|
NOR-1011: Nordisk språkvitenskap: Moderne språkstruktur Vekting 10 studiepoeng | Mål Studiet skal gje grundige kunnskapar om moderne norsk, og i nokon monn nordisk språkstruktur (fonologi, morfologi og syntaks) ? både i talemål og skriftspråk. Nordnorske språklege forhold blir vektlagde. | Innhold Emnet er obligatorisk. Gjennom studiet av moderne språkstruktur skal ein skaffe seg grundige kunnskapar om fonologi, morfologi og syntaks i moderne norsk og i nokon monn i andre nordiske språk. Studiet av fonologi skal gje innsikt i talemål som språksystem. Studiet av morfologi er først og fremst knytt til bøyingssystemet i dei to skriftmålsformene bokmål og nynorsk. I tillegg skal studentane ha nokon kjennskap til ordlaging i norsk. I syntaks skal studentane lære seg grunnleggjande setningsanalyse. | Undervisning Undervisninga blir gjeven i vårsemestret. Totalt 26 timar (13 dobbelttimar. Undervisninga skjer i form av forelesingar, seminar og øvingar. Dei undervisningsfrie periodane blir brukte til sjølvstudium og oppgåveskriving. | Vurdering 2 hjemmeoppgaver og en muntlig prøve
Studentane skal i løpet av semestret (innan fastsette tidsfristar) levere inn to oppgåver frå to av dei tre delane i studieemnet. Lengda på oppgåvene er på om lag 5-6 sider (el. rundt 12000 teikn). Studentar som tek BA-programmet i språk og litteratur med fordjuping i nordisk språk og litteratur, skriv den eine oppgåva på bokmål, den andre på nynorsk. I tillegg blir studentane prøvde i ein munnleg eksamen i slutten av semestret. Dei skriftlege oppgåvene tel halvparten av karakteren, den munnlege eksamenen utgjer den andre halvparten. For å kunne stå til eksamen må begge dei skriftlege oppgåvene vere greidde. | Eksamenssemester Vår |
Undervisning våren 2004 Første fremmøte: Tirsdag 06.01.04 kl. 1015 rom A3018 | | Forelesning | Foreleser: Gulbrand Alhaug (morfologi) og K. Sæther (syntaks). Lese- og skriveperioder i ukene 6,10,13,14,19,21 og 22. Hjemmeoppgave innleveres 10.05. og 04.06. Muntlig eksamen i uke 23-25. Undervisning i ukene 2,3,4,5,7,8,9,11,12,16,17,18 og 20.
Første fremmøte: Tirsdag 06.01.04 kl. 1015 rom A3018
Morfologi Tirsdag 10:15 til 12:00 A 3018 SV-fak. og HUM-fak. bygget
Syntaks Fredag 09:15 til 11:00 A 3018 SV-fak. og HUM-fak. bygget
Hovedansvarlig F.aman. Gulbrand Alhaug
|
|