|
Faget tilbyr moglegheiter til å studere prosessar både lokalt, nasjonalt og internasjonalt!
Når eg blir spurd om kva og kvar eg studerer, kjem det ofte ganske forskjellige svar frå meg.
 |
| Krisin |
Er det samfunnsplanlegging, kulturforståing eller lokalsamfunnsforsking vi driv med på IPL?
Både samansetninga av staben, bakgrunnen til oss studentar og emna vi skriv om tyder på at det er alt dette, kvar for seg og i kombinasjonar. Det er fordelar og utfordringar med å vere student på eit tverrfagleg studium. For min del passar det veldig godt. Eg har ein bachelor i samfunnsgeografi frå Universitetet i Bergen, iblanda litt ymse: utviklingsstudier, antropologi, administrasjons- og organisasjonsvitskap og kjønnsforsking.
På IPL får du forståing om du har lyst til å veksle i dei teoretiske innfallsvinklane, og hente inspirasjon frå alle delar av samfunnsvitskapane. Faget tilbyr moglegheiter til å studere prosessar både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, og ein blir oppfordra til å ”sjå det globale i det lokale” og omvendt. Denne innfallsvinkelen er viktig!
Sjølv hamna eg på IPL fordi eg fekk nyss i at forskingsprosjektet ”Innovative bygdemiljø. Kollektivt entreprenørskap i bygdesamfunn” søkte masterstudentar som ville vere ein del av prosjektet samstundes som dei tok ein master i Samfunnsplanlegging og kulturforståing. Eg hadde akkurat tatt planleggingsfag ved UiB og var gira på å lære meir. Plutseleg satt eg i Tromsø og skulle skrive om nyskaping innanfor landbruk i Lyngen kommune. Frå første møte med medstudentar og fagansvarlege har vi blitt oppfordra til å tenke på og jobbe med masteroppgåva. Slik har vi kunne fletta inn våre eigne prosjekt i ulike kurs. Første semester startar med arbeidet med utforming av prosjektskissa til ditt mastergradsprosjekt. Samstundes tek ein emnet ”Plan, næring og kultur”, der ein får ei brei vitskapsteoretisk innføring i planlegging og kulturanalytiske perspektiv. Dette emnet er spesielt bra for dei av oss som ikkje har bachelorgraden vår frå IPL, fordi vi då får innsikt i kva slags plattformer instituttet kviler på.
Dei fleste uteksaminerte ved IPL får ein relevant jobb etter kort tid, og kompetansen vår er ettertrakta innanfor kommunale, fylkeskommunale og statlege instansar. Dessutan er organisasjonsarbeid aktuelt, eller du kan satse på forskingsarbeid eller søke doktorgradsstipendiat. Lukke til!
|