|
HIS-3900: Mastergradsoppgave i historie Vekting 60 studiepoeng | Innhold Den andre delen består av arbeid med ei sjølvstendig mastergradsoppgåve basert på sjølvvalt eller tildelt emne (HIS 3010). Kvar student får ein rettleiar mot slutten av det første semesteret til fagleg støtte især i samband med førebuing og gjennomføring av arbeidet med mastergradsoppgåve. Arbeidet med oppgåva skal knyttast opp mot eit seminar som forutset aktiv og forpliktande studentdeltaking.
Denne delen av studiet (HIS 3010) blir i hovudsak gjennomført i tredje og fjerde semester, men førebuinga tar til alt mot slutten av første semester, i samarbeid med rettleiar, og mot slutten av andre semester skal studentane levere eit notat om mastergradsoppgåva med skisse av tema, problemstilling og disposisjon (ca. 10 sider, linjeavstand 1,5). | Vurdering Avhandling og muntlig
I form av mastergradsoppgåve der skriftleg sensur blir følgt av ein munnleg prøve mot slutten av fjerde semester. Den ferdige oppgåva skal vere på 70-100 sider (linjeavstand 1,5).
Innleveringsfristen for mastergradsoppgåva er 15. mai i vårsemestret og 20. november i haustsemestret.
Endeleg karakter blir fastsett for HIS 3010 etter munnleg prøving. | Eksamenssemester Vår | Hjemmeside http://uit.no/historie/1982/40
|
Undervisning våren 2004 Første gang: Blir kunngjort senere | | Forelesninger | Varighet: 1 semester |
|