opp studiet hausten 2008. Universitetsstyret ber NFH evaluere røynslene dei får frå studiet.
|