|
Universitetet er ein av dei som brukar nynorsk mest både på kortare (45%) og lengre tekstar (22%).
Men heile sju av åtte sentrale statsorgan greier ikkje å oppfylle krava som seier at minst 25 prosent av det skriftlege materialet skal være på nynorsk. Dei bryt såleis mållova.
Informasjonsrådgjevar Jon Grepstad meiner likevel det er råd å spore ei betring i all talmaterialet. Det er særleg for nettstadene at nynorskbruken er på veg oppover.
– Dei dårlegaste har blitt betre, så eg vil seie at det går framover, seier han til avisa Nationen.
I mars i fjor sende Kyrkje- og kulturdepartementet eit rundskriv til alle statsorgana, der det vart understreka at reglane om målbruk skal etterlevast og bad leiarane gje eit klart signalinternt i eigen organisasjon om at målbruksreglane skal følgjast til punkt og prikke.
Kjelde: Nationen
|