|
Ein kan vinkla faget inn mot mange ulike arbeidsfelt, for eksempel bistandsbransjen.
Avlagt hovedfagseksamen: November 2002
 |
| Elin Vannes i Kenya |
Hva jobber jeg med nå Bistandskonsulent i NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband, ein frivillig organisasjon innafor den norske kyrkja. Eg leier ein liten seksjon som har ansvar for administrativ og bistandsfagleg oppfølging av utviklingsprosjekta til NLM. Vi får støtte frå Norad til omlag 25 prosjekt i 8 land, og driv andre prosjekt finansiert av private gaver. Seksjonen min skal sjå til at prosjekta utarbeider planar og budsjett, at dei følgjer det som dei har planlagt, at dei utarbeider regnskap og rapportar, og at Norad får dokumentasjonen dei krev. Oppfølginga inneber og å gjere bistandsfagleg vurdering av aktivitetane og administrasjonen av prosjekta, gje innspel og setja krav slik at resultata skal bli best mogleg for målgruppene. I tillegg skal eg gje råd og innspel i forhold til organisasjonen sin utviklingsstrategi generelt, og følgja med på at denne blir følgt i arbeidet vi driv. Eit par reiser i året for å besøka prosjekt er eitt av høgdepunkta ved jobben!
Hvordan jeg bruker faget mitt i jobben: Det er mykje planlegging i bistandsprosjekt! I mi stilling følgjer eg mest opp at andre planlegg, men til det og har eg nytte av kjennskap til planleggingsprosessar. Eg opplever stadig at prosessen med planlegginga og aktørane som deltar er dei vesentlege faktorane for om det skal bli aktivitetar og resultat av planane! Generell sosialantropologi og sosiologi er og godt å ha som bakgrunnskunnskap når ein har å gjera med folk og samfunn. Eg var på feltarbeid i Kamerun til hovedfagsoppgava, og drar no nytte av afrikaerfaringa. I tillegg hjelper erfaringa frå studiane i å tileigne seg og analysera informasjon, når sakene er mange og tida er kort.
Studiebakgrunn: Grunnfag i sosiologi, sosialantropologi og utviklingsstudiet (ved HiA), storfag og hovedfag i planlegging.
Dette vil jeg gjerne si til folk som vurderer å begynne på bachelor og masterstudier ved IPL:
Det tverrfaglege ved IPL var hovedgrunnen til at eg velte faget. Det gir stor valfridom til å velja tema å studera og teoretiske tilnærmingar å bruka. Då kan ein vinkla faget inn mot mange ulike arbeidsfelt, for eksempel bistandsbransjen. I tillegg gir det eit spennande fagmiljø, der ein får innblikk i tema ein sjølv aldri hadde kome på å fordjupa seg i.
|