|
NOR-2022: Innføring i navnegransking. Spesialemne for utenlandske studenter Vekting 10 studiepoeng | Mål Ein skal setje seg inn i sentrale aspekt ved namnegranskinga, særleg personnamna (moteretningar og strukturelle trekk ved namna). Emnet gir ikkje kompetanse for å undervise i norsk skole. | Innhold Studiet gjev ei innføring i namnegransking. Det blir lagt særleg vekt på personnamn, m.a. moteretningar frå 1700 fram til i dag og strukturelle trekk ved dei ulike namnetypane. Nordnorske namn og namnemønster blir særskilt vektlagde.
Emnet er eit tilbod til utanlandske studentar (utvekslings- og gjestestudentar) som har norsk eller nordisk språk og litteratur som studiefag ved eit utanlandsk universitet. Studentar som tidlegare har tatt Norskfre7 / NOR-0100 Norsk for framandspråklege studentar, kan bruke emnet som eit påbyggingsstudium. | Undervisning Totalt 26 timar (13 dobbelttimar. Undervisninga skjer i form av forelesingar, seminar og øvingar. Dei undervisningsfrie periodane (veke 6, 10, 13-15, 19, 21 og 22) blir brukte til sjølvstudium og oppgåveskriving. | Vurdering Oppgave og en muntlig prøve
Studentane skal i slutten av semestret levere ei oppgåve Lengda på oppgåva er på om lag10-12 sider (el. rundt 24000 teikn). I tillegg blir studentane prøvde i ein munnleg eksamen i slutten av semestret. Den skriftlege oppgåva tel halvparten av karakteren, den munnlege eksamenen utgjer den andre halvparten. Det blir ikkje stilt krav om å kunne nytte både bokmål og nynorsk, og det blir også stilt mindre krav til praktisk språkdugleik enn for studentar som tar eit ordinært emne i nordisk språk eller litteratur.
Eksamensspråk: Norsk, dansk, svensk. | Eksamenssemester Vår |
Undervisning våren 2004 Første fremmøte: Onsdag 07.01.04 kl. 1015 rom A3012 | | Forelesning | Innlevering av semesteroppgave 14.05. Muntlig eksamen i uke 23-25. Undervisning i ukene 2-5,7-9,11-12,16-18 og 20.
Første fremmøte: Onsdag 07.01.04 kl. 1015 rom A3012
Onsdag 10:15 til 12:00 A 3012 SV-fak. og HUM-fak. bygget
Hovedansvarlig F.aman. Gulbrand Alhaug
|
|