Search Tavla Humanities Law Science Medicine Fishery Sciences Social Sciences Centres TMU Library Administration
set width of left cell in netscape 4
Startsiden
Tromsøflaket
Nyheter
Debattforum
Rektors spalte
Arkiv
Kontakt oss!
Aktuelt
Nytt fra enhetene
Universitetstavla
Hva skjer?
Intern informasjon
Pressemeldinger
Andre medier
UiT i media
Smånytt
set width of left cell in netscape 4
Startpage › nyheter › pressemeldinger › 904 › 4736
Printer friendly

Kva skjer med DNA-vaksinemolekylet i laks og torsk etter vaksinering?

DNA-vaksine er ei ny type vaksine som gjer det mogeleg å bekjempe sjukdomar. Tom Christian Tonheim har i ei avhandling frå Universitetet i Tromsø studert skjebnen til ei modell-DNA-vaksine i laks og torsk.


 


Tom Christian Tonheim. PhD fra NFH. Foto: Henrik Romsaas, NFH
Tom Christian Tonheim. Foto: Henrik Romsaas
DNA-vaksine er ei ny type vaksine som gjer det mogeleg å bekjempe sjukdommar ein tidlegare ikkje har kunna behandle med tradisjonelle vaksiner.

– Dette er spesielt nyttig sidan virus-sjukdommar, som det ikkje finst god behandling mot per dags dato, er ei utfordring for oppdrettsnæringa i dag, seier Tom Christian Tonheim ved Institutt for marin bioteknologi ved Noregs fiskerihøgskule, Universitetet i Tromsø .

– Ei DNA-vaksine vert vanlegvis gjeven til fisken via eit sprøytestikk i rygg-muskulaturen, forklarer Tonheim. DNA-vaksina vert så teken opp av fisken sine egne celler, der dei produserer eit protein, t.d. eit virus-protein, som DNA-vaksina kodar for.

Fisken sitt immunsystem reagerer på dette virus-proteinet og opparbeidar til slutt ein beskyttelse mot dette proteinet. Slik blir fisken immun mot virus-sjukdomen DNA-vaksina er retta mot. Førebels er DNA-vaksinering kun tillate for behandling av ein alvorleg virussjukdom på laksefisk i Kanada, legger fiskehelsebiologen til.

Tidlegare studie av DNA-vaksiner på fisk omfattar i all hovudsak beskyttelse mot sjukdommar, medan lite er kjent om skjebnen til sjølve DNA-vaksine molekylet.

– Eg viser i avhandlinga ”Parenterally delivered plasmid DNA in Atlantic salmon and Atlantic cod – distribution, uptake and persistence” at kun ein liten del av den DNA-vaksina som vert gjeven til fisken, vert nytta til å produsere ”vaksine-proteinet”.

I laks og torsk skjer produksjonen av ”vaksine-proteinet” kun i muskel-området der vaksina er tilført fisken. Mesteparten av DNA-vaksina forsvinn frå muskelen og vert teken opp av spesielle celler, i laksen si nyre og hjartet til torsken. Desse cellene bryt ned DNA-vaksinemolekyla utan å tillate produksjon av ”vaksine-proteinet”.


Illustrasjon av DNA-vaksine. Fra  www.medscape.com.
DNA-vaksines virkemåte. Kilde: www.medscape.com
1) Cellekjerne. 2) mRNA transkript bestående av virusspesifikke gener som koder for sykdomsbeskyttende antigener (f.eks proteiner). 3) Transkribering av gener ut fra kodene i DNA vaksinen (bakterielt plasmid DNA)). 4) Endoplasmatisk retikulum hvor det fremmede proteinet syntetiseres.
5) Proteiner overføres fra 4) i intakt form eller som nedbrutt til peptider som kan "monteres" til et såkalt MHC molekyl i Golgi apparatet. 6) MHC med fremmed peptid fraktes til celleoverflaten hvor dette komplekset blir sett av antivirale celler DNA vaksinasjon medfører dermed en aktivering av immunsystemet som gjør verten i stand til å utslette virusinfiserte celler (=virusfabrikker) som igjen terminerer replikasjonsmulighetene for viruset. Det dannes i tillegg "huske-T celler" som er programmert til å gjenkjenne de fremmede peptidene og som responderer meget hurtig ved neste infeksjon. I fisk vil det meste av injisert DNA vaksine brytes ned i nyre hos laks og i hjerte hos torsk. Imidlertid vil en liten del DNA vaksine motstå degradering og kunne gi opphav til immunresponser som er beskyttende for fisk når det bli infisert med f.eks virus som innehar samme antigen (protein) som det DNA vaksinen koder for.


Tonheim har i sitt arbeid kartlagd prosessar i laks og torsk som er med på å redusere effekten av den tilførte DNA-vaksina. Denne kunnskapen kan seinare nyttast til å forbetre effektiviteten av DNA-vaksiner.

– DNA-vaksina er funksjonell i minst 17 månader i laks. Dette kan vere viktig for å oppretthalde god og langvarig beskyttelse av DNA-vaksina, sluttar den nybakte doktoranden.

Tom Christian Tonheim (f. 1979) er vaksen opp i Eikefjord i Sunnfjord, og fullførte fiskehelsebiolog-utdanninga ved Universitetet i Tromsø i juni 2003. Tonheim har vore doktorgradsstipendiat ved Institutt for marin bioteknologi ved Universitetet i Tromsø sidan juli 2003. Doktorgradsstudiet er finansiert av Noregs forskingsråd.

Kontaktperson: Tom Christian Tonheim, telefon 77 64 60 22 eller e-post: tom.tonheim@nfh.uit.no

Would you like to receive e-mails about updates in this folder?
E-post adresse:
Velg intervall her:

© Tromsøflaket, Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø
Telefon: 77 64 40 00, Faks: 77 64 64 00, Epost flaket@adm.uit.no
Updated by nestleder Karen Marie Christensen on 02.10.2007 at 14:54
Ansvarlig redaktør: kommunikasjonsdirektør Stein-Gunnar Bondevik


Read this page in: Bokmål |

set width of main cell in netscape 4

All UiT-pages
Advanced search
Subjects:
Showing 1-8 of 8
Doctor artium
Doctor juris
Doctor medicinae
Doctor philosophiae
Doctor psychologiae
Doctor scientiarum
Dr. rerum politicarum
Philosophiae doctor (PhD)
Records:
Showing 1-16 of 16
Tonheim, Tom C.
Fyhn, Anne B.
Bachmann-Harildstad, G.
Isaksen, John
Niiranen, Laila
Ray, Jessica L.
Ræder, Inger Lin Uttakleiv
Colpaert, Arnout
Jonathan Verreault
Kari Sire Berner
How, Ole-Jakob
Krafft, Bjørn Arne
Johannessen, Mona Susan
Dumeaux, Vanessa
Acharya, Ganesh Prasad
Arndt, Carolin E.
set width of right cell in netscape 4