|
Nils Aarsæther
Professor, instituttleder
Telefon (+47)
776 44298
E-mail
nilsaa@sv.uit.no
Kontor/besøk
N-fløya, Breiviklia
Kompetanse og forskningsområde
CV Nils Aarsæther
Forskar på lokaldemokrati, på samfunnsplanlegging og lokalt
innovasjonsarbeid, først og fremst i Nordområda. Frå å vere eit vel
avgrensa felt har lokaldemokratiet og lokalt plan- og innovasjonsarbeid
sprengt grensene: Kommunane og staten står i eit konstant spenningsforhold,
der både økonomisk fordeling og fordeling av ansvar står i fokus. Både i
politikken, i serviceytinga og innovasjonsarbeidet blir kommunar kopla opp
mot regionale, nasjonale og internasjonale nettverk, og kommunen sine
aktivitetar bidrar på fleire måtar til å omforme både by- og bygdesamfunn i
nordområda. Omforminga dreier seg om vekst og endring i offentleg
tenesteyting, om endring i kulturelle uttrykksformer, eit nytt forhold til
landskap og natur, og ein økonomi som i langt større grad enn før knyter
opplevingar til produkta. For samfunnsplanlegginga reiser utviklinga i "den
nye periferien" store utfordringar, og det er viktig å bidra til å skape
eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag for politikarar og planleggarar som
skal ta ansvar for velferd og livskvalitet i våre mange kommunesamfunn.
Denne kunnskapen skal også bringast til anvending av aktørar i politikk,
administrasjon, organisasjonsliv og næringsliv, og erfaringsmessig skjer
ikkje det gjennom at praktikarane leser vitskaplege rapportar. Derfor er
ein sentral del av kompetansen på studiar av samfunnsplanlegging og
lokaldemokrati basert på interaktiv, gjensidig læring og nærheit mellom
forskar og brukar.
|